Til hovedinnhold
Målform

Klikk for å endre målgruppe

Lukk vindu

SOSIAL PÅ NETT

Du har ansvar for det du deler på nett

INTROARTIKKEL

Korleis vere sosial på nett?

Sosiale medium gir oss stadig nye måtar å kommunisere med andre på, og tenestene er prega av stor fridom og openheit. Med denne openheita får alle moglegheit til å seie det dei ønskjer, og det kan skape rom for stemmer som sjeldan blir høyrt i samfunnet elles.

Sosial på nett

Men, med denne moglegheita til å vere open og dele innhald, følgjer det både ansvar og utfordringar. Det er viktig at me er klar over kor mykje av privatlivet vårt me ønskjer å dele med andre, men minst like viktig er det at me er klar over korleis me opptrer overfor kvarandre. Dette er avgjerande for å kunne skape eit sunt miljø for diskusjon og informasjonsdeling.

Redaktøransvar

Alle aviser har ein redaktør som er ansvarleg for alt avisa trykkjer eller legg ut på nettet, både tekst og bilete. Løgner, personhets, ulovlege bilete og rasisme kan gjere stor skade og føre til bøter eller fengselsstraff. Pressa har òg utarbeidd eit sett med etiske retningslinjer som journalistar og redaktørar må følgje. Dette er den såkalla "Ver varsam-plakaten".

På same måte som avisredaktøren er ansvarleg for avisa si, er du ansvarleg for det du skriv og deler på nett. Viss du har ein blogg eller ein profil på ein sosial nettstad, er du redaktør for alt du deler av bilete og tekst der. Som redaktør har du eit ansvar.

Du har ansvar for å sjekke kva du har lov til å leggje ut av informasjon om andre, men du har òg ansvar for å tenkje gjennom kva du bør og ikkje bør dele. Noko som er greitt for deg, kan andre oppleve som problematisk - ja, til og med farleg dersom dei til dømes treng å vernast frå einskilde personar. Du har òg eit visst ansvar for å følgje med på, og eventuelt slette, negative utsegner om andre lagt ut i kommentarfeltet på kontoane dine.

Ta kontroll

Det er lett å opprette ein profil, og nokon tenkjer ikkje over at innstillingane ofte er sette slik at alle som ønskjer det, kan sjå profilen deira. Du bør derfor sjekke innstillingane når du opprettar nye kontoar, for å finne ut kven som kan sjå profilane dine og det du deler. Sidan slike innstillingar av og til blir endra av dei som lagar tenesta, er det viktig at du sjekkar personverninnstillingane med jamne mellomrom, for å ha kontroll på kva du deler med kven. Merk også at delar av profilen ofte kan vere offentleg og søkbar, uansett kva innstillingar du vel.

Viss du deler eit bilete, kan alle som har tilgang til profilen din både lagre biletet og dele det vidare. Derfor er det viktig at du tenkjer gjennom kven du ønskjer at skal sjå det du deler, og justere innstillingane dine i tråd med dette. Kanskje er det betre at de lagar lukka grupper der de kan dele innhald, i staden for å leggje det ut på opne profilar? Det er likevel viktig å tenkje over at sjølv om du deler noko i ei lukka gruppe, kan andre i gruppa laste det ned og spreie det vidare, heilt utanfor kontrollen din. Dette er ikkje tillate utan å spørje deg først, men du har ikkje kontroll på kva andre gjer – sjølv nære venner. Vêr derfor alltid kritisk til kva du deler med andre.
 

Nettdebatt

Ytringsfridom er viktig. Når diskusjonar og debatt går føre seg på nett, er det noko heilt anna enn når du er i same rom som den eller dei du diskuterer med. Ingen stoppar deg frå å skrive akkurat det du ønskjer, og responsen frå andre kan komme umiddelbart, frå heile verda. På nett kan alle som ønskjer det, delta, og det er enkelt å formidle sine eigne meiningar, kommentere ting andre skriv, og lage eige innhald ved hjelp av bilete, tekst eller film. Det er lett å engasjere seg – anten ved å "like" det andre har delt, kommentere eller delta på arrangement.

Mange har hobbyar eller tema dei er engasjerte i, og på nett finst det appar og grupper der du kan møte andre med same interesser som deg. Diskusjonane går, engasjementet aukar, og meiningar blir utveksla umiddelbart. Men du ser ikkje korleis dei andre reagerer, og i korte innlegg kan det vere vanskeleg å få fram nøyaktig kva du meiner. Det kan òg vere vanskeleg å oppfatte om dei du diskuterer med, er veldig ivrige, eller om dei er irriterte. Derfor er det lurt å tenkje over korleis det du skriv, kan oppfattast av andre – er du sint, eller berre engasjert?

Anonymitet på godt og vondt

Det varierer mellom ulike appar og nettsamfunn om deltakarane bruker dei verkelege namna sine, eller om dei er anonyme og berre har oppdikta brukarnamn. Når du er anonym, kan det vere lettare å skrive ting du ikkje hadde sagt ansikt til ansikt til nokon, enn viss du hadde kommentert med det verkelege namnet ditt. Det er òg mogleg å gi seg ut for å vere ein annan enn du eigentleg er. Kva konsekvensar trur de dette kan få for offentlege diskusjonar på nett?

Mange tema kan dessutan vere vanskelege å snakke om på ein ordentleg måte på nett. Ofte fører viktige, samfunnsaktuelle tema, til dømes innvandring, klima, likestilling og religion, til krangling og misforståingar.

Ytringsansvar

Med ytringsfridom følgjer det derfor ytringsansvar. Dette er ansvar for å ytre seg innanfor visse grenser. Mange meiner at me òg har ansvar for å seie ifrå når me ser at nokon tråkkar over grensene og behandlar andre dårleg i kommentarfelta eller på andre måtar. Tør du å seie ifrå når du ser at nokon er ufine eller hetsar andre i innlegga sine?

Visste du at...?

Mange liker å dele tankar, meiningar, bilete, film og anna på nett. Det du deler, kan så bli spreidd vidare av andre. Dette er jo bra viss du ønskjer at mange skal sjå det du skriv, men det kan òg vere negativt viss innhaldet blir spreidd raskare eller blir brukt i ein annan samanheng enn du hadde tenkt. Det er derfor viktig at du er klar over kva du deler og korleis du gjer det.

Skjul

FAKTA

Deling av bilete

Kjelde: Datatilsynet

Dersom personar er hovudtemaet på biletet eller i filmen du ønskjer å dele, må du få samtykke frå alle som kan identifiserast på bileta, før dei blir delte – anten dei blir delte ope på nett eller i lukka grupper. Dette gjeld òg bilete med mange personar på, til dømes klassebilete. Fram til barna er 13 år er det foreldra som har hovudansvaret for å seie ja – eller nei – til slik deling, men barna bør alltid få seie si eiga meining òg.

Dersom det er sjølve situasjonen eller aktiviteten som er hovudtemaet, og personane på biletet er mindre viktige, kan bileta delast utan at du har spurd om lov først viss dei ikkje er krenkjande på nokon måte eller kan vere skadelege for dei det gjeld. Døme på dette kan vere bilete frå 17. mai-tog eller publikum på ein fotballkamp. Bileta må heller ikkje kjennast krenkjande ut ifrå situasjonen dei blir delte i.

Hugs derfor: Kvar gong du ønskjer å dele bilete av éin eller fleire bestemte personar, må du først spørje om lov (og få eit tydeleg JA) for å vere sikker på at du ikkje gjer noko gale. Dersom han eller ho som har sagt ja, seinare angrar seg, må du hjelpe til med å fjerne innhaldet igjen.

Tips til betre nettvett

Nettvett kan oppsummerast i tre korte og konkrete råd. Følgjer du desse, kjem du langt:

  1. Tenk over kva du deler om deg sjølv, men tenk ekstra godt over kva du deler om andre, og spør alltid om lov først.
  2. Ver bevisst på at det du gjer på nett, kan vere tilgjengeleg for andre. Sjekk personverninnstillingane, og vel kor synleg du ønskjer å vere.
  3. Sjekk kva informasjon som finst om deg på nett. Gjer eit søk på namnet ditt med jamne mellomrom, og få best mogleg kontroll over kva opplysningar om deg som er synlege for andre.

Hatprat og hatefulle ytringar

Kjelde: Bufdir

Hatefulle ytringar er utsegner som er av hatefull eller diskriminerande art, og som rettar seg mot ei gruppe eller mot eit individ sin reelle eller antekne gruppetilhøyrsel. Dette kallast gjerne òg hatprat eller hatytringar.

Slike ytringar kan ha alvorlege konsekvensar for enkeltpersonar, grupper eller heile samfunnet. Kva som blir rekna som ulovleg, varierer frå land til land, men i Noreg har me ei rekkje føresegner både i straffelova og i likestillings- og diskrimineringslova som forbyr hatefulle ytringar, diskriminering, trakassering, omsynslaus åtferd og krenking av privatlivets fred.

Hatprat og trakassering skjer både på nett og andre stader, og det kan få store konsekvensar for dei som er utsett. Det bør derfor stoppast så fort som mogleg. Mange fortel ikkje at dei er utsette for hatefulle ytringar. Nokon føler skuld. Dei kan til dømes sjølv ha posta bilete av seg som har blitt spreidde på nettet. Andre føler skam eller at dei er mindre verd enn andre. Nokon vel òg å teie, av redsel for konsekvensane ved å seie ifrå, eller fordi dei er usikre på kven dei bør fortelje det til. 

På hatytringer.no kan du lese meir om kva hatefulle ytringar er, og kva du bør gjere viss du opplever dette eller veit om nokon som blir utsett for dette.

Kven skal få sjå kva?

Kjelde: Nettvett.no

Når du opprettar ein profil på sosiale medium, er ofte standardinnstillinga at alt du deler, blir offentleg og synleg for alle. I praksis betyr det at kven som helst kan finne informasjon om deg, og du opnar opp for at andre kan kopiere, lagre og dele vidare alt du har delt på profilen din. Viss du vel innstillinga for avgrensa synlegheit, gjer du innhaldet ditt tilgjengeleg berre for ei avgrensa gruppe, til dømes vennene dine eller "vennene til venner".

Fire gode grunnar til å avgrense synlegheita til profilen:

  1. Du gjer det vanskeleg for ukjende å snoke i privatlivet ditt.
  2. Du gjer det vanskeleg for tredjepartsnettsider å hente ut og lagre det personlege innhaldet ditt.
  3. Du reduserer sannsynet for å bli utsett for ID-tjuveri.
  4. Du får mykje større kontroll over innhaldet ditt.

Det du deler ope på ulike tenester, kan bli liggjande tilgjengeleg for alltid. Når du ønskjer å dele noko, er det derfor lurt å spørje deg sjølv om du tykkjer det er greitt at det aktuelle innhaldet er tilgjengeleg òg om nokre år (til dømes når du ein gong skal søkje jobb), eller om det du deler bør slettast seinare.

På nettvett.no kan du lese meir om korleis du kan avgrense synlegheita hos ulike tenester.

1 2 3

Lover og reglar

Noregs grunnlov § 100 – retten til ytringsfridom

Denne lova sikrar at alle har rett til ytringsfridom og rett til tilgang på offentleg informasjon. Retten til å ytre seg blir rekna som ein viktig del av rettssamfunnet og er grunnleggjande for eit demokrati.

FNs barnekonvensjon

Artikkel 13:

Barnet skal ha rett til ytringsfridom. Det vil mellom anna seie at barnet skal ha fridom til å søkje, få og kunngjere opplysningar og idear av alle slag, utan omsyn til grenser, anten det skjer munnleg, skriftleg eller på trykk, i kunstnarisk form eller gjennom kva uttrykksmåte som helst barnet måtte velje.

Men, ytringsfridom betyr ikkje at alt er lov. Det finst avgrensingar, mellom anna:
a) av omsyn til andres rettar eller omdømme, eller
b) for å verne nasjonal tryggleik, offentleg orden eller offentleg helse eller moral.

HISTORIER FRÅ VERKELEGHEITA

Grenser for ytringar

Kilde: NRK

Høgsterett har behandla ein dom mot ei 71 år gammal kvinne som kom med svært stygge kommentarar på Facebook om samfunnsdebattant og forfattar Sumaya Jirde Ali. Sumaya blei mellom anna kalla "fandens svarte avkom" og "korrupt kakerlakk". Ho var berre 19 år då og blei utsett for mykje hets på nett. Ho valde derfor å trekkje seg frå å delta i offentlege debattar. Høgsterett gav kvinna 25 000 kroner i bot og 24 dagars fengsel på vilkår for kommentarane.

Det kan av og til være vanskeleg å vurdere kvar grensene går for kva som er verna av ytringsfridom og kva som er straffbare ytringar. Men, denne dommen betyr at det ikkje er fritt fram å skrive kva ein vil om andre og kalle det ytringsfridom. Den betyr òg at folk vil kunne bli dømt i liknande saker i framtida.

Les om dommen på nrk.no

Unge politikarar fryktar hets

Kjelde: Dagbladet

– Netthets fører til mykje angst og uro. Når ein fleire gonger opplever dryg netthets, kvir ein seg for å synes og for å ytre meiningane sine, skriv Aleksander Snarheim (leiar i Sosialistisk Ungdom Drammen) i eit debattinnlegg. Kvar gong han ytrar seg offentleg, veit han at det kjem stygge meldingar. Vaksne menneske som bruker grove truslar og skjellsord, er noko ein må venne seg til viss ein engasjerer seg som ung i politikken i dag, meiner han.

– Det er lett å tenkje at ein berre må riste det av seg. Det er dessverre ikkje like enkelt som ein skulle tru. Eg kjenner fleire som har vurdert å gi seg i politikken på grunn av dette, og fleire som har gjort det – utelukkande på grunn av netthets.

Les heile debattinnlegget (dagbladet.no)

Ungdom bruker Snapchat til å storme festar

Kjelde: TV2

Politiet åtvarar etter at fleire store festar med mindreårige ungdommar har komme ut av kontroll.

Noko av det politiet har merka seg, er at mange av festane har komme ut av kontroll på grunn av at karttenesta i Snapchat-appen er brukt. På dette kartet kan ein sjå kvar venene er til ei kvar tid dersom dei også bruker denne tenesta. Slik kan ein sjå kor folk er samla.

Les artikkelen på tv2.no

Om å skape seg sjølv i nullar og einarar

Kjelde: NRK

Mats var ein livleg og aktiv gut, men han fall og slo seg stadig som liten. Like før Mats fylte fire år, fekk han ein alvorleg diagnose – ein sjeldan sjukdom som dei neste åra gjorde han rullestolavhengig for resten av livet. Framtidsutsiktene til Mats var å døy ung og ikkje få leve eit vanleg, fullverdig liv: ingen idrett, ikkje gå ut og treffe jenter, oppleve verda eller bidra i samfunnet.

Mats fann likevel sin eigen veg, og skapte seg eit heilt anna liv i ei digital verd: gjennom nullar og einarar. Dette var ei verd der han var Lord Ibelin Redmoore, som deltok i og påverka livet til mange andre menneske. Han var ein del av flokken sin. Då Mats døydde og foreldra trudde at han ikkje hadde venner, kom denne flokken – ukjende folk frå fjern og nær, for å delta i gravferda til Mats. Over heile Europa tende dei lys for Mats.

"I denne andre verda ser ikkje denne jenta ein rullestol eller noko som er annleis. Det ho ser er sjela mi, hjartet mitt, personlegdommen min, plassert i ein kjekk, sterk kropp. I den virtuelle verda ser heldigvis kvar einaste karakter godt ut." (Henta frå eit blogginnlegg skrive av Mats.)

Les artikkelen på nrk.no

Les artikkelen på nrk.no

Utfordringar på sosiale medium

Kjelde: NRK

Det er populært å dele utfordringar i sosiale medium – nokre av utfordringane er både fysisk og psykisk tøffare enn andre. På TikTok var det ei periode populært å teste utfordringa om å gå 100 000 skritt i løpet av 24 timar – den såkalla #100000stepchallenge. Ein kompisgjeng som prøvde seg på utfordringa, enda med å gå 74 kilometer for å nå målet om 100 000 skritt.

– Alt som stimulerer til fysisk aktivitet, er positivt. Sjølv om 24 timar er lenge, klarer dei fleste å gå, seier overlege og sykkeltrenar Stein Ørn. Han trur utfordringar om å gå langt, kan vere med på å bidra til at folk blir meir fysisk aktive.

Les artikkelen på nrk.no

Blodig alvor for den største youtubaren i verda

Kjelde: The New York Times

Svensken Felix Kjellberg er kjend som PewDiePie på YouTube. Millionar av menneske abonnerer på kanalen hans. Ei stund låg PewDiePie i knallhard kamp mot eit indisk filmstudio (T-series) om den gjæve tittelen som den største YouTube-kanalen i verda. Fans av PewDiePie starta ein kampanje mot T-series og oppmoda gjennom memes til å "subscribe to PewDiePie" (abonnere på PewDiePies kanal).

Ein av dei som skapte merksemd rundt kampanjen for PewDiePie, var australske Brent Tarrant. Saman med tre andre gjekk han til angrep på ein moské i Christchurch, New Zealand i 2019, og angrepet blei streama. I eitt av klippa blir det sagt "Remember lads, subscribe to PewDiePie". Meir enn 50 menneske blei drepne i angrepet.

PewDiePie gjekk raskt ut og tok sterk avstand frå angrepet. Han blei likevel skulda for ikkje å vere tydeleg nok på at kampanjen "subscribe to PewDiePie" måtte avsluttast.

1 2 3 4 5

FILMAR

Trollus Netticus

 

Diskuter:

  • Betyr ytringsfridom at ein kan seie eller skrive alt ein vil på nettet?
  • Kva er forskjellen på ytringsfridom og ytringsansvar?
  • Kor mange av desse typane har de møtt på nett, gjennom appar eller gaming?

(Filmen er laga av TRY Apt.)

Du har lov å seie nei - musikkvideo

 

Det er gøy med bilete av vener, og alle andre som du kjenner. Men veit du at du har lov til å seie nei?

(Musikkvideoen er laga av Snöball Film)

Ingenting å skjule?

 

Denne filmen handlar om personvern i sosiale medium. Kva er det, og kvifor er det viktig?

(Filmen er laga av Sølvsuper.)

1 2 3

DISKUSJONSOPPGÅVER

1

Det varierer stort frå person til person kor mykje ein ønskjer å dele om seg sjølv i sosiale medium.

  • Kvar går grensene dykkar for kva som er greitt å dele?
  • Deler de mykje eller lite?
  • Klarer de å finne døme på bilete eller andre opplysningar nokon i klassen tykkjer det er ok å dele, medan andre ikkje tykkjer det?
2

Diskuter korleis de ønsker at ein oppfører seg mot kvarandre på nett:

  • Bør ein tåle meir i det digitale liv enn elles? Er det nokon grunn til at ein skal kunne oppføre seg annerledes på nett enn ellers? Kvifor / kvifor ikkje?
  • Kvar går eigentleg grensa mellom ytringsfridom og krenkingar? Klarer de å bli einige om det?
  • Korleis kan hatprat påvirke demokratiet?
3

Nokon vel å vere anonyme når dei kommenterer andre sine innlegg på sosiale medium eller i kommentarfelt til nyheitssaker. Samstundes legg enkelte ut særs negative og trakasserande utsegner om andre.

  • Kva tykkjer de om anonymitet i debattar?
  • Er det tilfelle der det er ein fordel å vere anonym i kommentarfelt? I så fall kva for nokre?
  • Kva kan følgjene av anonyme kommentarar vere?
  • Har de sett døme på – eller kanskje til og med sjølv opplevd – kommentarar som de tykkjer går over grensa for kva som er greitt, eller som har vore ubehagelege?
  • Diskuter kven som har ansvaret for at tonen er god på ein nettstad. Er det han eller ho som skriv innlegget? Redaktøren? Andre?
4

Det har blitt veldig enkelt for alle med smarttelefon å dele bilete, film eller annan informasjon om seg sjølv. Mange meiner at barn ikkje bør få bruke sosiale medium før dei er 13 år, andre tykkjer dei bør få starte tidlegare.

  • Kva tenkjer de? Når bør dagens unge få tilgang til sosiale medium, og er det forskjellar mellom dei ulike appane? Tykkjer de at enkelte er "farlegare" enn andre?
  • Kan de finne årsaker til at barn og unge – under ein viss alder – ikkje bør få bruke sosiale medium? Kvifor / kvifor ikkje bør det vere ei aldersgrense, og kva bør eventuelt aldersgrensa vere?
5

Mange bloggarar, influensarar, kjendisar eller politikarar får svært stygge kommentarar på nett. Viss du er ein offentleg person, eller viss du deler bilete og liknande av deg sjølv, meiner enkelte at må du tole å få negative tilbakemeldingar.

  • Kva tenkjer de om dette? Er de samde? Kvifor / kvifor ikkje?
  • Er det forskjell på om du er politikar, musikar eller influensar, eventuelt om du er ein heilt vanleg ukjend person?
  • Kvar bør grensa gå for kva dei som er ein del av mediebiletet, må tole?
1 2 3 4 5

EIGENOPPGÅVER

1

Ytringsfridom er eit omgrep som ofte blir brukt for å rettferdiggjere det ein skriv på nett. Enkelte skriv derfor særs negative utsegner om andre, og unnskyldar seg med at dei har ytringsfridom, og derfor kan seie kva dei ønskjer.

  • Kva er ytringsfridom?
  • Kvifor er ytringsfridom viktig, og kva betyr det at ytringsfridom er grunnleggjande i eit demokratisk samfunn?
  • Finst det reglar for kva som er lov – og ikkje lov – å dele om andre i sosiale medium eller kommentarfelt?
  • Er det andre grenser og lovar for kva som er greitt – og ikkje greitt – å seie digitalt enn ansikt til ansikt?
  • Har de sett døme på at nokon har kommentert andre sine innlegg eller nyheitssaker på ein måte som ikkje burde vere lov – sjølv om me har ytringsfridom i Noreg? Sjå om de finn døme på dette i sosiale medium.
2

Du har ansvar for å ta vare på dine og andre sine opplysningar, og du har redaktøransvar for det du deler.

  • Har du angra på noko du har lagt ut på nettet om deg sjølv eller andre? I så fall kvifor?
  • Har du opplevd at andre har delt noko om deg som du ikkje likte? Kva gjorde du med det?
  • Har du delteke anonymt i diskusjonar eller liknande? Oppførte du deg på same måte som du hadde gjort dersom dei andre hadde visst kven du var, eller endra grensene dine seg?
  • Har du justert personverninnstillingane på profilen din? Kvifor / kvifor ikkje?
3

Tenk tilbake på kommentarfelt der du har sett folk diskutere anten bilete, filmar eller nyhendesaker.

  • Har du sett tilfelle på nett der du tykkjer nokon har gått over streken i måten dei er på mot andre (kommentarar, lagt ut bilete eller liknande)
  • Gjorde du noko med den aktuelle saka? Kvifor / kvifor ikkje? I så fall kva?
  • Korleis trur du negative eller krenkande meldingar til andre deltakarar i debattar kan påvirke kven som vil delta? Korleis kan det vere ei utfordring for demokratiet vårt?
4

Du bør kjenne til personverninnstillingane på appane du bruker. Vel éin av appane du bruker ofte, og sjå om du klarar å svare på spørsmåla nedanfor:

  • Kven kan sjå informasjonen din? Kan nokon sjå meir enn andre?
  • Har du open eller lukka profil?
  • Har du laga vennelister eller grupper, slik at du har betre kontroll over kven som ser kva?
  • Sjekka du kva appen har tilgang til på mobilen din, då du oppretta kontoen? Har han til dømes tilgang til kontaktlista di?
  • Veit du kva vennene dine kan dele om deg? Kan dei til dømes merke/tagge deg i bilete og filmar?
5

Dei aller fleste over 13 år har profil på ulike sosiale medium eller følgjer med på andre sine kontoar eller bloggar.

  • Korleis kan du vite at profilane du følgjer, verkeleg er dei dei gir seg ut for å vere?
  • Korleis kan du vite om produkta dei omtaler, eller det dei skriv om, er sant og til å stole på?
1 2 3 4 5

MEIR INFORMASJON

Nyttige nettsider

Ung.no er ei offentleg informasjonsside for ungdom (driven av Bufdir). Her kan du få kvalitetssikra svar på ulike spørsmål du måtte vere oppteken av, og som det kanskje kan vere vanskeleg å spørje andre om. Nettsida dekkjer ulike tema, alt frå kropp, seksualitet og psykisk helse til fritid, jobb og utdanning.

Andre tema her på Dubestemmer.no

Personvern: Kva er personvern og kva er personopplysningar? Og kvifor er det så viktig å ha kontroll over desse opplysningane?

Uønskte hendingar: Med sosiale medium har det blitt mogleg å dele innhald kjapt og enkelt. Men kva gjer du når det går gale? Kva gjer du viss nokon har misbruka bilete eller anna av deg eller du får meldingar med truande innhald?

Digitale spor: I løpet av ein heilt vanleg dag etterlèt du deg mange fleire digitale spor enn du sikkert er klar over. Dette er spor som kan vere tilgjengelege i svært lang tid. Denne informasjonen er interessant for mange.

INNHALD