Til hovedinnhold
Målform

Klikk for å endre målgruppe

Lukk vindu

PERSONVERN

Pass på opplysningane dine

INTROARTIKKEL

Personvern

Vi har alle noko vi ikkje ønskjer å dele med andre – ikkje fordi det er ulovleg eller noko vi må skjule, men rett og slett fordi det er privat. Personvern betyr at du har rett til privatliv – nokre gonger også frå foreldra dine.

Jente med mobil

Når du blir født, er det dei føresette som bestemmer over deg og opplysningane om deg, og korleis desse opplysningane kan brukast. Men du skal få vere med å bestemme kva for nokre opplysningar om deg sjølv du ønskjer å dele – og med kven – i større og større grad ettersom du blir eldre.

Personvern betyr altså at du skal kunne bestemme over opplysningar om deg sjølv. Du skal kunne bestemme kva opplysningar om deg du vil dele – og med kven – i større og større grad etter kvart som du blir eldre. FNs barnekonvensjon er ein avtale mellom nesten alle land i verda om rettane til barn. Han seier at alle barn har rett til privatliv. Jo eldre du er, dess meir skal meiningane dine telje.

Arkiv på nett

Viss du har lyst til å dele bilete av vennene dine eller skrive noko om dei i sosiale medium eller liknande, må du spørje dei først. Viss du har eit bilete av ein venn på mobilen og har lyst til å sende det til andre, må du òg spørje først. For sjølv om du synest biletet er morosamt og heilt uskuldig, er det ikkje sikkert at han eller ho det gjeld, er samd. Og vennene dine har òg rett på til eit personvern.

Viss du er med i eit idrettslag eller ei teatergruppe, kan det hende dei har delt bilete av deg på nettsida si eller på sosiale medium. Kanskje har du til og med blitt intervjua av ei avis, og artikkelen er delt på nett. Enkelte skular legg òg ut bilete på nettsida si eller i nyheitsbrev til alle foreldra. Og kanskje har du ein blogg eller liknande? Det er viktig å vere klar over at det som er delt på nett, kan lastast ned av andre og bli lagra ulike stader.

Viss nokon søkjer på namnet ditt på Google eller liknande, kan dei ut frå alle treffa danne seg eit bilete av korleis du er som person. På ein måte kan ein seie at alle menneske etter kvart får sitt eige opne arkiv på nett. Det er tilgjengeleg for alle. Har du tenkt over det?

Greit å sjekke?

Nokre barn opplever at vaksne sjekkar logg eller historikk på pc-en barna bruker, for å sjå kva sider dei har vore inne på. Nokon ber òg om å få sjå på mobilen for å lese meldingar som barna har sendt og motteke. Mange foreldre seier dei gjer det for å verne barna mot å oppleve ting som kan vere ubehagelege. Andre synest ikkje det er riktig å sjekke verken pc-en eller mobilen til barna sine.

Av og til kan det vere fint at foreldra passar litt på. Dei har jo ansvar for at du skal ha det bra. Nokre gonger har dei fleste likevel behov for privatliv og for å kunne skrive til ein ven om korleis vi har det, uten at nokon sjekkar det vi skriv. Dessutan, venene dine har òg rett til personvern, og viss foreldra dine les meldingane frå venene dine, meldingar som dei stolar på at berre du skulle lese, er det då greitt?

Visste du at..?

Dei fleste skular har reglar for bruk av skulen sitt utstyr og bruk av mobil i skuletida. Mange familiar har òg slike reglar, til dømes om kva nettsider eller appar som er greitt å bruke, eller kva spel barna får lov til å spele. Ofte kan slike reglar gi tryggleik. Det er derfor viktig at alle i familien snakkar saman og blir samde om kva reglar som gjeld, og kva nettstader og appar barna får lov til å bruke. Ved å ha gode reglar alle er samde i, vil alle kunne kjenne seg tryggare – samtidig som personvernet blir teke vare på. Det er betre å vere samde om nokre reglar enn at foreldra skal sjekke kva barna har gjort heile tida.

Personvern er rett til privatliv. Du bør seie ifrå til nokon viss du ikkje synest det blir respektert.

Skjul

FAKTA

Kva er ei personopplysning?

Ei personopplysning er ei opplysning som kan knytast til ein enkeltperson.

Det betyr at til dømes namnet, adressa, telefonnummeret, e-postadressa og fødselsnummeret ditt er personopplysningar. Eit bilete der du kan kjennast igjen, er òg ei personopplysning.

Desse opplysningane er dine. Viss nokon vil gjere noko med personopplysningane dine, må dei få løyve til det frå foreldra dine. I mange samanhengar bør du òg få seie meininga di – særleg viss det gjeld å dele bilete av deg.

Kva betyr samtykke?

Viss nokon vil bruke bilete eller andre opplysningar om deg, må dei spørje om lov først. Dei må få det som kallast eit samtykke frå han eller ho det gjeld. Fram til du fyller 13 år, har foreldra dine ansvaret for å ta slike avgjerder for deg. I nokre samanhengar er det dei som bestemmer seinare òg.

Viss det handlar om at noko skal delast på nett, til dømes på nettsida til skulen, i samband med fritidsaktiviteten din eller på sosiale medium-kontoane til foreldra dine, bør du alltid få vere med å seie om du er samd eller ikkje. Og då er det greitt å vite at når du eller foreldra dine har sagt ja, kan de angre dykk seinare. Sjølv om de har sagt ja til deling av bilete éin dag, kan de trekkje det tilbake seinare.

Du har rett til å bli høyrd

FN har ei lov om rettane til barn (FNs barnekonvensjon) som mellom anna seier:

  • Barn har rett til å seie meiningane sine om alt som gjeld dei. Meiningane til barna skal telje.
  • Barn skal ikkje utsetjast for ulovleg innblanding i privatliva sine. Dei skal vernast mot ulovlege angrep på æra si og omdømmet sitt.

I Noreg har vi òg ei barnelov som seier at barnet har rett til å bestemme stadig meir jo eldre det blir.

Dette betyr at barn skal bli teke på alvor, og at foreldra skal høyre på meiningane deira, til dømes når nokon ønskjer å dele bilete av barn med andre, slik som i sosiale medium. Di meining tel altså, sjølv om du ikkje er vaksen.

FNs barnekonvensjon seier òg at dei føresette har hovudansvar for omsorga og utviklinga til barnet, etter kva som er best for barnet. Foreldra dine skal altså verne deg viss dei meiner noko er skadeleg for deg. Viss dei har mistanke om at du gjer noko på nettet som er skadeleg eller farleg for deg sjølv eller andre, kan dei derfor setje grenser for kva du får lov til å gjere der.

Du kan lese om rettane dine i barnekonvensjonen på barneombudet.no

Pass på opplysningane dine

Mobiltelefonar, nettbrett og pc-ar inneheld mykje privat informasjon både om deg og vennene dine. Dersom nokon får tak i opplysningar om deg, kan dei bruke dei på negative måtar. Det er derfor viktig at du passar på opplysningane så godt du kan.

Tips til sikring av mobilen din:

  • Ha lås på skjermen (passord, mønster, PIN-kode eller liknande).
  • Spør ein vaksen før du lastar ned nye appar. Dei kan hjelpe deg å sjekke om det er ein trygg app.
  • Slå alltid på skjermlåsen før du legg frå deg telefonen.
  • Ikkje bruk det same passordet overalt, men lag deg ei liste ein stad, der du skriv ned passorda dine eller lar ein vaksen du stoler på, passe på dei for deg.

Som ei opa dagbok

Når du surfar på nett, blir det lagra informasjon om kva nettsider du har besøkt, kva du har lasta ned, og kva passord du har lagra. Det er då mogleg for andre å sjå kva nettsider du har besøkt. Viss de er fleire som bruker same pc, og du ikkje slettar logg og historikk, kan dei andre snoke i nettbesøka dine og sjå kva nettsider du har vore på. På nettvett.no kan du lese om korleis du kan slette slike spor i dei ulike nettlesarane.

Ulike appar har ulike innstillingar for kva informasjon du deler med andre. Nokre appar ønskjer til dømes å lagre informasjon om kvar bilete er tekne (det kallast posisjonsdata). Det kan vere morosamt å sjå alle stadene du har vore på og teke bilete, men denne informasjonen kan òg vere synleg for andre. Det er derfor lurt å få hjelp av ein vaksen til å sjå på innstillingane for appen, og å slå av posisjonen din.

Det er viktig å ha litt kunnskap om kva som blir lagra, og kva ulike appar vil ha tilgang til, slik at du veit kvar du legg igjen spor.

1 2 3 4

Deling av posisjon

I mange appar kan du dele informasjon om kvar du er eller kvar du var då du tok eller delte bilete. I nokre appar kan du til og med sjå kart som viser kvar vennene dine er akkurat no. Men kanskje er du ikkje klar over at appen har slik sporing, og at denne informasjonen kan vere synleg for andre. Kanskje er det òg enkelte dagar eller i nokre situasjonar du ikkje vil at vennene dine skal vite kvar du er?

Det er derfor viktig å tenkje gjennom om du verkeleg vil dele posisjonen din eller ikkje, og at du veit korleis du eventuelt kan slå av denne funksjonen. Det handlar om å ta ei bevisst val, og berre dele slik informasjon med dei du ønskjer, og når du ønskjer det. Det kan òg vere lurt å få hjelp av ein vaksen til å sjå gjennom kva for nokre innstillingar du har på mobilen og appane dine.

HISTORIER FRÅ VERKELEGHEITA

Sjekkar mobilen til barna utan samtykke

Kjelde: VG

Ei undersøking frå 2020 viser at over halvparten av norske foreldre (52 prosent) går inn på mobilen til eigne barn og kontrollerer bruken – utan at barna er klar over det.

– Det å sjekke og overvake, er eg ganske skeptisk til, seier kunnskapsminister Guri Melby (V). – Barn har rett til privatliv. Det kan ikkje foreldre ta frå dei. Eg trur det er viktig at vi aksepterer at dei unge har sitt eige liv. Derfor er det viktig at foreldre snakkar med eigne barn og unge om denne tematikken.

Ho tilrår heller foreldre å spørje barna og få i gang samtalar, enn å snoke.

Les heile saka på vg.no

62 %

I ei undersøking frå Røde Kors og Telenor svarer 6 av 10 barn (62 prosent) at det ikkje er greitt at foreldre snokar på mobilane deira.

Opplysningar til sals

Kjelde: NRK Super

Informasjon om Facebook-brukarar i USA blei brukt til å påverke valet då Trump blei vald.

Når du gir frå deg personopplysningar, slik som namn, telefonnummer, e-postadresse og bilete, til sosiale medium (slik som Instagram, Snapchat, TikTok), er det altså ikkje så privat som du kanskje trur.

NRK Super har laga eit innslag der dei forklarer kvifor det er viktig at du vernar opplysningane dine viss du bruker sosiale medium, og korleis du kan gjere det.

1

FILMAR

Kva er personvern?

 

Personvern er ein grunnleggjande rett. I denne filmen får du ein introduksjon til kva personvern er, og kvifor det er viktig å ta vare på sitt eige og andre sitt personvern.

(Filmen er laga av Snöball Film.)

Du har lov å seie nei - musikkvideo

 

Det er gøy med bilete av venner og alle andre som du kjenner. Men veit du at du har lov til å seie nei?

(Musikkvideoen er laga av Snøball Film.)

1 2

DISKUSJONSOPPGÅVER

1

Barn og vaksne, privatpersonar og kjendisar har alle rett til at personvernet deira blir teke vare på.

  • Kvifor er personvern ein viktig rett?
  • Er det nokon stader eller situasjonar der vi har større behov for eller rett til å vere i fred? Kva for nokre? Er det ulike grenser for kva de ser på som privat i klassen?
  • Søk på namnet til fire kjendisar. Finn de bilete eller informasjon der som de synest ikkje burde vore lagt ut? Fekk de mange treff på kvar av dei? Trur de at kjendisane sjølv har lagt ut eller godkjent all informasjonen og alle bileta?
2

Gå saman i grupper, og diskuter kva de synest det er greitt og ikkje greitt å ta bilete og film av (ulike ting og personar, men òg ulike situasjonar).

  • Er de samde om kvar grensene bør gå?
  • Lag reglar for kva de kan ta bilete og film av, og i kva samanhengar ein skal spørje før ein tek bilete.
  • Lag òg reglar for kva det er greitt å bruke desse bileta og filmane til. Er det til dømes greitt å hengje dei opp i klasserommet, sende til venner, dele i grupper på sosiale medium eller dele ope på ein blogg, eller er det forskjellar på kvar innhaldet kan delast?
  • Kjem gruppene fram til ulike reglar?
3

Nokre foreldre deler bilete av barna sine på Facebook, Instagram, Snapchat og liknande, eller dei deler bileta på eigne bloggar.

  • Er det greitt? Kvifor/kvifor ikkje?
  • Bør barna bli spurde først? Og kor gamle synest de barna bør vere før dei kan få seie meininga si om slik deling?
  • Er det greitt å leggje ut bilete av ein som er så ung at han eller ho ikkje kan bestemme sjølv? Kva tenkjer de i tilfelle kan vere problematisk eller dumt?
  • Er det forskjell på kva bilete de meiner foreldra dykkar kan dele? Er det til dømes nokon typar bilete de synest er for private?
  • Tenkjer de det er nokon forskjell på om foreldre deler bileta på Instagram eller Snapchat, eller om dei sender bilete berre til den næraste familien
  • Veit de kor mange som ser bileta foreldra dykkar deler?
  • Har de ulike grenser for kva de synest er greitt og ikkje greitt når det gjeld dette?
  • Lag reglar for korleis de ønskjer at foreldra dykkar skal behandle dykk når dei tek og deler bilete. Kanskje de kan hengje dei opp i klasserommet, og be foreldra diskutere dei på neste foreldremøte?
4

Nokre elevar bruker GPS-klokke, slik at foreldra deira alltid kan vite kvar dei er.

  • Kva synest de om det?
  • Synest de det er greitt om foreldra dykkar alltid veit akkurat kvar de er? Kvifor/kvifor ikkje?
  • Er det nokre tilfelle der de tenkjer at det kunne vore greitt at ikkje foreldra veit akkurat kvar de er?
  • Og er det tilfelle der de tenkjer at det kunne vore greitt å bli spora?
1 2 3 4

EIGENOPPGÅVER

1

Personvern er ein rett det er viktig å ta vare på.

  • Fortel du alt du meiner og synest til alle du kjenner, eller er det nokon du fortel meir til enn andre?
  • Kva fortel du til kven, og kvifor fortel du kanskje meir til nokon enn til andre?
  • Trur du at du og dei andre i klassen har ulike grenser for kva de deler med andre? Kva er i så fall forskjellane, og kvifor trur du det er slik?
  • I kva samanhengar tenkjer du det er ekstra viktig at personvernet blir teke vare på, og kva opplysningar synest du det er ekstra viktig å halde heilt for deg sjølv?
2

Det har blitt veldig lett å dele bilete via meldingar eller appar på mobilen.

  • Har du opplevd at nokon har delt bilete av deg eller vist dei fram til nokon andre? Syntest du i så fall det var greitt? Kvifor/kvifor ikkje? Blei du spurd først?
  • Har du nokon gong opplevd at nokon har teke bilete av deg som du synest var ubehagelege, og at du blei redd for at dei skulle vise dei til andre? Kva var det som gjorde at du synest det var ubehageleg?
  • Kan du tenkje deg tilfelle som gjer at nokon ikkje ønskjer eller ikkje bør få delt bilete eller andre opplysningar om seg sjølv?
3

Det er lurt å sjekke av og til om det ligg bilete eller informasjon om deg søkbart på nett. Kanskje har nokon delt noko om deg som du ikkje er klar over.

  • Søk på ditt eige namn på Google. Tips: Skriv namnet ditt i hermeteikn (døme: "Erna Solberg"). Fann du noko?
  • Blei du overraska over noko av det du fann?
  • Er det du eller nokon andre som har delt informasjonen? Spurde dei deg i så fall om lov først?
  • Kva kan du gjere for å få det vekk dersom du ikkje vil at det skal liggje der, trur du?
4

Nokon meiner at foreldre har rett til å vite om alt barna deira gjer, mens andre meiner barna har rett til privatliv.

  • Har de reglar heime for korleis du kan bruke mobilen og pc-en?
  • Fekk du i så fall vere med på å bestemme reglane, og er du samd i dei reglane som gjeld for deg?
  • Har foreldra dine rett til å vite alt du gjer – kven du er saman med, kva de snakkar om, og kva de gjer når de er saman?
  • Er det nokon forskjell på kva dei vaksne bør få vite om kva barna deira gjer på sosiale medium og elles i livet?
  • Kva trur du er grunnen til at enkelte foreldre sjekkar loggen på pc-en og meldingane på mobilen til barna? Bør dei ha lov til dette? Kvifor/kvifor ikkje?
1 2 3 4

MEIR INFORMASJON

Vil du vite meir?

Barneombodet passar på at rettane til barn og unge blir respekterte. Barneombudet skal spesielt følgje med på at interessene til barn blir varetekne, og at Noreg overheld FNs barnekonvensjon. På barneombudet.no kan du mellom anna lese meir om rettane dine og få tips til kva du kan gjere dersom du meiner at du treng hjelp.

Andre tema her på Dubestemmer.no

Sosial på nett: Når du bruker mobilen, er på nett eller har appar der du kan dele bilete og anna, har du òg ansvar for det du deler – både om deg sjølv og andre.

Uønskte hendingar: Nokre gonger går det gale. Veit du kva du skal gjere eller kven du skal snakke med då?

Kjeldekritikk: Når du les nyheiter, skal finne informasjon til skuleoppgåver, går inn på saker kjende og ukjende deler i sosiale medium, eller du ser reklame for noko du har lyst på, er det viktig å kunne skilje mellom det som er falskt, og det som er ekte. Korleis gjer du det?

INNHALD