Til hovedinnhold
Målform

Klikk for å endre målgruppe

Lukk vindu
Personikon

LÆRARRETTLEIING - UNGDOMSSKULE/VGS

Sosial på nett

ikon med person og hengelås

Nesten alle barn og unge bruker sosiale medium.

  • 95 prosent av norske 9–18-åringar bruker YouTube.
  • Tida ein bruker plattformene og talet på plattformer som blir brukte, er aukande med alder.
  • To tredelar av alle norske barn mellom 9 og 18 år er på TikTok og Instagram.
  • Heile 80 prosent er på Snapchat.

Tala stammar frå Medietilsynets Barn og medier-undersøking (2016 og 2020).

Ikon for ankermenypunkt med tekstlig innhold.

Kvifor undervise om å vere sosial på nett?

  • Elevar gjer seg erfaringar på sosiale medium frå ung alder.
  • Elevar bruker mykje tid på sosiale medium.
  • Sosiale medium er plattformer for relasjonsbygging mellom elevar, og får dermed innverknad på skulemiljøet til elevane.
Ikon for ankermenypunkt med tekstlig innhold.

Læreplanverket og temaet sosial på nett

Temaet sosial på nett er relevant for fleire av elementa i læreplanverket. Du finn utfyllande informasjon om læreplanverket på udir.no. Læreplanvisninga har òg eit integrert planleggingsverktøy, som gjer det mogleg å hente element frå læreplanverket til planane dine. Ein dømeplan for temaet sosial på nett for ungdomsskulen/vgs er tilgjengeleg utan innlogging. I planen får du ei oversikt over kjerneelement, tverrfaglege tema, grunnleggjande ferdigheiter og kompetansemål. Ønsker du å lage ein kopi av planen til bruk i planlegginga di, må du vere pålogga planleggingsverkøyet. Då vil du få tilgang til knappen "Kopier plan". Merk at dømeplanen ikkje nødvendigvis er uttømmande når det gjeld fag og element i læreplanane.

Ikon for ankermenypunkt med tekstlig innhold.

I undervisning

Progresjonen i arbeidet med dubestemmer.no er tenkt ved å følgje ei fast rekkjefølgje i temaa på elevsidene. Personvern er første tema. I lærarrettleiinga for personvern får du ein gjennomgang av strukturen til elevsidene.

Sjå strukturen i lærarrettleiinga for personvern.

Elevsidene inneheld ulike filmar, som er meinte å brukast som ein del av opplæringa. Du kan sjå filmane på elevsida. I denne lærarrettleiinga får du meir informasjon om filmane.

Teikning av tre troll

Trollus netticus

I filmen blir nokre av dei ulike typane nettroll og kjenneteikna deira karikert. Filmen varer i vel eit minutt og opnar fint opp for ein samtale om ytringsfridom på nett.

Tre ungdommar sit ved eit bord i ein park.

Ingenting å skjule?

Filmen er litt over fire minutt lang og best eigna for litt eldre elevar. Utgangspunktet er at dei tre ungdommane diskuterer filming av ein uvitande person. Samtalen går fort over på kva som er greitt å dele, og kvifor det er viktig å vere medviten om å ta vare på eige og andre sitt personvern.

 

Førebuing til diskusjonsoppgåver

På elevsida finn du ulike diskusjonsoppgåver til bruk i klassen.

OPPGÅVE 4

Ung? Kvinne? Politikar? Minoritet? Då er du meir utsett for trakassering på nett.

Ei undersøking utført av Amnesty International i Noreg, viser at 2 av 3 kvinnelege politikarar har opplevd netthets. Eit anna funn er at over halvparten av dei som ikkje har blitt utsett for netthets, likevel endrar åtferda si på nett for å unngå å bli trakassert.

Lær meir:

Ikon for ankermenypunkt med tekstlig innhold.

Fordjup deg!

Det finst mange gode ressursar du kan ta eit djupdykk i eller bruke for å lære og forstå meir om det å vere sosial på nett. Her er nokre tips:

Redd Barna

På Redd Barna sine nettsider kan du bestille gratis undervisningsmateriell for 1.–10. trinn, som kan brukast i klasserommet for å bidra til å bevisstgjere elevar rundt ansvarleg, positiv og trygg nettbruk. Materiellet kan brukast i arbeidet for å førebyggje digital mobbing og seksuell trakassering.

Les meir og bestill ressursane (reddbarna.no)

Medietilsynet

Medietilsynet har ansvar for å innhente kunnskap og rettleie om mediebruken til barn og unge. Barn og medier-undersøkinga inneheld mykje relevant informasjon for alle som jobbar med den digitale dømmekrafta til barn og unge. Sjå gjerne på desse ressursane (medietilsynet.no):

En balansevekt i likevekt

Facebook har sin eigen høgsterett

Høgsterett er i det minste den skildringa media bruker på organet. Facebook sjølv kallar det for "oversight board", på norsk omsett til tilsynsråd. Arbeidet med dette uavhengige organet starta i 2018. Formålet er å etablere eit organ som skal ha det siste og avgjerande ordet i avgjerder relatert til "dei vanskelegaste avgjerdene knytt til innhald".

Les meir om tilsynsrådet hos Facebook.

Kven sit i tilsynsrådet? Éin av medlemmene er tidlegare statsminister i Danmark, Helle Thorning-Schmidt. Ho fortel litt om eigen bakgrunn og jobben i tilsynsrådet i ein 15 minutts podkastepisode kalla "An Interview With a Member of the Facebook Oversight Board" frå The Journal.

Kva slags avgjerder skal rådet jobbe med? I podkastepisoden "Facebook’s Supreme Court" frå Radiolab (varigheit: 44 minutt) kan du høyre om korleis innhald på Facebook blir tolka ulikt avhengig av kulturell kontekst.

Anonym brukar?

Dei fleste norske barn og ungdommar lagar ikkje falske brukarar.

Det viser Medietilsynets Barn og medier-undersøking frå 2020. Fleirtalet av 13–18-åringar oppgir at dei aldri har hatt anonym eller falsk brukar i sosiale medium. Her er nokre funn frå undersøkinga:

  • Berre tre prosent av 13–14 år gamle jenter seier at dei har ein falsk eller anonym profil. 14 prosent seier at dei har hatt det tidlegare.
  • 13 prosent av 17–18 år gamle gutar seier at dei har ein falsk eller anonym profil. 28 prosent seier at dei har hatt det tidlegare.
  • I aldersgruppa 15–16 år finn vi dei største kjønnsforskjellane. Generelt bruker gutar i større grad anonyme eller falske profilar. For 15–16-åringar er det fire prosent av jentene som har falsk/anonym profil, mot 12 prosent av gutane.

Sjå talgrunnlag og alt om Barn og medier-undersøkinga på medietilsynet.no..

INNHOLD