Til hovedinnhold
Målform

Klikk for å endre målgruppe

Lukk vindu
Personikon

LÆRARRETTLEIING - MELLOMTRINN

Sosial på nett

ikon med person og hengelås

90 prosent av 9–18-åringar bruker sosiale medium

Halvparten av norske niåringar bruker sosiale medium, og 65 prosent av alle tiåringar. Dei vanlegaste sosiale media blant 9–18-åringar er Snapchat (80 prosent), TikTok og Instagram (begge 65 prosent) og Facebook (51 prosent). Delane som bruker dei ulike sosiale media, aukar betydeleg med alder – først og fremst frå 13–14-årsalder.

Ni av ti i alderen 9–18 år bruker YouTube. Seks av ti 9–18-åringar som bruker sosiale medium, trykkjer liker på noko i sosiale medium kvar dag.

Tala er henta frå Medietilsynets "Barn og medier"-undersøking.

Ikon for ankermenypunkt med tekstlig innhold.

Kvifor undervise om å vere sosial på nett?

  • Elevar er frå ung alder i ferd med å gjere seg erfaringar på sosiale medium.
  • Elevar bruker mykje tid på sosiale medium.
  • Sosiale medium er plattformer for relasjonsbygging mellom elevar, og får dermed innverknad på skulemiljøet til elevane.
Ikon for ankermenypunkt med tekstlig innhold.

Læreplanverket og temaet sosial på nett

Temaet sosial på nett er relevant for fleire av elementa i læreplanverket. Du finn utfyllande informasjon om læreplanverket på udir.no. Læreplanvisninga har òg eit integrert planleggingsverktøy, som gjer det mogleg å hente element frå læreplanverket til planane dine. Ein dømeplan for temaet sosial på nett for mellomtrinn er tilgjengeleg utan innlogging. I planen får du ei oversikt over kjerneelement, tverrfaglege tema, grunnleggjande ferdigheiter og kompetansemål. Ønsker du å lage ein kopi av planen til bruk i planlegginga di, må du vere pålogga planleggingsverkøyet. Då vil du få tilgang til knappen "Kopier plan". Merk at dømeplanen ikkje nødvendigvis er uttømmande når det gjeld fag og element i læreplanane.

Ikon for ankermenypunkt med tekstlig innhold.

I undervisning

Progresjonen i arbeidet med dubestemmer.no er tenkt ved å følgje ei fast rekkjefølgje i temaa på elevsidene. Personvern er første tema. I lærarrettleiinga for personvern får du ein gjennomgang av strukturen til elevsidene.

Sjå strukturen i lærarrettleiinga for personvern.

Elevsidene inneheld ulike filmar, som er meinte å brukast som ein del av opplæringa. Du kan sjå filmane på elevsida. I denne lærarrettleiinga får du meir informasjon om filmane.

Mobiltelefonar med blitsen tent ligg i ein sirkel på golvet

Leirbål

"Kva er eigentleg problemet med å vere på sosiale medium før ein er 13 år?"

Slik startar denne filmen om aldersgrenser og bruk av sosiale medium. Du får òg gode tips til kva elevane kan tenkje på når dei vel å logge seg på sosiale medium.

Filmen varer i vel tre minutt.

Illustrasjon av gut med to sugerøyr opp i nasen

Korleis vil du bli sett?

Animasjonsfilm utan dialog som illustrerer spreiing på nett. Ein tullevideo som var morosam saman med kompisane, er kanskje mindre morosam for andre.

Filmen varer i eitt minutt.

Ikon for ankermenypunkt med tekstlig innhold.

Fordjup deg!

Det finst mange gode ressursar som du kan djupdykke i for å lære og forstå meir om det å vere sosial på nett. Her er nokre tips:

Medietilsynet.no

Medietilsynet har ansvar for å innhente kunnskap og rettleie om mediebruken til barn og unge. Barn og medier-undersøkinga inneheld mykje relevant informasjon for alle som jobbar med den digitale dømmekrafta til barn og unge. Sjå gjerne på desse ressursane:

Sosiale medium – open eller privat profil?

Norske barn og ungdommar gjer aktive val for kven dei deler innhald med i sosiale medium.

Det viser Medietilsynets Barn og medier-undersøking frå 2020. 9–18-åringane blir spurde om dei har opne eller private profilar på sosiale medium, om dei har både open og privat – eller om dei ikkje veit. Her er nokre funn:

  • YouTube er den plattforma der flest er usikre på om dei har open eller privat profil. 16 prosent svarer "veit ikkje".
  • Instagram er den plattforma der flest har både open og privat profil (15 prosent).
  • Snapchat er den plattforma der flest har berre privat profil (60 prosent).
  • Det er vanlegare for jenter enn gutar å operere med privat profil.

Sjå talgrunnlag og alt om Barn og medier-undersøkinga på medietilsynet.no.

INNHALD