Du har krav på å vere i fred

BANG ! Du smeller att døra. Endeleg åleine. Ned i stolen. På med PC-en. Chatting med venner og surfing på nettet. I fred for masete foreldre og nysgjerrige småsysken. Og vil dei absolutt kome inn, får dei banke på først. På rommet ditt er det du som bestemmer.

Vi har alle noko vi ikkje ynskjer å dele med andre – ikkje fordi det er kriminelt eller noko vi er nøydde til å skjule, men rett og slett fordi det er privat. Difor er det du som i første rekkje skal bestemme kva folk skal få vite om deg, og kva for opplysningar du vil halde for deg sjølv.

Dine eigne val
Du bestemmer sjølv kva du vil dele, og kven du vil dele det med. Dei færraste vil høgt og tydeleg be om ein klamydiatest i skranken på legekontoret, med eit fullsett venterom som publikum. Få vil spreie nakenbilete av seg sjølve på MMS, og risikere at bileta fem sekund seinare har nådd både kjærasten, lærarar og foreldra. Ingen likar at andre snokar i dei private sakene deira, anten det er i nattbordskuffen eller på PC-en. 
Jente som snoker i andres data
 
Dine eigne grenser
Behovet for å ha eit rom for seg sjølv som andre respekterer og ikkje bryt seg inn i, varierer frå person til person. Ulike vennegjengar har òg ulikt syn på kva som er privat. Dessutan har oppfatninga av kva som er privat, endra seg. Det foreldra dine berre kunne gjere bak stengde dører, vil du kanskje ikkje nøle med å vise til alle.

Av og til har vi behov for å vere anonyme. Vi skal kunne kjenne oss trygge på at ingen andre får vite alt om oss eller ser alt vi held på med. Difor kan du gå til helsesyster utan at andre skal få vite kva de snakka om. Du skal òg kunne gå på do i fred utan å bli fanga opp av eit kamera.

Du har rett til å late att døra og sjølv bestemme kven du vil invitere inn.

Bestill klassesett