Mange typar bloggar
Dei fleste bloggar har mest tekst, men dei kan òg ha bilete, videoar og lyd. Det finst mange ulike bloggar, til dømes blomsterbloggar, hestebloggar, fotballbloggar eller kjendisbloggar. Slike bloggar kallar vi temabloggar. Bloggar der ein stort sett skriv om seg sjølv og livet sitt, kallar vi personlege bloggar.
Digital mobbing like ille
I ei undersøking med 300 barn mellom 10 og 15 år meiner 80 % at stygge kommentarar er like ille eller verre når dei blir skrivne på Internett eller mobil, enn når dei blir avleverte ansikt til ansikt. Nesten 40 % synest det er vanskeleg å seie frå til nokon viss ein blir mobba.
Bilete på nett
Kvar gong du legg ut bilete av ein eller fleire personar på nett, må du først spørje om lov og få eit skikkeleg JA. Eit ja som er gitt éin gong, gjeld ikkje evig. Viss den som har gitt samtykke, seinare angrar, pliktar du å hjelpe til med å fjerne biletet.
ORDBOKA
Blogg = ei nettside der ein eller fleire personar legg ut tekst, bilete eller videoar om eitt eller fleire tema.
Samtykke = å seie seg samd i noko.
Brukarvilkår = kva reglar du må følgje, og kva rettar du og eigaren av ei nettside har.






