Personvern er ein grunnleggjande rett. I denne filmen får du ein introduksjon til kva personvern er, og kvifor det er viktig å ta vare på sitt eige og andre sitt personvern.
(Filmen er laga av Snöball Film.)
Venene mine og eg sender meldingar og bilete til kvarandre heile tida. Det synest eg som regel er greitt, for vi kjenner kvarandre så godt.
Men ein gong la venninna til mamma ut eit bilete på Insta av at eg stupte frå 3-meteren. Ho spurde meg ikkje ein gong først. Har ho lov til det?
Det kjipaste er likevel når mamma eller pappa vil sjekke kvar eg er. Eg veit jo korleis eg kan skru av og på sporing i dei forskjellige appane. Men då tenkjer eg liksom at dei ikkje stolar på meg.
Ei personopplysning er ei opplysning som kan knytast til ein enkeltperson.
Det betyr at til dømes namnet, adressa, telefonnummeret, e-postadressa og fødselsnummeret ditt er personopplysningar. Eit bilete der du kan kjennast igjen, er òg ei personopplysning.
Desse opplysningane er dine. Viss nokon vil gjere noko med personopplysningane dine, må dei få løyve til det frå foreldra dine. I mange samanhengar bør du òg få seie meininga di – særleg viss det gjeld å dele bilete av deg.
I mange appar kan du dele informasjon om kvar du er eller kvar du var då du tok eller delte bilete. I nokre appar kan du til og med sjå kart som viser kvar vennene dine er akkurat no. Men kanskje er du ikkje klar over at appen har slik sporing, og at denne informasjonen kan vere synleg for andre. Kanskje er det òg enkelte dagar eller i nokre situasjonar du ikkje vil at vennene dine skal vite kvar du er?
Det er derfor viktig å tenkje gjennom om du verkeleg vil dele posisjonen din eller ikkje, og at du veit korleis du eventuelt kan slå av denne funksjonen. Det handlar om å ta ei bevisst val, og berre dele slik informasjon med dei du ønskjer, og når du ønskjer det. Det kan òg vere lurt å få hjelp av ein vaksen til å sjå gjennom kva for nokre innstillingar du har på mobilen og appane dine.
Kjelde: VG
Ei undersøking frå 2020 viser at over halvparten av norske foreldre (52 prosent) går inn på mobilen til eigne barn og kontrollerer bruken – utan at barna er klar over det.
– Det å sjekke og overvake, er eg ganske skeptisk til, seier kunnskapsminister Guri Melby (V). – Barn har rett til privatliv. Det kan ikkje foreldre ta frå dei. Eg trur det er viktig at vi aksepterer at dei unge har sitt eige liv. Derfor er det viktig at foreldre snakkar med eigne barn og unge om denne tematikken.
Ho tilrår heller foreldre å spørje barna og få i gang samtalar, enn å snoke.
I ei undersøking frå Røde Kors og Telenor svarer 6 av 10 barn (62 prosent) at det ikkje er greitt at foreldre snokar på mobilane deira.
Det er dine personopplysningar. Ta godt vare på dei.
Barneombodet passar på at rettane til barn og unge blir respekterte. Barneombudet skal spesielt følgje med på at interessene til barn blir varetekne, og at Noreg overheld FNs barnekonvensjon. På barneombudet.no kan du mellom anna lese meir om rettane dine og få tips til kva du kan gjere dersom du meiner at du treng hjelp.
Sosial på nett: Når du bruker mobilen, er på nett eller har appar der du kan dele bilete og anna, har du òg ansvar for det du deler – både om deg sjølv og andre.
Uønskte hendingar: Nokre gonger går det gale. Veit du kva du skal gjere eller kven du skal snakke med då?
Kjeldekritikk: Når du les nyheiter, skal finne informasjon til skuleoppgåver, går inn på saker kjende og ukjende deler i sosiale medium, eller du ser reklame for noko du har lyst på, er det viktig å kunne skilje mellom det som er falskt, og det som er ekte. Korleis gjer du det?