Til hovedinnhold
Byt til bokmål
Byt til ungdomsskule / vgs
Byt til bokmål

Kan du stole på det du les?

KJELDEKRITIKK

    Kjeldekritikk

    Når du ser nyheiter på TV, høyrer på radio eller les noko i avisa, reknar du sikkert med at det som blir sagt eller skrive, er sant. Viss du søkjer etter informasjon på nett eller les kva som blir skrive på bloggar eller sosiale medium, reknar du kanskje òg med at du kan stole på det du les. Men slik er det ikkje alltid.

    Alle aviser og TV-kanalar har ansvar for at det dei trykkjer og sender, er riktig, og det er ofte ein redaktør som er ansvarleg for dette. Viss dei bevisst fortel noko dei veit er feil, kan dei bli straffa. Rundt omkring på nett er det annleis, fordi alle kan lage nettsider som verkar seriøse, eller dele informasjon og meiningar om alt mellom himmel og jord.

    På ulike nettsamfunn eller på diskusjonsforum og kommentarfelt blir det spreidd påstandar som kan vere heilt feil, men utan at dei som skriv det, forstår at det er gale, sidan dei ikkje har sjekka om påstandane stemmer. Sjølv om dei som skriv, er kjende eller nettstaden ser veldig seriøs ut, betyr ikkje det nødvendigvis at innhaldet er sant.

    Pålitelege kjelder

    Du har kanskje søkt på nett for å finne hjelp til skulearbeidet. Kanskje fekk du opp hundrevis eller tusenvis av treff på søkjeordet du brukte. Då er det ikkje lett å vite kva sider du skal gå inn på for å finne best og mest riktig informasjon. Nokre spørsmål du bør tenkje gjennom, er derfor: Kven er det som har skrive det du les? Når blei informasjonen publisert? Kan det vere gamle opplysningar som ikkje lenger er riktige?

    På nettstaden Wikipedia kan til dømes alle som vil, leggje inn faktakunnskapar. Wikipedia er eit slags nettleksikon der du kan finne informasjon om alle moglege tema. Men sidan alle kan leggje ut informasjon der, veit du ikkje kvifor dei har gjort det, eller om det som står der, eigentleg er heilt riktig. Du bør derfor sjekke lenkjene som er der, for å vere litt meir sikker på at det du les, er riktig. Ver kritisk til det du les.

    Kven eig informasjonen?

    Nettet er supert for å finne og dele bilete, musikk og informasjon. Men det er ikkje alt du kan bruke fritt. Det er ikkje lov å laste ned eller bruke musikk, bilete eller film utan at det er godkjent av personen som har laga innhaldet. Når du bruker ein tekst eller eit bilete du finn på nettet, må du derfor opplyse om kvar innhaldet er henta frå.

    Men det gjeld òg deg og det du lagar. Viss du har ein YouTube-kanal eller ein blogg der du deler filmar og tekst som du har produsert sjølv, må andre spørje deg dersom dei vil bruke noko av innhaldet ditt.

    Lure knep

    Reklamen er rundt oss på alle kantar – og finst i mange former. Ofte er han klar og tydeleg, som til dømes reklame for iskrem utanfor ein butikk, eit stort banner på ei nettside eller annonsar på starten av eit YouTube-klipp. Då er det som regel lett å sjå at det er reklame. Men av og til kan reklamen vere så skjult at han ser ut som ein informasjonstekst med viktig informasjon. Då må du sjå nøye etter for å forstå at det eigentleg er reklame.

    Gratisprogram du kan bruke til å spele, teikne eller gjere noko anna morosamt, kan av og til innehalde spionprogram eller virus som kan skade pc-en eller mobilen din. På den måten kan dei få tilgang til personleg informasjon som er lagra om deg og kontaktane dine. Slike program kan det vere vanskeleg å oppdage.

    Visste du at...?

    Mange spel eller nettstader tener pengar på å freiste med ulike tilbod på ting dei vil selje deg. Nokre spel prøver til dømes å få deg til å betale for ein kulare utsjånad, betre våpen eller utstyr eller raskare framgang. Kanskje har du eller nokon av vennene dine vore med på konkurransar eller undersøkingar ved å bruke mobilen? Nokre gonger er det tydeleg at dette kostar pengar, men mange seier ja til noko som ser ut til å vere gratis. Når rekninga kjem, viser det seg ofte at det likevel kosta pengar. Det kan bli ei ubehageleg overrasking for mange.

    Ver kritisk og følg med!

    Falske nyheiter

    Kjelde: Faktisk.no og Medietilsynet

    Falske nyheiter blir brukt om nyheitsliknande saker som verkar ekte, men som heilt eller delvis er basert på løgn, eller som har utelate informasjon for å skape ei bestemd vinkling. Formålet med slike nyheiter kan vere å tene pengar, svindle, påverke politiske meiningar eller debattar, eller berre skape forvirring.

    Nokre tips til kva du kan sjå etter:

    1. Har saka veldig fengjande eller utrulege overskrifter? Falske overskrifter har ofte STORE BOKSTAVAR og utropsteikn! Viss overskrifta verkar for utruleg til å vere sann, kan det òg godt hende at ho er det.
    2. Kven står bak? Falske nyheiter har ofte ei nettadresse (URL) som liknar på ei kjend nyheitskjelde, men som ikkje er heilt identisk.
    3. Kven har skrive saka? Viss saka ikkje har ein forfattar, bør du sjekke ho grundigare før du trur på innhaldet.
    4. Blir du sint eller lei deg? Dei som lagar falske nyheiter, prøver ofte å lage saker om tema som engasjerer mange og vekkjer sterke kjensler. Jo sterkare vi kjenner, dess raskare klikkar vi på, kommenterer eller deler ei sak.

    Medietilsynet har laga ein kviss der du kan sjekke om du klarer å avsløre falske nyheiter.

    På medietilsynet.no finn du òg meir informasjon og tips om dette.

    Barn med nettbrett

    Kven har laga det du finn på nett?

    Viss du jobbar med oppgåver på skulen eller prøver å lage innhald du vil dele med andre, må du vite kva opphavsrett betyr. Det betyr nemleg at han eller ho som har laga innhaldet (bilete, tekst, film, musikk og liknande), eig det. Og det betyr igjen at dersom du finn noko på nett som du har lyst til å bruke, må du spørje om lov, eller du må merke tydeleg kvar du har funne det, eller kven som har laga det. Dette kallast òg kjeldetilvising. Viss du ikkje skriv noko om kvar du har henta innhaldet, er det det same som å stele og late som at du har laga innhaldet sjølv. Nokon skriv at Google er ei kjelde, men Google er berre ein søkjemotor som finn informasjon frå andre kjelder for deg. Derfor må du trykkje deg eitt hakk vidare for å finne den eigentlege kjelda.

    Kanskje treng du musikk eller lydeffektar til ein film du har laga, eller til eit skuleprosjekt? Då må du sjekke om du har lov til å bruke musikken du finn. Det finst masse musikk og liknande som det er lov å bruke på nett. Du kan finne det ved å søkje etter til dømes "Creative commons music" eller "Royalty-free music". Viss du treng bilete, kan du søkje etter "Creative commons pictures".

     

    Reklamelenkjer

    Har du sett at innlegg på bloggar eller under bilete (til dømes på Instagram) er merkt som annonsar? Mange influensarar samarbeider med nettbutikkar, og skriv om nye klede og produkt dei har fått eller kjøpt frå nettbutikken. Bloggaren legg ved lenkjer til varene, og får så noko av inntekta viss ein lesar klikkar på lenkja og kjøper produkt. Norske lover krev at all reklame skal merkast tydeleg, så slike innlegg skal merkast tydeleg med til dømes "annonse" eller "reklame".

    Når nokon du følgjer, skriv at dei har kjøpt ein ny sjampo – og at det er den nye favorittsjampoen til vedkommande som har gjort håret fantastisk sunt og vakkert, og personen samtidig merker innlegget som reklame – kan du sjølv vurdere om du trur det verkeleg er den nye favorittsjampoen til vedkommande, eller om du trur det er skrive for å tene pengar.

    Små spionar

    Mange nettstader er interesserte i å vite kven som besøkjer dei. Derfor lagrar dei noko som heiter ein informasjonskapsel (cookie) på maskina di. Dette er ei lita tekstfil, og når du besøkjer ein nettstad, blir det sjekka om informasjonskapselen deira er lagra på maskina di. På denne måten kan du kjennast igjen frå besøk til besøk. Slike informasjonskapslar kan òg hugse kva du har trykt på før når du har vore på nettstaden deira.

    Ved hjelp av informasjonskapslar kan dei ulike nettstadene lage ein profil på deg ut frå kva sider du besøkjer, og kva du søkjer etter på den nettstaden. Dermed kan dei til dømes tilpasse reklame betre til nettopp deg.

    "Greta Thunberg har oppmoda kinesarane til å slutte å bruke etepinnar!"

    Kjelde: Faktisk.no

    I 2020 blei det spreidd eit Facebook-innlegg om den svenske klimaaktivisten Greta Thunberg. I innlegget stod det at ho oppmoda kinesarane til å slutte å bruke etepinnar, fordi dei er laga av tre, og at «hundrevis» av tre kan reddast viss kinesarane sluttar å bruke tradisjonelle etepinnar. I det innlegget som blei delt mest, stod det òg at kinesarane ringde ho for å be ho «slutte å tørke rumpa med toalettpapir fordi det faktisk er laga av tre».

    Eit av innlegga fekk over 900 reaksjonar og blei delt meir enn 200 gonger.

    Sjølv om Greta Thunberg sannsynlegvis er verdas mest omtalte tenåring, finst det ingen truverdige kjelder som tyder på at ho har oppmoda kinesarane til å slutte å bruke etepinnar. Påstanden ser ut til å ha blitt spreidd av anonyme brukarar i sosiale medium og på ulike Facebook-sider. Ein russisk nettstad som ser ut til å vise til ei kjelde, lenkjar i verkelegheita til ei oppskrift på ein salat med tørka aprikosar.

    Les meir om denne saka, og finn andre døme på falske nyheiter på faktisk.no.

    Greta Thunberg

    "Vi trekkjer ut 30 vinnarar – om 24 timar!"

    Kjelde: Kampanje

    "PS! Blir du trekt ut, sjekkar vi at du har sendt til ALLE snapvennene dine."

    Teksten over er henta frå ein reklame som fekk unge til å spreie spinnar-reklame på Snapchat, i håp om å vinne dei populære spinnarane. Nettbutikken Stayclassy fekk på denne måten barn til å sende reklame til heile vennelista si på Snapchat.

    – Dei freistar med premiar, har klare element av underhaldning og oppmodar barn til å sende reklamen vidare til Snapchat-vennene. Reklamen er òg skjult som ein konkurranse. Alle som rettar reklame mot barn, skal vise særleg varsemd. Dette er eit døme på det stikk motsette, sa forbrukarombodet.

    Les artikkelen på kampanje.com

    Ulovleg reklame for barn på TikTok?

    Kjelde: NRK

    Ein europeisk organisasjon har undersøkt korleis TikTok gjer det mogleg å målrette reklame for mellom anna usunn mat og drikke og skjønnheitsprodukt mot barn. Mykje av denne reklamen «blir skjult» som konkurransar og effektar, slik som filter. Det norske Forbrukarrådet meiner at det TikTok gjer, er ulovleg, og har sendt ei klage til EU.

    – TikTok er fullt klar over at dei har brukarar både over og under 13 år, og har eit spesielt ansvar for at dei yngste brukarane blir teke vare på, seier forbrukardirektør Inger Lise Blyverket. Ho meiner TikTok bryt regelen som skal verne barn og unge mot skjult reklame, og regelen som skal verne barn mot reklame for usunne produkt og tenester.

    Les meir om denne saka på nrk.no

    Skreiv du stil om den hesten der?

     

    Du gløymde kanskje å sjekke kven som hadde skrive informasjonen du søkte fram, og vips så hadde du levert inn noko som var heilt på trynet? Kanskje ikkje så rart at dei andre lo av deg, men kva kan du gjere for å unngå at det same skjer neste gong? Tenk deg om – det er du som må skilje fleip frå fakta på nettet!

    (Filmen er laga av Mikrofilm.)

    Kva er digital dømmekraft?

     

    Digital dømmekraft er eit omgrep som ofte dukkar opp. Men kva er det eigentleg, og kvifor treng vi det?

    (Filmen er laga av Sølvsuper AS.)

    1

    Det er viktig å vere kritisk til det de finn på nett. Det er ikkje sikkert at alt som står der, er sant.

    • Søk på nokon kjende namn på nett. Finn de informasjon som de trur ikkje er riktig?
    • Korleis kan de vite kva informasjon de skal tru på og ikkje?
    • Er det nokon nettsider de kan stole meir på enn andre? Kva og kvifor meiner de det?
    • Trur de alt det som står i bøkene på skulebiblioteket, stemmer? Kvifor / kvifor ikkje?
    • Trur de læraren dykkar veit fasitsvaret på alt?
    • Korleis skal de vite kven og kva informasjon de kan stole på?
    • Lag ei sjekkliste med gode råd som de kan bruke når de leitar etter informasjon på nett.
    2

    Det kan vere ulikt frå skule til skule og frå klasse til klasse kva reglar de har avtalt for bruk av nett når de skal gjere skulearbeid.

    • Sjekk om skulen/klassen har reglar for korleis de skal bruke slik informasjon.
    • Korleis skal læraren vite kva de har skrive sjølv, og kva de har kopiert frå nett eller bøker?
    • Lag forslag til reglar for korleis de kan løyse dette i klassen.
    3

    Både nettstader og kjende influensarar kan tene mykje pengar på reklame.

    • Plukk ut nokon kjende influensarar, og gå inn på det dei deler på sosiale medium (til dømes Instagram, bloggar eller YouTube).
    • Finn de reklame? Korleis er han i så fall merka? Er det tydeleg at dette er reklame?
    • Vel ut fem innlegg som er markerte som reklame, og diskuter innhaldet: Kva verkemiddel er brukte? Er det tydeleg at dette er reklame? Gir reklamen god informasjon om produktet?

    1

    Opphavsrett er ein viktig rett.

    • Finn ut kva ordet opphavsrett betyr.
    • Kvifor er det viktig med reglar rundt dette?
    • Har du nokon gong funne bilete, musikk eller film på nett og brukt det i tekst eller film du har laga sjølv? Merkte du i så fall det du fann, eller viste du til kven som eigentleg hadde laga det?

    Tenk deg om. Sjekk kjelder. Ver kritisk.

    Vil du lære meir?

    Medielabben er ein nettressurs for elevar som vil lære meir om journalistikk. Her finn du videoar som tek føre seg aktuelle problemstillingar, og der er tekster og oppgåver til kvart tema. Her kan du mellom anna lære meir om hva kjeldekritikk er og korleis du kan vurdere kvaliteten på det du les

     

    Andre tema her på Dubestemmer.no

    Personvern: Vi har alle noko vi ikkje ønskjer å dele med andre – ikkje fordi det er ulovleg eller noko vi ønskjer å skjule, men rett og slett fordi det er privat. Personvern betyr at du har rett til privatliv.

    Sosial på nett: Når du bruker mobilen, er på nett eller har appar der du kan dele bilete og anna, har du òg ansvar for det du deler – både om deg sjølv og andre.

    Uønskte hendingar: Nokre gonger går det gale. Veit du kva du skal gjere eller kven du skal snakke med då?