Til hovedinnhold
Byt til bokmål
Byt til mellomtrinn
Byt til bokmål

Av og til går det gale – kva gjer du då?

UØNSKTE HENDINGAR

    Uønskte hendingar

    Mobilar, nett og appar gjer det enkelt for oss å halde kontakten med venner og familie. Men dessverre går det av og til gale. Kva gjer du når bileta du sende til kjærasten, plutseleg dukkar opp hos andre? Kva gjer du viss du får e-postar med truande innhald?

    Nokre gonger opplever me noko me ønskjer å dele. Det kan vere morosame eller private augneblink du vil dele med dine næraste. Men situasjonar som verka uskuldige då dei oppstod, eller som du eigentleg berre ønskte å dele med bestevennen din, kan fort bli feil viss dei blir spreidde og blir delte med andre. Kva viss forholdet til kjærasten ikkje er like bra lenger, eller du og bestevennen din plutseleg har blitt uvenner? Kva skjer då med private bilete eller anna du har delt med dei tidlegare?

    Det er fort gjort å miste kontrollen. Når eit bilete, ein film eller ein tekst først er delt med andre, kan det lett bli spreidd vidare, og det kan dukke opp andre stader enn der det var tenkt.

    Mobbing? Det var jo berre for å tulle...

    Du bestemmer kva du ønskjer å dele om deg sjølv med resten av verda, men det betyr òg at du må tenkje deg om før du deler bilete, informasjon eller påstandar om andre.

    Me har alle ulike grenser for kva me meiner er greitt og ikkje. Biletet av ein medelev som du deler med venninna di, blir kanskje ikkje oppfatta som like morosamt av han eller ho som er på biletet. Av og til kan det du deler med andre, bli sett på som mobbing.

    Kva viss venninna di deler biletet vidare med fleire i klassen, som igjen deler det vidare? Det er faktisk slik at også dei som deler bilete, film eller anna vidare, har eit sjølvstendig ansvar for å vurdere om det er lov – dei har òg eitansvar om det går gale. Du må derfor alltid tenkje over kva du utset deg sjølv og andre for ved å dele eller vidaresende informasjon – òg i lukka grupper.

    Anonymitet

    For mange opplevast det enklare å henge ut andre på nett viss dei sjølv kan vere anonyme. Nokon føler seg tøffare bak skjermen, og terskelen for å plage andre via sosiale medium kan vere lågare enn for å slengje skjellsord ansikt til ansikt. Du oppfattar verken andletsuttrykket eller kroppshaldninga til mottakaren av det du deler, og du kan fort få mindre empati for og medkjensle med den andre parten. Når du ikkje ser dei du snakkar med (eller snakkar om), opplevast heller ikkje situasjonar på same måte, og du kan bli meir direkte og ufin i måten du formidlar bodskapen på.

    Det kan verke som uskuldig moro å skrive anonyme meldingar om andre, men han eller ho det gjeld, oppfattar det fort som krenkjande og respektlaust. Kommentarar eller mobbing på nett kan ofte kjennast verre dersom du ikkje veit kven som står bak, eller kor mange som har fått det med seg. Det kan gi ei sterk kjensle av utryggje å ikkje vite kven som står bak.

    Store konsekvensar – vanskeleg å angre

    Du har rett til å seie nei til at bilete, filmar eller annan informasjon om deg blir delt av andre. Truslar, sjikane, falske påstandar eller brot på privatlivets fred kan faktisk straffast etter straffelova, sjølv om kommentaren blei skriven på spøk. Du må òg ta omsyn til lovene og reglane som finst, dersom du deler noko.

    Det kan vere gøy når mange liker noko du har delt, og jo fleire som liker det, dess meir synleg blir det. Men, sidan bilete, filmar, meldingar og innlegg kan spreiast i stor fart, og dei plutseleg òg kan dukke opp i andre og kanskje uønskte kanalar, er det viktig å ha kunnskap om reglane, og ikkje minst å ta gode og gjennomtenkte val. Nokre gonger er det nesten umogleg å fjerne ting som er delt på nett. Sjølv om du slettar informasjonen du har delt, kan du risikere at andre i mellomtida har kopiert og delt det andre stader. 

    Dei som blir utsett for noko ubehageleg, har aldri skuld!

    Personar som opplever uønskte hendingar på nett – anten det er mobbing, bilete eller filmar på avvegar, utpressing eller anna – er ofte i ein svært fortvila situasjon. Mange har hatt problem over lengre tid, men dei ber ikkje om hjelp, fordi det kjennest ubehageleg.

    Sakene er ofte tabubelagde – det er vanskeleg å snakke om det – og mange føler òg sjølv skuld for det som har skjedd. Dei ønskjer ikkje å involvere verken venner, foreldre, skulen eller politiet, men ønskjer berre at saka skal forsvinne. Problemet er dessverre at det motsette ofte skjer. Når dei ikkje søkjer hjelp, kan problema bli verre. Du skal ikkje tenkje at du må rydde opp i problema på eigen hand, eller at det var din feil at problema oppstod.

    Skjult mobbing

    Det finst måtar å vere mot andre på som kan sjåast på som skjult mobbing. Dersom nokon legg ut eit bilete av seg sjølv og ingen trykkjer på "liker", kan det kjennast sårande. Det å ikkje like bilete, ikkje invitere til arrangement, ikkje dele innhald med, ikkje involvere i grupper, eller ikkje godta venneførespurnader i sosiale medium, kan bidra til at nokon føler seg utfryst.

    Digital ekskludering og isolasjon kan kjennast vel så vondt som direkte mobbing. Denne typen mobbing er meir skjult for dei vaksne, men han er ofte veldig synleg blant dei unge. Me har alle eit ansvar for å seie ifrå eller gripe inn når me ser at nokon blir behandla dårleg. Viss du er tilskodar utan å seie ifrå eller hjelpe han eller ho som opplever noko ubehageleg, er du ein passiv deltakar. Det er ikkje berre dei som gjer noko aktivt, som mobbar. Viss du ikkje seier ifrå eller lar vere å hjelpe, er du med på å halde oppe mobbinga eller utestenginga.

    Visste du at...?

    Det viser seg at mange saker blir løyste raskt når personar med problem søkjer hjelp. Ein kan til dømes kontakte tenesta Slettmeg.no for å få råd og hjelp viss uønskte hendingar har oppstått.

    Mange vaksne arbeider for å hjelpe unge som har det vanskeleg, og dei veit korleis ein kan gå fram når problem tårnar seg opp. Viss det kjennest ubehageleg å snakke med nokon ansikt til ansikt, kan løysinga vere å ringje til ein hjelpetelefon der du kan vere anonym.

    Det aller viktigaste er å snakke med nokon når ting har gått gale!

    Snakk med nokon!

    Dersom du har opplevd noko ubehageleg – anten det er på mobil, på nett eller i skulegarden – er det viktig at du tek kontakt med nokon som kan hjelpe deg. Dette kan vere foreldre, skulen, helsesøster eller ein vaksen du har tillit til. Sjølv om du tykkjer det er ubehageleg, er det betre å snakke med nokon enn å vente til ting kanskje blir endå verre.

    Det er alltid hjelp å få. Ingen har rett til å krenkje eller gjere ubehagelege ting mot deg, uansett kva du måtte ha gjort først. Vaksne har ofte opplevd meir enn du trur, og kan vere lettare å prate med enn du først tenkjer.

    Viss du ikkje har nokon du har lyst til å snakke med om dette, kan du til dømes kontakte Røde Kors si hjelpeteneste, Kors på halsen. Du kan ringje, sende melding eller chatte. Alle tenestene er gratis, og du kan vere heilt anonym.

    Du skal aldri la deg presse til noko du eigentleg ikkje ønskjer!

    To ungdommar med hettegenser sett bakfrå som sitt på ei strand

    Har nokon delt uønskt informasjon om deg?

    1. Kontakt personen som har delt informasjonen om deg. Be om at han blir fjerna. Du treng ikkje å forklare kvifor – det er normalt ikkje lov å dele opplysningar (informasjon eller bilete) om andre utan samtykke.
    2. Kontakt dei som eig tenesta eller nettstaden. Viss du ikkje veit kven som har delt opplysningane, eller dei ikkje høyrer på deg, kan du kontakte tenesta eller nettstaden (domenet) innhaldet er delt på.
    3. Kontakt nokon som kan hjelpe
      • Tenesta Slettmeg.no gir råd og hjelp til fjerning av uønskt informasjon. På nettstaden deira finn du mange gode rettleiingar og sletteguidar til korleis du kan gå fram for å fjerne informasjon sjølv på ulike nettstader og applikasjonar.
      • Viss du har prøvd alt ovanfor utan å få hjelp, kan du ta kontakt med Datatilsynet.
      • Konfliktrådet kan òg hjelpe deg i fastlåste konfliktar. Konfliktrådet er ei gratis statleg teneste for folk i alle aldrar. Ta kontakt med det lokale konfliktrådet for å få meir informasjon om korleis dei kan hjelpe deg.
    4. Kontakt politiet. I nokre samanhengar er deling av informasjon så alvorleg at du bør kontakte eller tipse politiet. Ta eit skjermbilete og meld det til politiet!

    Korleis handtere uønskte meldingar

    1. Ikkje svar på meldingar som er meinte for å såre deg eller gjere deg opprørt. Det vil sannsynlegvis oppmuntre til fleire negative meldingar.

    2. Behald meldingane. Du treng ikkje å lese dei, men behald dei som bevis. Ta skjermbilete.

    3. Fortel om det som har skjedd, til nokon du stoler på. Snakk med føresette, venner, ein lærar, helsesjukepleiar, ungdomsarbeidar eller ein hjelpetelefon.

    4. Blokker avsendaren. Du treng ikkje å finne deg i at nokon trakasserer deg – steng ute uønskte personar.

    5. Ta kontrollen. Rapporter problem til dei som kan gjere noko med det.

    Fått private bilete spreidd? Det er aldri di skuld

    Uansett omstende – dei som er så uheldige å få private bilete ufrivillig spreidde på nett, skal ikkje klandrast. Det speler inga rolle kva offeret har gjort på førehand, det er ulovleg å spreie bilete av andre utan samtykke.

    Mange sender eller stiller opp på lettkledde bilete eller nakenbilete frivillig. Når dei så blir utsette for misbruk ved at bileta blir delte utan samtykke, kan det vere veldig skambelagt. Mange dømmer seg sjølv, i tillegg til at dei nokre gonger blir kritiserte av andre. Dermed blir det ei slags dobbel straff. Det er òg mange som i utgangspunktet følte seg pressa til å ta bileta, til dømes etter press frå kjærasten.

    Seksuell utpressing på nett

    Kjelde: Nettvett.no

    Seksuell utpressing på nett (kalla sextortion på engelsk) er ei alvorleg utpressingsform som gjerne blir retta mot gutar og menn i alle aldrar. Det er ein ganske typisk framgangsmåte:

    1. Offeret kjem i kontakt med ein person som gir seg ut for å vere ei ung, utanlandsk kvinne på ei datingside eller chatteteneste.
    2. Samtalen blir flytta til ein meir privat kanal der tonen fort blir meir seksuell. Webkameraet er på, og personen som tok kontakt, kler av seg og utfører seksuelle handlingar med seg sjølv. Dei år offera til å gjere det same.
    3. Etter dette blir tonen meir aggressiv. Det blir gitt beskjed om at utpressaren har teke opp og lagra video/bilete av offeret, og at dette kjem til å bli spreidd til kontaktlistene til offeret i sosiale medium. Ofte hentar utpressaren ut konkrete døme frå offerets venneliste, til dømes på Facebook.
    4. I nokre tilfelle blir det med ein gong delt ein video via ei videoteneste. Dette gjer utpressarane for å vise at dei meiner alvor. Trusselen som blir lagd fram, er at lenkje til videoen blir send til namngitte venner, kollegaer eller familiemedlemmer med mindre det blir betalt ut pengar. Utpressarane lokkar ofte med at videoen kjem til å bli sletta viss offeret betaler.
    5. Dersom offeret betaler, kjem som regel utpressarane tilbake med nye, endå høgare pengekrav.

    Viss du opplever dette, er det tre hovudråd som gjeld, i tillegg til at du må prøve å halde hovudet kaldt: Ikkje svar! Ikkje betal! Kontakt politiet!

    Du kan finne meir informasjon og råd om kva du må gjere, på nettvett.no

    Digital mobbing og krenkingar

    Kjelde: Læringsmiljøsenteret

    Når mobbing skjer via digitale verktøy, til dømes i sosiale medium, kallar me det digital mobbing. Denne typen mobbing kan gå føre seg ved bruk av film, bilete eller tekst. Det blir òg rekna som digital mobbing ikkje å få vere med i sosiale grupper eller ikkje få «likes» på profilbilete sitt og liknande. Digital mobbing er altså ikkje fysisk mobbing, men kan skje gjennom erting, truing, baksnakking og utestenging på nett.

    Det er altså digital mobbing når ein person bruker digitale verktøy for å gjere andre vondt, og han eller ho som blir utsett, føler ofte at det er vanskeleg å forsvare seg. Det kan vere vanskeleg å forsvare seg mot digital mobbing anten fordi ein blir mobba anonymt, og dermed ikkje veit kven som er involvert, eller fordi bilete eller tekst blir spreidd til veldig mange. Informasjonen eller filmen blir gjerne spreidd raskt, og han eller ho som blir utsett for mobbinga, får gjerne sjå teksten eller bileta mange gonger, og dermed kan enkelthendingar bli repeterte og forsterka. Undersøkingar viser at dei som blir utsette for digital mobbing, ofte òg blir utsette for fysisk mobbing.

    Digitale krenkingar er negative handlingar som ikkje gjentek seg på same måte som ved digital mobbing. Det kan vere negative enkelthendingar som ikkje blir spreidde til mange, eller tekst og film som er meint for å såre, men som blir sletta når dei er sett. Dermed er dette noko som ikkje går føre seg over tid, og dei som blir utsett for det, opplever kanskje den negative hendinga berre éin gong. Opplevinga kan likevel vere minst like ubehageleg og alvorleg som ved digital mobbing, så det er veldig viktig å seie ifrå til nokon dersom du ser eller sjølv opplever noko digitalt som ikkje er akseptabelt.

    Epostsvindel / pornosvindel

    Det blir dessverre stadig meir vanleg å få e-postar med usanne påstandar om at nokon har hacka pc-en din, eller at du til dømes har blitt filma mens du har sett på porno. Meldingane inneheld ofte gjenkjennelege passord eller annan informasjon som opplevast som personleg, og dei kan verke veldig truande og ekte. Slike passord har utpressarane fått via større datalekkasjar – det er altså ikkje pc-en din som er hacka. Dette er rein svindel, men dessverre lar mange seg lure og presse.

    Det aller viktigaste er å aldri svare på slike e-postar (då ser utpressarane at kontoen din er i bruk), og aldri å la seg presse til å sende pengar. Ikkje bry deg om at e-postane blir meir truande, personlege og pågåande, eller at du får tidsfristar. Viss du får ein e-post med passord du framleis bruker, må du endre passordet ditt så snart som mogleg der det er i bruk. Under temaet personvern kan du finne gode råd om passordbruk.

    På nettvett.no finn du informasjon om kva du bør gjere, kva kjenneteikn du kan sjå etter, og døme på e-postsvindel. Viss du opplever noko liknande, kan du òg kontakte Slettmeg.no. Der får du gode råd og hjelp med å handtere situasjonen. Vit at du ikkje er åleine!

    Tankefull gut med mobil
    Jente aleine

    Delbart?

    Kjelde: Politiet

    Smarttelefonar og appar legg til rette for at bilete og filmar blir tekne og delte. Politiet ser dessverre mange saker der ungdom sender nakenbilete til nokon dei stoler på, men at bileta likevel blir spreidde vidare.

    Mange kjenner ikkje lovverket og veit ikkje kvar grensene går. Det er lett å miste kontrollen over eit bilete som er delt, og nakenbilete og filmar som blir delte på nett, er vanskelege å fjerne. Dei fleste veit at det er dårleg gjort å vidaresende slike bilete, men visste du at det òg er straffbart?

    • Det er ikkje lov å sende seksualiserte bilete til nokon under 16 år (eller nokon eldre viss dei ikkje har gitt samtykke til det).
    • Det er i utgangspunktet straffbart å ta, ha eller dele nakenbilete eller film av nokon som er under 18 år.
    På politiet.no kan du finne filmar og informasjon om slik deling. Du kan òg finne tips til kva du skal svare dersom du får eller blir spurd om å dele seksualiserte bilete.
    46 %

    Ifølgje ei undersøking gjort av Medietilsynet i 2020, har 46 prosent av dei spurde mellom 13 og 18 år blitt bedne om å sende eller dele nakenbilete av seg sjølv. Fire av ti har opplevd å få tilsendt nakenbilete (nudes eller dickpics).

    Det som ikkje skulle skje

    Kjelde: NRK

    NRK har laga ein serie som heiter "Det som ikkje skulle skje" for ungdom. Serien består av ekte historier om ulike overgrep.

    Historiene handlar mellom anna om korleis det er å få nakenbilete spredd på nettet, korleis det kjennest å bli lurt av nokon ein chatter med og korleis det er når nokon du stoler på gjer noko fælt mot deg. Det som er felles for episodane, er at bilete og filmar blir tekne, for så å verte delte eller nytta til utpressing.

    Som programleiaren seier: "Det kan vere vanskeleg for nokre å høyre, men historiene må fortellast."

    Du skal aldri la deg presse til noko du eigentleg ikkje ønskjer. Viss du har opplevd noko liknande – snakk med nokon!

    Sjå alle episodane på tv.nrk.no

    illustrasjon av mobilskjerm med namnet "Gabrielle" og overkroppen til ei jente.

    Stadig fleire blir utsette for seksuell utpressing

    Seksuell utpressing av enkeltpersonar er eit aukande problem. Fleire og fleire personar føler seg tvinga til å betale pengar for å hindre at sensitive filmar eller bilete av dei blir delte. Utpressinga startar gjerne ved at du får ein e-post der avsendaren påstår å ha personleg informasjon om deg. Deretter blir du bede om å betale pengar. Det er òg mange som blir lurt til å kle av seg føre kamera (dei trur gjerne dei snakkar med nokon andre enn dei faktisk gjer). Deretter blir dei trua med at videoen kjem til å bli delt viss dei ikkje betaler. Det er ofte vanskeleg for norsk politi å ta personane som gjer dette, sidan dei gjerne bur i andre land enn Noreg.

    Dersom du blir utsett for utpressing, må du snakke med nokon om det, og du må aller helst kontakte politiet, sjølv om dette kan opplevast flautt. Utpressinga stoppar sannsynlegvis ikkje sjølv om du betaler, så be om hjelp med ein gong! På politiet.no kan du lese meir om dette og kva du kan gjere.

    Operasjon Malstrøm er namnet på ein politiaksjon der politiet avdekte norske offer for seksuell utpressing. Alle var menn mellom 15 og 25 år. Les meir om operasjonen på nrk.no

    "We Are All Daniel Cui"

    Daniel Cui var ungdomsskuleelev og målvakt. Fotballaget hans hadde hatt ein forferdeleg sesong, og etter ein kamp blei han hengd ut som "den dårlegaste målvakta nokon sinne", med bilete frå kampen i sosiale medium. Då tok heile skulen han i forsvar. Medelevane tok eit bilete der Daniel gjorde ei flott redning, delte biletet, og plasserte profilbileta sine i biletet av redninga.

    Sjå filmen "We Are All Daniel Cui" på vimeo.com

    "Mariell" var ikkje den personen Synne trudde

    Kjelde: NRK P3

    Då Synne var rundt 11 år, møtte ho ei jente som heitte "Mariell" på nett. "Mariell" blei fort ein av Synne sine beste venner. Sjølv om dei aldri møttest i den verkelege verda, prata dei kvar einaste dag på nett. Synne hadde akkurat komme i puberteten, men ho leika til tider framleis med dokker. "Mariell" var eitt år eldre og verka meir moden. Ho torde å vere seg sjølv, noko Synne beundra.

    Det starta varsamt frå "Mariell" si side med nokre uskuldige spørsmål om sex. Etter kvart byrja dei å vise kroppane sine over webkamera. Stadig opplevde Synne at det var problem med både lyd og bilete, men samstundes såg ho "Mariell" over video. Dei kommuniserte via chat. Etter kvart blei tida med "Mariell" eit minne, og livet gjekk vidare.

    Sommaren 2015 kom ein uventa konfrontasjon. Ho blei kontakta av politiet, og på politistasjonen fekk ho sjå bilete og videoar der 11 år gamle Synne tok på seg sjølv. Det viste seg at "Mariell" ikkje var ei jente, men ein mann i slutten av 40-åra som hadde lurt ho. Politiet hadde arrestert mannen etter ei lang etterforsking. Dei hadde funne spor i chatteloggen mellom han og Synne. Politiet fann òg bevis på at bileta og videoane hadde blitt delt vidare, til nokon i Australia og Belgia. Til saman hadde politiet identifisert hundre andre barn som også var offer.

    Høyr heile historia i podkasten: "Synnes bestevenninne var en pedofil mann".

    Les artikkelen på p3.no

    Kidnappa - blei redda av Snapchat

    Kjelde: TV2

    Ei 14 år gammal jente i California blei dopa ned og frakta til eit motell av tre framande menn.

    Jenta brukte Snapchat på telefonen sin til å fortelje vennene sine at ho hadde blitt kidnappa. Sidan ho ikkje ante kvar ho var, brukte vennene appen til å lokalisere ho, deretter ringde dei nødtelefonen.

    Les artikkelen på tv2.no

    Dømd for å dele intime bilete av andre

    Kjelde: NRK og Lovdata.no

    Ein 22 år gamal mann blei i 2016 dømd til fem månader i fengsel av Høgsterett, for å ha lasta ned og spredd intime bilete og filmar frå Snapchat.

    Bileta var av privat karakter, veldig ofte nakenbilete. Dei fleste bileta var selfiar – opprinneleg delt av personane sjølve på Snapchat fordi dei stolte på at bileta ikkje kunne eller ville bli spredde vidare. Ved hjelp av eit spesielt program, blei bileta likevel lasta ned og spredde gjennom nettfora der brukarane kunne utveksle bilete. Dei bileta som han delte med andre, var sortert i undermapper etter fylke og namn slik at mange av personane lett kunne identifiserast.

    Dommen syner at det er ulovleg å dele intime bilete av andre utan samtykke, og at dei som lastar ned eller deler slike bilete kan forvente ein streng reaksjon.

    Les meir om saka på nrk.no
    Les hele dommen på lovdata.no

    Snapchat - illustrasjonsbilde fra NRK

    Eg veit kva du gjorde...

    Denne filmen syner korleis mange lar seg presse av e-postsvindel.

    Diskuter:

    • Kor mykje trur de utpressaren eigentleg veit om guten i filmen?
    • Kva kunne guten gjort annleis?
    • Korleis kunne han avslørt at dette var svindel?
    • Korleis kan de verne dykk sjølve best mogleg mot slike hendingar?
    • Kva bør de gjere dersom de får slike førespurnader?
    • Kva kan de gjere dersom det de opplever, er for ubehageleg til å snakke med nokon de kjenner om?

    (Filmen er laga av Sølvsuper.)

    Nico og Thea

    Forhold mellom venner og kjærastar kan endre seg, noko denne filmen som er basert på verkelege historier, prøver å formidle.

    Diskuter:

    • Kven gjer noko gale her? Kven har ansvaret for at det går gale?
    • Har de forståing for at det går som det går?
    • Er det greitt å ta hemn når forhold tek slutt, eller ein føler seg svikta?

    (Filmen er laga av Sølvsuper.)

    Kva skjedde med Maria?

    Av og til går det frykteleg gale, og filmar eller bilete blir spreidde etter at dei blei tekne av offeret sjølv. Kven har då ansvar?

    Diskuter:

    • Kven har ansvaret for det som skjedde med Maria?
    • Kan ein seie at nokon her har meir skuld enn andre?
    • Burde nokon ha handla annleis? I så fall kven og korleis? Maria? Victoria? Lars? Petter? Læraren? Maria si mor? Kva med dei som sende videoen vidare og oppretta ein falsk blogg?
    • Er det forskjell på å dele vidare det du har fått tilsendt, eller å dele bilete du sjølv har teke av andre?

    (Filmen er laga av Dallas Film.)

    1

    I norske og utanlandske nettaviser finn ein mange døme på mobbesaker eller andre uønskte hendingar som har fått alvorlege konsekvensar. Nokre gonger var kanskje utgangspunktet relativt uskuldig.

    • Finn døme i media på uønskte hendingar på nett.
    • Kva skjedde i dei ulike sakene, og korleis blei dei handterte?
    • Kjenner de til historier der det har gått gale?
    • Veit de kva de skal gjere viss de opplever noko uønskt på nett? Veit de kvar de kan få hjelp?
    2

    Gå saman i grupper, og diskuter korleis de ønskjer å oppføre dykk mot kvarandre på nett:

    • Kjenner de til døme der nokon har opplevd ulike uønskte hendingar? Veit de korleis dei handterte det?
    • Kan de lage ein definisjon på kva de tykkjer er mobbing?
    • Kva døme på skjult mobbing kjenner de til?
    • Kva bør de gjere viss de ser at nokon opplever noko kjipt der digitale medier er nytta? Og kva bør de gjere dersom de opplever det sjølve?
    • Diskuter kva de kan gjere for å førebyggje uønskte hendingar på nett eller redusere digital mobbing eller anna trakassering.
    3

    Enkelte skular har valt å løyse utfordringane med uønskte hendingar på nett ved å innføre mobilforbod i skuletida.

    • Kva tenkjer de om dette? Kva kan fordelane / ulempene med dette vere?
    • Kva andre alternativ har skulane?
    • Kan eit slikt forbod gi negative konsekvensar som skuleleiinga kanskje ikkje har tenkt på?
    • Korleis kan skulane eventuelt elles handtere dette?

    1

    Enkelte påstår at digitale verktøy har bidrege til at det har blitt enklare å øydeleggje for, sjikanere eller mobbe andre.

    • Kva meiner du?
    • Er det ting du har gjort og sagt på nettet som du aldri hadde gjort mot nokon elles? I så fall kva?
    • Kva kan du gjere for å unngå eller motverke uønskte hendingar på nett?
    2

    Tenk tilbake på meldingar og bilete du har sendt eller motteke frå andre.

    • Kan nokon av desse ha vore ubehagelege eller krenkande for andre, og i så fall korleis?
    • Kan noko av det du har fått tilsendt vere ulovleg? Gjorde du i så fall noko med det? Hvorfor/hvorfor ikke? 
    • Kva kan du gjere for å unngå eller motverke uønskte digitale hendingar?
    • Har du nokon gong opplevd noko ubehageleg gjennom digitale verktøy? Kva gjorde du for å løyse situasjonen? Kva kunne du eventuelt ha gjort annleis?
    3

    Det er lett å dele bilete med andre på nett ved hjelp av mobilen og ulike appar.

    • Har nokon delt bilete av deg utan å spørje deg først? Tykte du i så fall at det var greitt? Kvifor / kvifor ikkje?
    • Deler du bilete av venner utan å spørje dei først? Kva med andre som du ikkje kjenner? Viss det er ulikt – kvifor behandlar du ulike personar ulikt? Kvar går grensene?
    • Kan du tenkje deg tilfelle som gjer at nokon ikkje ønskjer eller ikkje bør få delt bilete eller andre opplysningar om seg sjølv på nett?

    Respekter deg sjølv og respekter andre. Sei ifrå om du opplever noko negativt – anten det gjeld deg sjølv eller andre!

    Det er fleire som kan hjelpe

    Viss du har opplevd noko ubehageleg eller kjenner nokon som er utsett for noko du reagerer på, bør du snakke med nokon. Viss du ikkje har nokon du tør snakke med, finst det stader der du kan ringje for å få råd, og der du kan vere anonym:

    Slettmeg.no er ei gratis råds- og rettleiingsteneste for deg som har opplevd noko uønskt på digitale medium. Du kan kontakte tenesta mellom anna via telefon og e-post. På slettmeg.no finst det òg nyttig informasjon og rettleiing om korleis du kan få sletta uønskte opplysningar.

    Kors På Halsen ei gratis, trygg og anonym hjelpeteneste for deg opptil 18 år. Tenesta blir driven av Røde Kors. Der kan du prate med eller skrive til vaksne som høyrer på det du har å seie og hjelper deg om du ønskjer det. Du kan òg snakke med andre på din eigen alder på forumet. Les meir på korspaahalsen.no

    Andre tema her på Dubestemmer.no

    Personvern: Kva er personvern og kva er personopplysningar? Og kvifor er det så viktig å ha kontroll over desse opplysningane?

    Sosial på nett: Sosiale medium har gitt oss moglegheit til å kommunisere med andre når og kvar me ønskjer. Med denne moglegheita følgjer det ikkje desto mindre både ansvar og utfordringar.

    Digitale spor: I løpet av ein heilt vanleg dag etterlèt du deg mange fleire digitale spor enn du sikkert er klar over. Dette er spor som kan vere tilgjengelege i svært lang tid. Denne informasjonen er interessant for mange.