Filmoversikt
Leirbål
Samtalen rundt leirbålet gir elevane nyttige råd om kva dei bør tenkje på når dei er sosiale på nett.
Kva er personvern?
Ein film om kva for rettigheiter vi har og kva for personvernval vi kan ta. Filmen tar opp ulike spørsmål: Kva for konsekvenar får det når vi deler informasjon på nett? Kva bestemmer foreldra dine, og kva bestemmer du?
Møtet
Vegard og Preben chattar. Chatten handlar i utgangspunktet om eit dataspel, og vi forstår at dei aldri har møtt kvarandre i verkelegheita. Preben lukkast med å avtale eit fysisk møte med Vegard, men Preben er ikkje den Vegard trur.
Eg veit kva du gjorde...
Tom blir lurt av ein svindel-epost. Han forsøker å finne vegen ut av problema på eigehand.
Trollus netticus
Filmen handlar om samanhengen mellom ytringsfridom og ytringsansvar. Vi får sjå karikerte utgåver av ulike typer nettroll og kjenneteikna deira.
Nico og Thea
Nico og Thea er kjærestar. Når forholdet tar slutt, bruker Nico private bilete han har tatt av Thea for å truge henne.
Det er DU som bestemmer
Musikkvideo for barn i barnehagen. Den handlar om korleis barn og vaksne skal spørre om lov når dei vil ta bilete av kvarandre.
Du har lov til å seie nei
Musikkvideo for barn og ungdom om retten til å bestemme over bilete av deg sjølve.
Du har lov å seie nei (karaokeversjon)
Musikkvideo for barn og ungdom om retten til å bestemme over bilete av deg sjølve. Syng gjerne med - dette er karaokeversjonen!
Digitale spor og digital dømekraft
Filmen handlar om korleis informasjon om deg kan vere av interesse for andre, og forklarar omgrep som digital dømekraft og personvern.
Kva skjedde med Maria?
Maria er 16 år og drar på fest med ei venninne. Ho filmar seg sjølve, og filmen blir til slutt spreidd til alle rundt ho. Gjennom filmen blir det diskurtert kven som har skyld når noko delast vidare.
Luciafeiring
Film for foreldre og tilsette i barnehage om korleis dei skal respektere barna sitt personvern når det gjeld å ta og dele bilete.
Ingenting å skjule
Tre ungdommar diskuterer filming av ein framand og intetanande person. Samtalen handlar om kva som er greit å dele, og kvifor det er viktig å vere medviten på eige og andre sitt personvern.
Var det DU som sende den dritkjipe meldinga?
Animasjonsfilm om ein gut som deler eit ufordelaktig bilete av ein klassekamerat. Det viser seg at det ikkje er så enkelt å trekke tilbake digitale spor.
Skreiv DU stil om den hesten der?
Animasjonsfilm (utan tale) ogm ein skoleoppgåve med temaet "hest". Hovudpersonen leiter etter informasjon på nettet, men det er tydeleg at ikkje alle treffa er det dei først ser ut som.
Korleis vil DU bli sett?
Animasjonsfilm (utan tale) som illustrerer spreiing på nett. Ein tullevideo som var morosam saman med kompisane, er kanskje mindre morosam for andre.
Konferansetimen
Håvard er på konferansetime saman med foreldra sine. Læraren har søkt litt på nettet og legg fram ulike bilete og meldingar som stiller Håvard i eit dårleg lys. (Filmen er gammel, men temaet er aktuelt)