Til hovedinnhold
Byt til bokmål
Byt til mellomtrinn
Byt til bokmål

Opplysningane om deg er verdifulle – ta vare på dei

PERSONVERN

    Personvern

    Kva er personvern og kva er personopplysningar? Og kvifor er det så viktig å ha kontroll over desse opplysningane?

    Me har alle noko me ikkje ønskjer å dele med andre – ikkje fordi det er kriminelt eller noko me nødvendigvis ønskjer å skjule, men rett og slett fordi det er privat. Personvern er ein grunnleggjande rett som seier at du skal ha rett til privatliv og kunne bestemme over dine eigne personopplysningar. Du skal sjølv kunne bestemme kva opplysningar om deg du ønskjer å dele, og med kven.

    Når du blir fødd, er det dine føresette som bestemmer over personopplysningane dine og korleis dei skal brukast. Etter kvart som du blir eldre, skal meiningane dine om ditt eige personvern telje meir og meir.

    Krav på privatliv

    Sjølv om du kanskje tenkjer at du ikkje har noko å skjule, har du likevel krav på eit privatliv. Kor stort behov ein har for å ha eit rom for seg sjølv som andre respekterer og ikkje bryt seg inn i, varierer frå person til person. Nokon tykkjer det er greitt å dele mykje, mens andre er meir tilbakehaldne. Ulike vennegjengar eller ulike kulturar kan ha ulikt syn på kva som er privat, og kva som kan delast.

    Oppfatninga av kva som er privat, har dessutan endra seg gjennom tid. Det foreldra eller besteforeldra dine har oppfatta som svært privat, ønskjer du kanskje å dele med venner eller andre.

    Opplysninger som oppleves private, kan være opplysninger om hvem du er, hvor du bor og hvem familien din er. Det kan også være informasjon, følelser eller meninger om helse, seksualitet, religion, politikk eller lignende. Jo mer digital hverdagen vår blir, og jo flere opplysninger som lagres om oss, desto viktigere blir det at vi prøver å ha litt oversikt over hva som lagres, hvem som kan se opplysningene, og hvordan de brukes. Du har rett til å vite hva som er lagret om deg, og hvorfor. Og jo mer sensitive eller private opplysningene er, desto viktigere er dette.

    Opplysningar som ofte kjennest private, kan til dømes vere opplysningar om kven du er, kvar du bur, og kven familien din er. Det kan òg vere informasjon, kjensler eller meiningar om helse, seksualitet, religion, politikk eller liknande. Jo meir digital kvardagen vår blir, og jo fleire opplysningar som blir lagra om oss, dess viktigare blir det at me prøver å ha oversikt over kva som blir lagra, kven som kan sjå opplysningane, og korleis dei blir brukte. Du har rett til å vite kva som er lagra om deg, og kvifor. Jo meir sensitive eller private opplysningane er, dess viktigare er dette.

    Det handlar om fridom. Dersom du blei overvakt heile tida, eller viss nokon kunne sjå alt som var lagra om deg, hadde du kanskje endra åtferd? Dei føresette har rett til å vite ganske mykje om deg, men tykkjer du det er greitt at dei installerer ein sporingsapp på telefonen din, slik at dei heile tida veit kvar du er, og kven du er i kontakt med?

    Opplysningane dine er verdifulle

    Du skal kunne kjenne deg trygg på at ingen får vite alt om deg eller ser alt du gjer. Personvernet blir likevel trua frå mange kantar, og med den auka bruken av digital teknologi er det enklare for fleire å samle inn, lagre og dele andre sine personopplysningar.

    Du tenkjer kanskje at informasjon om deg ikkje er noko som andre enn vennene dine og dei rundt deg bryr seg om. I dagens digitale samfunn er likevel informasjon om enkeltpersonar svært viktig for store selskap. Når du lastar ned ein app og skriv inn personopplysningar før du kan nytte han, tenkjer du kanskje at det er fint at appen er gratis, men du betaler på ein måte ved å oppgi informasjon om deg sjølv og vennene dine. Det å få vite kva vanar, venner og mønster folk har, eller kvar dei bur og kva dei er interesserte i, er svært verdifullt til dømes for dei som sel produkt og ønskjer å målrette reklame mot deg på ein mest mogleg effektiv måte. Jo meir treffsikker reklamen eller bodskapen er, dess meir sannsynleg er det at du blir påverka av han.

    Ta ansvar

    Ifølgje FNs barnekonvensjon skal alle barn sitt privatliv, familieliv og kommunikasjon med andre respekterast. Barn har òg rett til å seie si meining og bli høyrt. Dette betyr at meiningane til barn og unge om eige personvern er viktige. Viss du til dømes ikkje ønskjer at foreldra dine deler bilete av deg på sosiale nettstader, skal dei respektere dette.

    Visste du at...?

    Kvar enkelt av oss har ansvar for å verne våre eigne opplysningar på best mogleg måte. Det er viktig at du tek kontroll over dine eigne opplysningar og ikkje spreier dei på ein ukritisk måte. Tenk over kva du deler med kven, og del aldri andre sine personopplysningar utan å spørje dei om lov først. Still spørsmål når nokon ønskjer personleg informasjon om deg. Kvifor ønskjer dei tilgang til desse opplysningane, og kva skal dei brukast til?

    Personvern er eit grunnleggjande vern. Ta vare på personvernet ditt!

    Kva er personopplysningar?

    Kjelde: Datatilsynet

    Personopplysningar er opplysningar som kan knytast til ein enkeltperson. Det betyr at til dømes namn, fingeravtrykk, adresse, e-post og telefonnummer er personopplysningar om deg. Bilete som personar kan kjennast igjen på, er òg personopplysningar, sjølv om det ikkje står navn på. Fødselsnummeret ditt er òg ei personopplysning. Det består av fødselsdatoen din (dei seks første siffera) og personnummeret ditt (dei fem siste siffera).

    Noko mange ikkje veit, er at handlingane våre òg kan definerast som personopplysningar. Døme på dette kan vere opplysningar om kva du kjøper, kva butikkar du går i, kva tv-seriar du ser på, kvar du beveger deg fysisk i løpet av ein dag, og kva du søkjer etter på nettet. Når slike opplysningar blir kopla saman, kan dei danne mønster som seier mykje om deg og vanane dine. Det er ei stor utfordring for personvernet vårt at me legg igjen så mange digitale spor – ofte utan at vi veit om det eller tenkjer over det.

    Les meir om personopplysningar på datatilsynet.no

    Samtykke

    Kjelde: Datatilsynet

    Vanlegvis har ikkje nokon lov til å bruke personopplysningane dine utan å ha fått eit samtykke først. Det vil seie at du (eller foreldra dine) har gitt løyve til det. Samtykket skal vere frivillig, og de skal ha sagt tydeleg ja – anten skriftleg eller munnleg. For at samtykket skal vere gyldig, må de òg ha fått god informasjon om kva de faktisk seier ja til, og de skal når som helst kunne trekkje løyvet tilbake.

    Dette er hovudregelen, men det finst unntak. Til dømes har staten og kommunen lov til å registrere og bruke ein del personopplysningar utan godkjenning frå dykk.

    Frå du er 13 år kan du sjølv opprette kontoar på sosiale medium, og samtykke til at dine eigne personopplysningar blir delt der. Frå samme alder skal du også få vere med å bestemme om bilete av deg til dømes skal delast på nettsida til skulen eller på sosiale medium i samband med fritidsaktivitetar du er med på. Viss du er yngre, må du eller dei som ønskjer å bruke personopplysningane dine, vanlegvis be om løyve frå foreldra dine. Viss du er usamd, skal meininga di bli vektlagd.

    Dersom det dreier seg om sensitive personopplysningar (til dømes opplysningar knytt til straffbare forhold, helse, seksualitet og liknande), må foreldra dine i nokre tilfelle samtykke på dine vegner heilt fram til du er 18 år.

    Pass på opplysningane dine

    Mobilar, nettbrett og pc-ar inneheld mykje privat informasjon om både deg og dei du har kontakt med. Dersom uvedkomande får tilgang til personopplysningane dine, kan dei stele identiteten din eller bruke opplysningane på måtar som kan vere svært uheldige for deg. Det er derfor veldig viktig at du sikrar einingane og opplysningane dine så godt du kan.

    Tips til sikring:

    1. Bruk skjermlås (passord, mønster, PIN-kode, fingeravtrykk eller liknande). Sett alltid på skjermlåsen før du legg frå deg telefonen eller maskina di.
    2. Bruk simkortkode som må oppgivast kvar gong mobilen eller nettbrettet blir starta på nytt.
    3. Bruk totrinnsstadfesting der det er mogleg (òg kalla tofaktorautentisering).
    4. Oppdater appane og programma dine. Det er mykje enklare å bryte seg inn i gamle versjonar av programvare.

    Passordvett

    Det er viktig å bruke gode passord, for at andre ikkje skal få tak i personopplysningane dine. Det aller viktigaste tipset for godt passordvett er at du ikkje bruker det same passordet overalt. Viss du tykkjer det er vanskeleg å hugse mange ulike passord, er det betre å skrive dei ned på ein lapp og gøyme denne godt, enn å bruke det same passordet på alle kontoane dine. Dersom det er mogleg, bør du bruke totrinnsinnlogging (tofaktorautentisering). Det betyr at du bruker både passord òg kode når du loggar på. På denne måten kan du sikre at ingen får tak i opplysningane dine, sjølv om dei får tak i passordet ditt.

    NorSIS (Norsk senter for informasjonssikring) har ei nettside som heiter nettvett.no, der kan du lese meir om kva totrinnsinnlogging er, og korleis du lagar gode passord.

    Deling av posisjon

    I mange appar kan du dele informasjon om kvar du er, eller kvar du var, då bilete og annan informasjon blei delt. Det kan vere morosamt å sjå alle stadene du har vore på, og kanskje endå meir morosamt å sjå kvar vennene dine er. Men kanskje er du ikkje klar over at appen har slik sporing, og at posisjonen din kan vere synleg for andre. Det er derfor viktig at du tenkjer gjennom om du ønskjer å dele posisjonen din eller ikkje, og korleis du eventuelt slår av denne funksjonen.

    Viss du bruker slike tenester ofte, kan folk få oversikt over kva stader du ofte er på. Det er ikkje sikkert du ønskjer at kven som helst skal vite dette om deg. Det handlar derfor om å ta eit bevisst val og berre dele slik informasjon med dei du sjølv ønskjer å dele han med.

    Sporing av mobil

    FNs barnekonvensjon

    Artikkel 12 - Rett til å seie meninga si og bli høyrt

    Alle barn har rett til å seie meininga si, og meiningane deira skal bli tekne på alvor. Det betyr at meininga di skal lyttast til, anten det er på skulen med lærarar og andre elevar, heime eller på fritidsaktivitetane dine. Jo eldre du er, dess meir skal meininga di telje i saker som gjeld deg.

    Artikkel 16 – Rett til privatliv, ære og omdømme

    Ingen barn skal utsetjast for vilkårleg eller ulovleg innblanding i privatlivet sitt, heimen sin, familien sin eller kommunikasjonen sin. Dei skal heller ikkje utsetjast for ulovlege angrep på æra si eller omdømmet sitt. Sjølv om foreldra dine bestemmer mykje fram til du er vaksen, har du altså rett til eit privatliv. Dei har derfor vanlegvis ikkje lov til å snoke i tinga dine, lese dagboka di eller meldingane dine, eller sjå på andre ting som er personlege for deg utan godkjenning frå deg. Det same gjeld på skulen. Skulesekken og skap på skulen skal du vanlegvis få ha i fred.

    Du kan lese meir om rettane dine på Barneombodet sine nettsider. Der finn du òg informasjon om kva du kan gjere dersom du meiner at nokon har brote rettane dine.

    Militærbasar avslørt gjennom treningsapp

    Kjelde: NRK

    Strava er ein app der brukarane kan logge og dele treningsrutene sine med andre brukarar. I 2018 publiserte Strava eit kart som syner kor aktiviteten til brukarane er størst. Sidan det stort sett berre er militært personell som nyttar Strava i mange konflikt- og krigsherja land, og det var tydeleg kor aktiviteten var størst, kunne fleire medier avsløre militærbasar rundt om i verden ved å nytte dette kartet. Soldatar frå Noreg på oppdrag i utlandet avslørte òg identiteten sin gjennom denne treningsappen.

    I tillegg til soldatar frå Noreg, fant NRK identiteten til personar frå USA, Danmark, Frankrike, Nederland, Italia og Storbritannia som har vore på militære basar i Afghanistan og Irak. Identiteten til slikt personell er ofte strengt hemmelig, blant annet i Afghanistan, der norske marinejegarar hjelper afghansk elitepoliti.

    Forsvaret kontakta alle styrkesjefene etter denne saka, slik at dei kunne snakke med soldatana om korleis dei kan nytte appar som kan avsløre posisjon.

    Les meir om Strava-avsløringa på nrk.no

    Skjermdump av kart fra treningsapp som viser lyse felter der mange har beveget seg.

    Delte informasjon om kor kronprinsfamilien var

    Kjelde: TV2

    Då kronprinsfamilien for nokre år sidan var både heime og på turar, tok eitt av barna bilete og delte dei på Instagram-profilen sin. Det ingen hadde tenkt på, var at innstillingane for stadstenester (posisjon) var slått på, og at informasjonen om kvar bileta var tekne, blei lagra og delt. Dermed kunne kven som helst sjå kvar kronprinsfamilien var då bileta blei tekne.

    Venner av barna, som var på besøk, delte òg bilete og tagga at dei var tekne på Skaugum. På denne måten blei informasjon om kronprinsfamilien delt. Ved å tagge bilete med stadsinformasjon (geotagging), kan du komme til å dele informasjon om andre enn deg sjølv, utan at verken du eller dei det gjeld, er merksam på det.

    Les meir på tv2.no

    Franske foreldre må søkje om løyve for å kunne gjere barna sine til influensarar

    Kjelde: NRK

    I Frankrike er det vedteke ei lov som skal sikre at rettane til unge influensarar blir tekne vare på. Dersom barn under 16 år skal eksponerast i sosiale medium, må foreldra ha løyve frå lokale styresmakter. Lova skal dessutan sikre at eventuelle inntekter går til barna, og ikkje til foreldra.

    Les saka om barneinfluensarar på nrk.no

    Kva kan foreldre følgje med på?

    Kjelde: slettmeg.no

    "Nokon gonger søkjer eg opp ting på internett som eg ikkje vil at foreldra mine skal vite om"

    Ein gut (14) er skikkeleg stressa. Han fortel at han nokre gonger bruker privat modus i nettlesaren på telefonen når han søkjer på Google. Han oppdaga så ein dag at det kom varsel om personvern og bruk av informasjonskapslar på skjermen, og lurer på om det betyr at foreldra kan sjå kva han har søkt på?

    Heldigvis er svaret frå slettmeg.no roande: Varsla på telefonen kjem fordi Google og andre har plikt til å fortelje korleis dei behandlar personopplysningar. Foreldra kan ikkje sjå det guten søkjer på når han bruker privat modus på telefonen sin.

    Kva er personvern?

     

    Personvern er eit grunnleggende vern. I denne filmen får du ein introduksjon til kva personvern er, og kvifor det er så viktig å ta vare på eige og andre sitt personvern.

    (Filmen er laga av Snöball Film.)

    Du har lov til å seie nei – musikkvideo

     

    Det er gøy med bilete av vener og andre som du kjenner. Men veit du at du har lov til å seie nei?

    (Musikkvideoen er laga av Snöball Film.)

    Konferansetimen

     

    Ein film om kor viktig det er å ha kontroll over kva som vert delt på nett.

    1

    Både barn og vaksne, privatpersonar og kjendisar har rett til personvern.

    • Kvifor er personvern og retten til å få ha privatlivet sitt i fred, så viktig?
    • Er det nokon stader eller situasjonar der me har større behov for eller rett til å få vere i fred? I så fall kva for nokre?
    • Har de ulike grenser for kva de meiner er privat? Diskuter kva de tykkjer er greitt – og ikkje greitt – å dele om dykk sjølv.
    • Bør offentlege personar tole meir enn andre når det gjeld dette? Kvifor / kvifor ikkje? Kvar tykkjer de at grensene skal gå?
    2

    Synet på kva som er privat, og kva som eignar seg for offentlegheita, har endra seg med åra.

    • Finn døme frå tv, nettet, aviser eller blad som de ikkje trur hadde blitt delte for 10 år sidan. Kva med for 50 år sidan?
    • Diskuter korleis grensene har flytta seg. Kva meiner de er positivt / negativt ved denne utviklinga.
    3

    Viss nokon på skulen ønskjer å ta bilete av elevane, må foreldra til desse elevane ha gitt løyve først. Det skal då opplysast om kva bileta skal brukast til, slik at dei føresette veit kva dei seier ja til. Men, elevane må òg få vere med på å bestemme kva som skal skje med bilete dei sjølve er med på.

    • Blir det teke bilete av elevane på skulen dykkar? Korleis blir bileta brukte i så fall (på nettsida til skulen, i skulekatalogen, på Facebook, Instagram, Twitter eller anna)?
    • Har skulen fått skriftleg løyve frå foreldra til dette?
    • Spør lærarane dykk elevar om det er greitt før dei tek bilete på arrangement, turar eller liknande? Fortel dei òg kva bileta skal brukast til? Og får de moglegheita til å seie nei dersom lærarane ønskjer å dele bilete av dykk på nett?
    • Kva med dykk? Har de nokon gong teke bilete eller film av lærarane dykkar og delt dei med andre utan å spørje om lov først?
    • Diskuter kva som er problematisk rundt slik biletdeling, og lag reglar de meiner skal gjelde for skulen dykkar.
    4

    Nokre foreldre legg ut bilete av barna sine på Facebook, bloggar eller på andre nettstader.

    • Tykkjer de det er greitt? Kvifor / kvifor ikkje?
    • Bør barna bli spurde først, og frå kva alder av bør meininga til barna om dette bli høyrt? Når bør barna få bestemme sjølve om dette er greitt?
    • Kva tenkjer de kan vere problematisk med at foreldra tek desse avgjerdene på vegne av barna?
    5

    Ulike skular har ulike reglar for bruk av utstyr, og av og til ønskjer skulepersonale å sjekke innhald på maskinene til elevane. Det kan til dømes vere fordi ulovleg innhald er lasta ned, eller fordi leiinga ved skulen ønskjer å finne ut kva som har skjedd i mobbesaker.

    • Kven bør kunne sjekke kva de har gjort på utstyr som blir brukt på skulen? Lærarar? Foreldre? Rektor?
    • Kva bør dei kunne sjekke? Kva skal denne informasjonen kunne brukast til?
    • Er det forskjell på bruk av privat eller skulen sitt utstyr viss det er brukt på nettverket til skulen?
    • Viss det blir oppdaga mobbing på skulen, bør læraren (eller andre ved skulen) kunne be om tilgang til pc-ane eller mobilane til elevane for å sjekke kva som har skjedd?
    • Finn ut kva reglar som gjeld på skulen dykkar. Er de samde i desse reglane? Lag eventuelt eigne forslag til reglar, som kan leggjast fram for leiinga.

    1

    Det er store forskjellar frå familie til familie når det gjeld kva foreldra får vite om privatlivet til barna.

    • Kvar går grensa for kva foreldra dine skal ha rett til å vite om deg: Skal dei kunne gå inn på rommet ditt? Bør dei kunne kontrollere kvar du har brukt bankkortet ditt? Er det greitt at dei sjekkar nettverket for å sjå kva nettsider du har vore inne på? Er det greitt at dei bruker program på mobilen for å sjekke kvar du er? Kvifor / kvifor ikkje?
    • Kor gammal bør du vere før foreldra dine ikkje lenger kan krevje å sjekke alt du gjer eller kvar du er? Forklar kvifor.
    • Bør det vere ulike aldersgrenser for døma som er nemnt ovanfor, og i så fall kva for nokre?
    2

    Mange blir overraska over kor mykje informasjon om dei som er tilgjengeleg på nettet. Med jamne mellomrom bør du derfor sjekke om det er informasjon om deg som er søkbart for alle:

    • Søk på ditt eige namn på Google. Tips: Skriv namnet ditt i anførselstekn (eksempel: "Erna Solberg"). Får du nokre treff?
    • Visste du i så fall at denne informasjonen var tilgjengeleg for alle?
    • Er det du eller nokon andre som har delt denne informasjonen? Viss det er nokon andre som har delt det, spurde dei i så fall deg om lov først?
    • Tykkjer du det du finn, gir eit riktig bilete av deg sjølv?
    • Fann du noko du tykkjer var ubehageleg å finne, noko du ønskjer å få sletta?
    3

    Det er lett å dele bilete med andre eller på nett ved hjelp av mobilen og ulike appar.

    • Har nokon delt bilete av deg utan å spørje deg først? Tykte du i så fall det var greitt? Kvifor / kvifor ikkje?
    • Deler du bilete av venner utan å spørje dei først? Kva med andre som du ikkje kjenner? Viss det er ulikt – kvifor behandlar du ulike personar ulikt? Kvar går grensene?
    • Kan du tenkje deg tilfelle der nokon ikkje ønskjer å – eller ikkje bør – få delt bilete eller andre opplysningar om seg sjølv på nett?

    Det er dine personopplysningar. Ta godt vare på dei.

    Les meir om personvern

    Datatilsynet skal passe på at personvernreglane blir følgde, og at folks rettar blir respekterte. På datatilsynet.no kan de lese meir om personvern og om kva rettar de har etter personopplysningslova.

    Nettvett.no er ein nettstad som blir driven av NorSIS (Norsk senter for informasjonssikring). Der kan du blant anna lese meir om personvern. Du kan òg lese om korleis du kan sikre opplysningane dine best mogleg på sosiale medium.

    Andre tema her på Dubestemmer.no

    Sosial på nett: Sosiale medium har gitt oss moglegheit til å kommunisere med andre når og kvar me ønskjer. Med denne moglegheita følgjer det ikkje desto mindre både ansvar og utfordringar.

    Uønskte hendingar: Med sosiale medium har det blitt mogleg å dele innhald kjapt og enkelt. Men kva gjer du når det går gale? Kva gjer du viss nokon har misbruka bilete eller anna av deg eller du får meldingar med truande innhald?

    Digitale spor: I løpet av ein heilt vanleg dag etterlèt du deg mange fleire digitale spor enn du sikkert er klar over. Dette er spor som kan vere tilgjengelege i svært lang tid. Denne informasjonen er interessant for mange.