Bloggkjendis ville ta betalt for bokomtale
Då bloggaren bak ein av dei mest lesne norske bloggane, Fotballfrue.no, kontakta eit forlag og bad om betaling for å omtale
og anbefale ei bok på bloggen sin, blei forlaget sjokkert. – Dersom bloggarar tek betalt for å snakke positivt om varer, utan
at det går fram at det er reklame, er lesaren den skadelidande, seier Ingunn Lindborg.
Ifølgje Forbrukarombodet er lova heilt klar: Dersom ein tek betalt eller får produkt, skal det gå fram at det er betalt reklame.
– Viss ikkje kan det vere i strid med marknadsføringslova og bli rekna som skjult reklame, seier Sara Holthe Jaklin.
Kjelde: E24
Unge jenter bloggar seg sjuke
En rekkje unge jenter bruker blogg til å fortelje om korleis dei trenar og et, men ekspertar åtvarar mot elendige helseråd
og sjølvskryt på nett.
– Det er kjempefarleg, eit stort risikoprosjekt. Jenter i 16–17-årsalderen får massevis av feilinformasjon frå nettet, meiner
professor Jorunn Sundgot-Borgen på Idrettshøgskolen. Ho er ein av Noregs fremste ekspertar på eteforstyrringar.
– Det kan føre til eit einsidig kosthald som gir mangelsjukdommar, og det kan føre til overtrening og belastningsskadar, seier
Sundgot-Borgen.
Kjelde: Dagbladet
14-åringar bør ikkje blogge
Emilie ”Voe” Nereng var 13 år då ho blei bloggkjendis i 2009. Etter tre år som bloggar fekk Voe nok av negative tilbakemeldingar
og la ned bloggen: ”Hallo, eg er jo berre ei heilt vanleg jente som blir lei meg når folk snakkar stygt om meg!” skreiv Voe
då ho slutta å blogge.
Alle som bloggar, kan forvente vondskapsfulle kommentarar tilbake. – For å vere heilt ærleg, synest eg ikkje 14-åringar bør
blogge, seier ein annan av toppbloggarane, Linnea Myhre.
Kjelde: Aftenposten
Russebloggar blei rådgivar over natta
Bloggaren Even Sandvold Roland fekk mykje merksemd då ein person i plateselskapet Warner Music kalla han ein drittungebloggar
på Twitter. Roland var irritert over at siste plata til favorittartisten hans ikkje kunne kjøpast via iTunes i Noreg, og hadde
skrive om det på bloggen sin. Dagen etter blei han invitert til en stor mediekonferanse for å fortelje om opplevinga. Så fekk
han sommarjobb som journalist i VG Nett, og året etter blei han tilsett i eitt av dei største kommunikasjonsbyråa i Noreg.
Kjelde: VG