Til hovedinnhold
Byt til bokmål

Bilete av barn

Rettleiing for foreldre og tilsette

    Tek de vare på personvernet og integriteten til barna?

    Det blir teke mange bilete av barn, både i barnehagen, på skulen og på fritida. Med det breie tilbodet av nettbaserte tenester har det aldri vore enklare å dele desse bileta med foreldre eller andre for å vise fram kvardagen til barna.

    Kor flinke er de til å verne om retten barna har til privatliv, og til å lytte til barna sine meiningar om bileta? Og kor medvitne er de på grunnen til at de tek bilete av barna og kva de gjer med desse bileta?

    Kjenn regelverket og vêr ein rollemodell

    Mange har kjent på ønsket om å ta bilete av barn – anten det er eigne eller andre sine barn som vi har ein relasjon til. Vi vil så gjerne både ta og dele bilete av barna i alle moglege samanhengar. Teknologien har bidrege til at dette er stadig enklare. Det fører likevel til at vi vaksne, i rolla som forelder, tilsett i skule eller barnehage, eller leiar for ein fritidsaktivitet, må tenkje oss ekstra godt om. Vi har alle eit medansvar for kva heilskapsinntrykk som blir skapt av barna på nett. Det er derfor oppgåva vår å stille oss sjølv fleire spørsmål før bileta både blir tekne eller delte – for å verne barna. Vi må forsikre oss om at det vi gjer med bileta, ikkje får negative konsekvensar for barna på sikt.

    Tilsette og barn i skule og barnehage tek bilete av kvarandre og interessante gjenstandar dei finn på turar og i ulike situasjonar i kvardagen, og foreldre knipsar i veg på sosiale tilstellingar som Lucia-feiringar og sommaravslutningar. Ved å ta bilete kan barn og tilsette saman dokumentere, og barn får eit verktøy til å formidle delar av kvardagen sin til familien og andre i omgivnadene sine. Det er likevel viktig å reflektere over denne praksisen og lage gode rammer og retningslinjer, så alle kan føle seg trygge på at det som blir gjort, er til det beste for barna.

    Ifølgje FNs barnekonvensjon har barn rett til å uttrykkje meiningane sine om korleis personvernet deira skal takast vare på. Sjølv om du som forelder eller tilsett tykkjer at eit bilete av barnet er fint, kan det hende at barnet er usamd. I ei verd der bilete blir produsert og delt som aldri før, er det vesentleg at barn lærer om kva rettar dei har knytt til bilete som blir tekne og delte av dei. Det handlar og om sjølvbiletet deira. Å styrkje barn si forståing av personvern og gi dei gode vanar allereie i tidleg alder, er eit viktig bidrag i arbeidet for eit godt psykososialt læringsmiljø i barnehage og skule. Eit barn som har kjennskap til rettane sine, kan lettare setje eigne grenser – og respektere andre sine. Ein fin måte å lære dette på er å sjå at vaksne er respektfulle i omgangen sin med bilete. Dette inneber òg at dei tek meiningane til barna på alvor.

    Dei yngste barna har ingen føresetnad for å forstå kva internett og deling i sosiale medium er. Derfor er det viktig at vi bruker enkle setningar og døme for å ta vare på integriteten deira best mogleg:

    "– Får eg ta eit bilete av deg?"
    "– Kan eg få vise fram dette biletet til vennene mine eller besteforeldra dine?"
    "– Kven tykkjer du det er greitt at eg viser biletet til?"

    Filmane og oppgåvene du finn her, er meint som grunnlag for å skape auka refleksjon og medvit om retten som barn har til privatliv og at personvernet deira blir teke vare på. Innhaldet kan brukast som utgangspunkt for å utvikle gode retningslinjer for kreativ og trygg bruk av bilete av barn i barnehagar og på skular.

    Reglar og etikk for deling av bilete av barn på nett

    Når du som jobbar med barn, skal dele bilete eller film, må du ta omsyn til både personopplysningslova og åndsverklova. I tillegg må du vurdere om det er riktig å dele dei aktuelle bileta. Sjølv om det kan vere lov, treng det ikkje nødvendigvis å vere lurt eller etisk riktig å gjere det likevel.

    Dei unge skal lære køyrereglar for kva som er greitt å dele om seg sjølv, men dei skal òg lære å respektere andre sine grenser knytt til biletdeling. Det er derfor viktig at barnehagar, skular, foreldre og andre er gode førebilete – særleg når det gjeld biletdeling – anten det er på ei nettside, ein blogg, i sosiale medium eller i meir lukka forum. Det er mange som ikkje tenkjer over at barn faktisk har rett til privatliv og at personvernet deira blir teke vare på.

    Alle foreldre, tilsette i skular, barnehagar og frivillige organisasjonar, og andre som handterer bilete av barn, bør lese og følgje Datatilsynets rettleiing "I beste meining" om deling av bilete av barn på nett. Rettleiinga inneheld god og oversiktlig informasjon om kva de må tenkje på viss de ønskjer å ta eller dele bilete av barn.

    Barn har rett til å bli høyrd

    FNs konvensjon om barns sine rettar(les på barneombudet.no) er en del av menneskerettsloven. FNs barnekonvensjon seier mellom anna:

    • Barn har rett til å seie si meining i alt som gjeld dei, og meiningane til barna skal telje (artikkel 12)
    • Barn skal ikkje utsetjast for ulovleg innblanding i privatlivet sitt, og dei skal vernast mot ulovlege inngrep i ære og omdømme (artikkel 16)

    I Noreg har vi vi òg ei barnelov (lovdata.no) som seier at barnet har rett til å bestemme meir jo eldre det blir.

    Dette betyr at barn skal takast på alvor, og at dei vaksne skal høyre på meininga til barnet, til dømes viss dei ønskjer å dele bilete av barnet. Barnets meining tel altså, sjølv om barnet ikkje er myndig. Før tilsette ved barnehagar og skular legg bilete av barna på ei nettside eller deler dei i Facebook-grupper, bør dei derfor alltid spørje barna også (om kvart einaste bilete), sjølv om dei allereie har fått samtykke frå foreldra. Dersom eit barn (uansett alder) gir uttrykk for at eit bilete ikkje skal delast, skal dette respekterast.

    Ifølgje FNs barnekonvensjon er det dei vaksne som har hovudansvaret for omsorga og utviklinga til barnet, i tråd med det som er best for barnet. Barnet skal vernast mot det som kan vere skadeleg. Det inneber at dei vaksne må vere klar over konsekvensane av å dokumentere og dele barndommen til barnet på nett.

    Etikk og dokumentasjon

    Det er viktig at personalet i barnehagen er klar over dei faglege og etiske perspektiva ved dokumentasjon, anten det gjeld fotografi og notat knytt til prosjekt eller andre observasjons- og dokumentasjonsmetodar. Med kva rett dokumenterer barnehagen livet til barna? Kva er formålet, kva bidreg det til – og for kven?

    Les meir i Utdanningsdirektoratet sin rettleiar "Pedagogisk dokumentasjon for barnehagen".

    Interne rutinar

    Her er nokre diskusjonsoppgåver som kan brukast i møte med tilsette i skular og barnehagar for å få på plass gode interne rutinar og haldningar:

    • Kva gjer verksemda for å halde kontroll over kven som får tilgang til bileta av barna?
    • Kven bestemmer kva bilete som skal brukast internt eller delast på nett?
    • Er bileta til barnehagen pedagogisk dokumentasjon eller informasjon?
    • Kva fortel bileta?
    • Kva er formålet med bileta?
    • Har verksemda eigne retningslinjer for å ta vare på personvernet til barna?
    • Kor godt kjenner du/de til innhaldet i samtykkeerklæringa som foreldra har signert?
    • Kva tykkjer du/de ei god samtykkeerklæring bør innehalde?
    • Viss foreldre seier at bilete av barna deira ikkje kan delast, korleis handterer de det?
    • Har de reglar for føresette som tek og deler bilete frå situasjonar og arrangement i regi av verksemda?
    • Har de sjølv opplevd å få bilete delt på nett utan å ha blitt spurde først? Korleis opplevde de det?
    • Korleis vurderer de bileta av barna før dei blir delte (når dei blir hengde opp på veggen, og når dei blir delte via nett (anten på opne eller lukka nettsider eller grupper))?
    • Kva for nokre ulike plattformer eller nettstader deler de bilete på?
    • Spør de alltid barna om det er greitt for dei at bilete av dei blir delte – for kvart enkelt bilete dei er på?
    • Kan dei tilsette bruke private verktøy til å ta bilete av eller filme barna?
    • Kva gjer barnehagen for å minimere sjansen for at bilete som blir delte, blir misbrukte?
    • Kva gjer de dersom barn eller vaksne ber dykk om å fjerne bilete av dei? Respekterer de ønska slik de har plikt til?

    Involvering av barna

    Her er nokre diskusjonsoppgåver som kan brukast i møte med tilsette for å skape forståing for involvering av barna og varetaking av integriteten deira:

    • Korleis opplever barna sjølve å bli tekne bilete av?
    • Når eit barn seier at det ikkje vil bli teke bilete av, korleis handlar du som voksen då?
    • Kva betyr det at barn har rett til å seie meininga si og bli høyrt når det blir teke bilete?
    • Kva betyr det at barn har rett til eit privatliv?
    • Korleis kan barnehagen/skulen ta vare på rettane barnet har etter barnekonvensjonen?
    • Kva og kor mykje kan tilsette dele om barna før det går ut over barnas beste og integriteten deira? Har føresette rett til å vite alt som skjer i barnehagen eller på skulen – heile tida?
    • Kva bilete liker barna at personalet tek av dei? Liker alle barna dei same bileta? Kvifor / kvifor ikkje trur de?
    • Kva bilete liker personalet å ta?
    • Korleis kan de ta omsyn til alle sine synspunkt i tillegg til ønskjer frå foreldra?

    For de foresatte

    Her er nokre diskusjonsoppgåver som kan brukast på foreldremøte og liknande:

    • Hender det at de som føresette tek bilete av dykkar eigne barn saman med andre sine barn i barnehagen, på skulen eller i andre samanhengar?
    • Kva situasjonar tek de bilete av?
    • Kva bilete deler de med andre – anten ope på nett eller via lukka kanalar og grupper?
    • Kva er haldninga dykkar til at andre tek/deler bilete av barna dykkar?
    • I kva situasjonar er det greitt at andre tek/deler bilete av barna dykkar?
    • Har de opplevd at nokon har delt bilete av barna dykkar utan å be om lov først? Korleis opplevde de i så fall dette?
    • Har de nokon gong delt bilete av andre sine barn utan å be om samtykke – anten ope eller i lukka grupper? Fekk de ein reaksjon?
    • Kva bilete meiner de det er greitt at barnehagen/skulen tek og i kva samanhengar? Er det nokon situasjonar eller samanhengar der de ikkje ønskjer at barnehagen skal ta bilete?
    • Kva gjer de dersom det er delt bilete av barna dykkar som de ikkje er fornøgde med? Korleis ønskjer de at tilsette skal reagere når de tek opp saka med dei?

    DET ER DU SOM BESTEMMER

    Spørsmålsforslag til barna:

    Kva liker du å ta bilete av? Liker du at andre tek bilete av deg? Er det greitt å ta bilete av nokon som ikkje vil bli teke bilete av? Liker du at dei tilsette i barnehagen eller mamma og pappa viser bilete av deg til bestemor, bestefar eller nokon andre? Er det nokre gonger du ikkje liker at dei viser fram bilete av deg? Kvifor / kvifor ikkje?

    (Denne filmen er laga av Snöball Film.)

    LUCIAFEIRING

    Spørsmål til tilsette i barnehagar eller på skular:

    Er situasjonane i filmen gjenkjennelege? I kva samanhengar tek tilsette bilete av barn der du jobbar? Kva tykkjer de kjenneteiknar eit godt bilete når det blir teke i skule- eller barnehagesamanheng? Kva tykkjer de kjenneteiknar eit dårleg bilete? Kva bilete deler de, og kvar blir dei delte (blir dei hengte opp i garderoben, delt på nett, i sosiale kanalar, i nyheitsbrev eller liknande)?

    (Denne filmen er laga av Snöball Film.)

    DU HAR LOV TIL Å SEIE NEI

    Det er gøy med bilete av venner og andre du kjenner, men veit du at du har lov til å seie nei til å bli teke bilete av?

    (Denne musikkvideoen er laga av Snöball Film. Målgruppa er litt eldre barn.)