Kva skal du gjere?
Mange tenester og nettstedar viser deg ulike valgmoglegheiter, spesielt for informasjonskapslar. Ofte blir informasjonskapslane kategorisert, for eksempel på denne måten:
- nødvendige
- preferansar for funksjonalitet
- statistikk/webanalyse
- marknadsføring
Nødvendige informasjonskapslar kan du ikkje velje bort. Ofte får du separate val for å avslå eller godta informasjonskapslane for dei ulike kategoriane. I nokre løysingar får du også val som "avslå alle" eller "godta alle".
Dei færraste er motiverte for å setje seg inn i kva desse vala inneber. Å bli kvitt spørsmålsboksen så fort som mogleg er ofte målet for brukaren. Om du ønsker å avvise mest mogleg utan å kaste bort dyrebar tid, må du ofte likevel spandere eit ekstra klikk eller to.
Kva kan du bestemme?
Du kan gjøre personvernvennlege val på din eigen telefon, på datamaskinen og i programvare som du ofte bruker. Leverandørar av operativsystemer, appar og programvare gjør stadig endringar i korleis dei presenterer personvernval for sine brukare. Både design og innhald endrar seg etter kvart som bruken av personvernregelverket endrar seg. Teknologisk utvikling har også mykje å seie for korleis brukarane blir presentert for eigne val.
Du har heilt sikkert hørt følgjande "tommelfingerregel":
"Om tenesta er gratis, betaler du med personopplysningar."
Kommersielle verksemder som leverer ei teneste utan brukerbetaling, må nødvendigvis tene pengar på anna vis. Markedsføring og annonsering er derfor til stades i mange av dei tenestene som alle nettbrukarar møter. Og jo meir tenestene veit om deg, jo meir skreddarsydd blir reklamen du får.
Samstundes finst det eksempler på at brukerbetaling ikkje nødvendigvis gir deg full kontroll over personopplysningane dine. I 2023 gjorde Meta, selskapet bak tenester som Facebook og Instagram, eit grep som har møtt kritikk frå blant anna det norske Forbrukerrådet. For å imøtekomme europeiske lovkrav til personvern, oppretta dei ein betalingsmodell som skulle sikre brukarane mot kommersiell bruk av personopplysningar. I klagen, som 19 europeiske forbrukarorganisasjonar stiller seg bak, er det eit viktig poeng at Meta "villeder brukerne ved å presentere dette som et valg mellom et gratis- og et betalingsalternativ, når det i flere rettsinstanser er fastslått at brukerne uansett betaler med sine personopplysninger. Mange antar trolig også at de betaler for et alternativ uten sporing og profilering, noe som ikke er tilfellet."
Les meir om Forbrukerrådets klage på forbrukerradet.no.
Det er fristande å konkludere med at slaget er tapt for personvernet i møte med tech-gigantane. For alle som skal drive med opplæring om personvern, er det likevel mest fruktbart å forsøke å auke bevisstheita om personvernspørsmål. Kva for nokre grep kan kvar og ein av oss ta, sjølv med begrensa innsikt i personvernjungelens juss og teknologi?