Til hovedinnhold
Målform

Klikk for å endre målgruppe

Lukk vindu
Personikon

LÆRARRETTLEING - UNGDOMSSKULE/VGS

Uønskte hendingar

Ikon av hånd som holdes opp som et stopptegn

Kva er uønskte hendingar?

Barn og unge møter ulike problemstillingar med merkelappen "uønskte hendingar". Nokre døme er

  • digital mobbing
  • deling av uønskt innhald
  • møte med skadeleg innhald
  • nettsvindel
  • seksuell tvang og utpressing

Arbeidet med temaet opnar for mange historier frå verkelegheita. Det er lett å finne døme frå media, og elevane har òg eigne erfaringar. I samtale med elevane er det lurt å tenkje gjennom kva rammer du ønskjer å setje for det elevane eventuelt kjem til å dele.

Ikon for ankermenypunkt med tekstlig innhold.

Kvifor undervise om uønskte hendingar?

  • Barn og unge snakkar ikkje med vaksne om uønskte hendingar på nett. EU Kids Online-undersøkinga (2018) viser at fleirtalet av barn og unge fortrur seg til jamaldra. Ein av fem (20 %) snakka ikkje med nokon sist dei opplevde noko negativt på nett.
  • Mange skulemiljøsaker har digitale spor. Elevundersøkinga 2020 viser at blant dei som blir mobba digitalt av elevar på skulen, opplever nesten 44 prosent òg tradisjonell mobbing.
  • Formålsparagrafen i opplæringslova seier mellom anna at "Elevane og lærlingane skal utvikle kunnskap, dugleik og holdningar for å kunne meistre liva sine og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet."
Ikon for ankermenypunkt med tekstlig innhold.

Læreplanverket og temaet uønskte hendingar

Temaet uønskte hendingar er relevant for fleire av elementa i læreplanverket. Du finn utfyllande informasjon om læreplanverket på udir.no. Læreplanvisninga har òg eit integrert planleggingsverktøy, som gjer det mogleg å hente element frå læreplanverket til planane dine. Ein dømeplan for temaet uønskte hendingar for ungdomsskulen/vgs er tilgjengeleg utan innlogging. I planen får du ei oversikt over kjerneelement, tverrfaglege tema, grunnleggjande ferdigheiter og kompetansemål. Ønsker du å lage ein kopi av planen til bruk i planlegginga di, må du vere pålogga planleggingsverkøyet. Då vil du få tilgang til knappen "Kopier plan". Merk at dømeplanen ikkje nødvendigvis er uttømmande når det gjeld fag og element i læreplanane.

Ikon for ankermenypunkt med tekstlig innhold.

I undervisning

Progresjonen i arbeidet med dubestemmer.no er tenkt ved å følgje ei fast rekkjefølgje i temaa på elevsidene. Personvern er første tema. I lærarrettleiinga for personvern får du ein gjennomgang av strukturen til elevsidene.

Sjå strukturen i lærarrettleiinga for personvern.

Elevsidene inneheld ulike filmar, som er meinte å brukast som ein del av opplæringa. Du kan sjå filmane på elevsida. I denne lærarrettleiinga får du meir informasjon om filmane.

Skjermdump av ein e-post med teksten "Eg veit kva du gjorde…"

Eg veit kva du gjorde…

Tom blir lurt av ein e-post. Han prøver å finne vegen ut av problema på eiga hand.

Filmen varer i åtte minutt.

Kjærestepar sit på graset i parken

Nico og Thea

Nico og Thea er kjærastar. Den dagen forholdet tek slutt, bruker Nico kompromitterande bilete av Thea for å presse ho.

Filmen varer i vel fire minutt.

 

Nærbilde av ansikt til smilande jente

Kva skjedde med Maria?

Maria er 16 år og dreg på fest med ei venninne. Ho står sjølv for filminga av ein kompromitterande situasjon. Filmen blir delt utan Maria sitt samtykke.

Rolla til foreldre og andre involverte blir tematisert.

Filmen er frå 2011. Han er seks minutt lang.

Ikon av hånd som holder et hjerte

Å vere ein trygg vaksen for elevane dine

Professor Elisabeth Staksrud har jobba mykje med barn og medium. Ho veit godt at barn og unge sjeldan snakkar med ein vaksen når det har skjedd noko kjipt på nett. Staksrud har nokre tips til vaksne som vil vere relevante støttespelarar:

  • Førebyggjande tiltak. Vis deg som ein tydeleg og imøtekommande vaksen før den uønskte hendinga er eit faktum.
  • Ver ærleg og tydeleg. Du er sannsynlegvis ikkje ekspert på alle plattformene, men du har likevel noko viktig å bidra med. Døme:

    "Eg kan ikkje så mykje om TikTok, men eg veit at det kan skje kjipe ting der. Viss du opplever noko som ikkje er greitt, vil eg at du snakkar med meg."

  • Ingen er feilfrie. Ver tydeleg på at barna kan snakke med deg, sjølv om dei kanskje har trått feil. Døme:

    "Sjølv om du kanskje gjorde noko feil og sende eller delte noko dumt, så er det framleis veldig viktig at du snakkar med meg eller nokon andre vaksne du stoler på."

(Attgitt etter spørsmål og svar-økt på NKUL 2021.)

 

Førebuing til diskusjonsoppgåver

På elevsida finn du ulike diskusjonsoppgåver til bruk i klassen.

OPPGÅVE 1

Døme på uønskte hendingar.

Elevane blir bedne om å finne dømesaker frå media. Her er nokre mykje omtalte saker:

  • Kanadiske Amanda Todd (15) tok sitt eige liv i 2012. Forut for sjølvmordet delte ho ein YouTube-video om mobbinga ho blei utsett for. Utgangspunktet var at ho som 12-åring viste fram kroppen sin til nokon ho trudde var jamaldra, føre eit webkamera. Les meir om Amanda Todd på wikipedia.org.
  • Engelske Kayleigh Haywood (15) blei drepen av den 27 år gamle "groomeren" Luke Harlow. "Grooming"-termen blir brukt om overgriparar som prøver å bli kjend med barn og unge for dermed å byggje opp eit tillitsforhold. I dette tilfellet starta groominga på Facebook. Les meir om Kayleigh Haywood på wikipedia.org.

… og så til ei langt meir uskuldig sak frå Noreg:

Ikon for ankermenypunkt med tekstlig innhold.

Fordjup deg!

Det finst mange nyttige ressursar som kan brukast i arbeidet med temaet uønskte hendingar. Her er nokre tips:

Mobbing og skulemiljø

Nakenbilete, pornografi, overgrepsmateriale

  • Kan eg straffast for å ha sendt nakenbilete av meg sjølv til andre? Du finn svar på dette og liknande spørsmål på Politiet sin ressurs delbart.no. Gjennom filminnhald og undervisningsmateriell tematiserast seksualiserte bilete og videoar på avvegar.
  • Nær seks av ti gutar og éin av ti jenter mellom 13 og 16 år har vore inne på ei porno- eller sex-side på nettet. Lær meir gjennom Redd Barna sine samtaletips for temaet nettporno, i tillegg til mange andre ressursar for arbeid med nettvett.
  • – Det som slår meg som felles for overgrepsutsette, er at ingen fortel meir enn dei må, seier ein erfaren Kripos-etterforskar i rapporten "Seksuell utnytting av barn over nett". Norsk politi har dei siste åra etterforska store sakskompleks der ei enkeltmelding har ført til at fleire hundre barn har blitt identifiserte som offer for éin og same gjerningsperson. Kva kjenneteiknar offera, og kven er gjerningspersonane? Og korleis jobbar politiet mot seksuell utnytting av barn over nett? Lær meir på politiet.no

Nettpatruljar og hjelpetenester

Jente som snakkar i telefonen med mor, som lurer på kvifor ho ikkje er på skulen.

På NRK og NRK Skole finst mykje relevant innhald:

Korleis reagerer ungdom på seksuelt innhald på nett?

 

I analysen av EU Kids Online-undersøkinga (2018) har forskarane sett på kva erfaringar norske barn og ungdommar (9–17 år) har med seksualisert innhald på nett. Her er nokre funn frå undersøkinga:

  • 40 prosent av barna og ungdommane oppgir at dei har møtt seksuelt innhald på nett.
  • Oppfatninga til barn og unge av kva som "tel som" seksuelt innhald varierer – nokon inkluderer seksuelt innhald som viser menneske som har sex (til dømes pornografi), men også bilete og teikningar av nakne menneske (til dømes erotisk kunst).
  • Fleirtalet oppgir at dei ikkje "følte noko spesielt" i møte med seksualisert innhald.
  • Blant dei som reagerte negativt, var det fleire jenter enn gutar som blei opprørte (44 prosent mot 18 prosent).

Funn frå rapporten "The experiences of Norwegian youth (aged 9 to 17) with sexual content online" på uio.no

Skjermdump av bloggar Sophie Elise, som er fortvila over at eit sexbilete av ho er spreidd.

Ei av dei som har opplevd kjipe ting på nett, er influensar Sophie Elise. Ho ante ikkje ein gong at sexbiletet eksisterte før det var spreidd på nett. Programleiar Leo Ajkic møter unge som på ulikt vis er ramma av netthat. Bloggar Isabel Raad fortel til dømes om korleis ho ser på netthat som lønnsamt. Leo møter òg ein gut som deler bilete utan samtykke. Heile programmet varer i 20 minutt.

Sjå "Leo kjempar mot netthat" på NRK Skole.

Ikon av detektiv med solbriller og slips

slettmeg.no

  • slettmeg.no er ei gratis råds- og rettleiingsteneste for alle som føler seg krenkte på nett.
  • Nettstaden inneheld ei rekkje rettleiingar knytt til sletting av innhald og kontoar på mykje brukte tenester.
  • Tenesta kan òg kontaktast via telefon, e-post og sosiale medium.
  • no har ikkje mandat til å krevje sletting, men hjelper ved å gi råd om korleis ein kan få fjerna informasjon frå nettet.

Besøk tenesta slettmeg.no

INNHOLD