Til hovedinnhold
Målform

Klikk for å endre målgruppe

Lukk vindu
Personikon

LÆRARRETTLEIING - UNGDOMSSKULE/VGS

Digitale spor

ikon av fotavtrykk etter pensko

Dei digitale spora dine er verdifulle for andre

Data om historikken din på nett er med på å gi deg saumlause og friksjonsfrie brukaropplevingar. Men sporing kan òg brukast på lite personvernvennlege måtar. Sporingsdata kan dessutan misbrukast. Her er nokre døme på relevante problemstillingar:

  • Algoritmestyrt tilpassing av marknadsføring basert på preferansane dine gir deg annonsar som treffer litt for godt.
  • Anonymiserte data om aktiviteten din er ikkje nødvendigvis så anonyme når mange datakjelder blir kombinerte.
  • Brukarpreferansar kan misbrukast av dei som er ute etter å manipulere meiningane dine, til dømes under eit val.

Under temagjennomgangen får du innsikt i desse problemstillingane – og mange andre.

Ikon for ankermenypunkt med tekstlig innhold.

Kvifor undervise om digitale spor?

  • Kunnskap om digitale spor er med på å sikre rettane til elevane etter norsk lov. Ifølgje FNs barnekonvensjon og menneskerettslova skal ingen bli utsette for tilfeldig eller ulovleg innblanding i privatlivet sitt. Staten skal dessutan sikre barn moglegheit til informasjon frå ulike nasjonale og internasjonale kjelder.
  • Arbeidet med temaet gir ei gyllen moglegheit til å undre seg saman med elevane: Kva for teknologiske moglegheiter kjem vi til å ha i framtida? Kva er positivt og kva er negativt?
Ikon for ankermenypunkt med tekstlig innhold.

Læreplanverket og temaet digitale spor

Temaet digitale spor er relevant for fleire av elementa i læreplanverket. Du finn utfyllande informasjon om læreplanverket på udir.no. Læreplanvisninga har òg eit integrert planleggingsverktøy, som gjer det mogleg å hente element frå læreplanverket til planane dine. Ein dømeplan for temaet digitale spor for ungdomsskulen/vgs er tilgjengeleg utan innlogging. I planen får du ei oversikt over kjerneelement, tverrfaglege tema, grunnleggjande ferdigheiter og kompetansemål. Ønsker du å lage ein kopi av planen til bruk i planlegginga di, må du vere pålogga planleggingsverkøyet. Då vil du få tilgang til knappen "Kopier plan". Merk at dømeplanen ikkje nødvendigvis er uttømmande når det gjeld fag og element i læreplanane.

Ikon for ankermenypunkt med tekstlig innhold.

I undervisning

Progresjonen i arbeidet med dubestemmer.no er tenkt ved å følgje ei fast rekkjefølgje i temaa på elevsidene. Personvern er første tema. I lærarrettleiinga for personvern får du ein gjennomgang av strukturen til elevsidene.

Sjå strukturen i lærarrettleiinga for personvern.

Elevsidene inneheld ulike filmar, som er meinte å brukast som ein del av opplæringa. Du kan sjå filmane på elevsida. I denne lærarrettleiinga får du meir informasjon om filmane.

Nettverk med illustrasjon av barn og unge som kommuniserer digitalt.

Digitale spor og digital dømmekraft

Filmen har eit overordna perspektiv på temaet personvern. Han tematiserer korleis informasjon om deg sjølv er av interesse for andre, og skal inspirere til å lære meir om digital dømmekraft og personvern.

Filmen varer i vel eit minutt.

 

Førebuing til diskusjonsoppgåver

På elevsida finn du ulike diskusjonsoppgåver til bruk i klassen.

OPPGÅVE 5

Korleis formar Google søkjetreffa?

Google skal gi deg den mest relevante rangeringa av søkjetreffa dine. Treffa blir omtalte som "objektive og sjølvstyrte". Likevel kan misforståingar fort oppstå:

Kva forventar ein engelskspråkleg nettbrukar å få informasjon om ved eit søk på "apple": frukta eller tech-giganten? Og kva slags treff forventar du å få ved søk på "is": dessert eller terrororganisasjon?

Google modererer søkjetreff av fleire grunnar. Du kan høyre eit intervju med Zack, ein av dei 10 000 tilsette som evaluerer Google-søk, i podkasten "How Google Shapes Your Search Results" frå Wall Street Journal (varigheit: 21 minutt). Her er nokre døme:

  • Sidan 2015 har søkjetreff på strengen "how do vaccines cause autism?" resultert i treff på offentlege institusjonar som legg fram dokumentasjon på at dette ikkje er sant.
  • "best way to kill myself" gir treff på hjelpetenester.
  • Lobbyistar har jobba for ei bestemd rangering ved søk knytt til abort.

OPPGÅVE 6

Målet helgar middelet

Oppgåva ber om døme på at "målet helgar middelet" i bruken av personopplysningane våre. Her er nokre aktuelle døme:

  • I samband med covid 19-pandemien blei det verda rundt brukt sporingsteknologi på ulike måtar for å drive både forsking og smittesporing. Den norske varianten fekk tidleg stoppsignal frå Datatilsynet. Ein av mange artiklar om saka er "Amnesty: Noregs Smittestopp-app blant dei verste i verda på personvern" på nrk.no.
  • Clearview AI er ein app for ansiktsattkjenning som har ført til at politiet har arrestert kriminelle dei elles ikkje hadde klart å spore opp. Appen er omtalt på temasida for elevane.
Ikon for ankermenypunkt med tekstlig innhold.

Fordjup deg!

Deepfakes og kritisk medieforståing

Undervisningsopplegg om å kjenne att og avsløre falskt innhald

Medietilsynet og faktisk.no sitt skuleprosjekt Tenk har utarbeidd eit undervisningsopplegg om deepfakes. Gjennom filmar, artiklar, oppgåver og diskusjonsspørsmål kan de jobbe med følgjande tema:

  • Kva er deepfake og korleis fungerer det?
  • Korleis avsløre deepfakes?
  • Døme frå verkelegheita
  • Tips og reglar

Utforsk "Deepfakes – eit undervisningsopplegg om kritisk medieforståing" på medietilsynet.no.

Tips og fleire ressursar

ikon av DNA-streng

Vala dine varer i generasjonar

Gentesting kan gi svar på noko du lurer på – og setje varige spor.

Spytt i ein behaldar. Få resultatet tilsendt. Og som reklamen seier: "Finn andre som deler DNA-et ditt og slekta di". Du får vite kor mange prosent avstamming du har frå ulike regionar i verda. Du òg får talfesta kor sannsynleg det er at du har visse trekk, som mørkt eller lyst hår, høgdeskrekk eller kløft i haka.

Millionar av menneske verda over har nytta seg av gentesttenester. Ein av dei er Eirik Solheim i NRKbeta. Han har skrive kronikken "Eg sende DNA-et mitt til USA. No angrar eg."

Les heile kronikken på NRKbeta.no.

Korleis blir vi spora på nett?

Skjermdumpen stammar frå ein film hos ndla.no som illustrerer nettopp dette.

For at du skal få presentert innhaldet frå ei nettside eller ein app, må tenesta hente ulike komponentar. Denne dataflyten inneber ikkje nødvendigvis at aktiviteten din blir spora. Samstundes kan det vere vanskeleg å vite nøyaktig korleis ulike sporarar og informasjonskapslar til saman byggjer opp eit nettverk av informasjon om aktiviteten din.

Dyrt å misbruke personopplysningar

Gebyrvarsel frå Datatilsynet på 100 millionar kroner.

Den amerikanske appen Grindr profilerer seg som "den største sosiale nettappen i verda for homofile og bifile menn, transpersonar og skeive". I 2020 sende Forbrukarrådet ei klage til Datatilsynet fordi Grindr utleverer GPS-posisjon og opplysningar frå brukarprofilane til marknadsføringsformål. Datatilsynet behandla klaga og gav Forbrukarrådet medhald. Datatilsynet vurderte at Grindr hadde brote samtykkekrava i personopplysningslova.

Datatilsynet påpeika òg at nokon si seksuelle legning er "ein særleg kategori sensitiv personopplysning". Det gjer saka ekstra alvorleg.

I påvente av tilsvar frå Grindr har ikkje Datatilsynet fatta eit endeleg vedtak.

Les meir:

INNHOLD