Overvakingskamera følgjer deg. Når du sit på bussen. Når du heng rundt på storsenteret. Når du leitar etter siste nytt i klesbutikken. Når du kjøper kebab i kiosken. Når du ruslar rundt i sentrum, og kanskje òg når du går inn døra til treningshallen. Utryggleik er ei viktig årsak til at stadig fleire stader tek i bruk overvaking.
Dei fleste sjåførar og passasjerar kjenner seg tryggare dersom dei veit at det er installert eit overvakingskamera i bussen. Det roar den som står åleine bak disken på bensinstasjonen seint på kvelden, at området er kameraovervakt.
Berre positivt?
Kameraovervaking kan gjere sitt til å førebyggje og oppklare kriminalitet, som hærverk, vald og tjuveri. Likevel er det viktig
å tenkje nøye over konsekvensane før det blir installert kameraovervaking, anten det er på bussen, på skulen eller i gågata.
Kva er føremålet med overvakinga? Gjer det situasjonen tryggare? Kan overvakinga få negative konsekvensar? Finst det andre
løysingar som gjev like mykje eller kanskje endå betre tryggleik?
Det finst ingen tal som viser at den generelle kriminaliteten går ned i takt med at ein monterer opp kamera. Derimot får valden ei anna form eller blir flytt til andre stader. Rusa eller psykisk sjuke personar bryr seg heller ikkje om at det er kamera på staden. Difor er det usemje om kame raovervaking generelt medverkar til eit tryggare samfunn. Det er òg vanskeleg å vite korleis vi som menneske blir påverka av å vere under overvaking.
Ikkje alltid til å lite på
Det hender at kameraovervakinga fører til misforståingar. Somme stader nyttar ein kamera til å oppdage uynskte personar som
blir viste bort, sjølv om dei ikkje har gjort noko gale. For å unngå misforståingar eller misbruk er det viktig at dei som
installerer slike kamera, veit korleis det skal gjerast, og at dei behandlar opptaka etter gjeldande lover og reglar. Og framleis
er det like viktig at du grip inn dersom du ser at nokon treng hjelp, også når det er kamera der.
Sjølv om eit kamera fangar opp hendingar, kan det ikkje hindre at saker og ting skjer.



