Til hovedinnhold
Målform

Klikk for å endre målgruppe

Lukk vindu
Personikon

LÆRARRETTLEIING - MELLOMTRINN

Uønskte hendingar

ikon av hånd som holdes opp som et stopp-tegn

Kva er uønskte hendingar?

Barn og unge møter ulike problemstillingar med merkelappen "uønskte hendingar", til dømes

  • digital mobbing
  • deling av uønskt innhald
  • møte med skadeleg innhald
  • nettsvindel
  • seksuell tvang og utpressing

Arbeidet med temaet opnar for mange historier frå verkelegheita. Det er lett å finne døme frå media, og elevane har òg eigne erfaringar. I samtale med elevane er det lurt å tenkje gjennom kva slags rammer du vil setje for det elevane eventuelt vil ønske å dele.

Ikon for ankermenypunkt med tekstlig innhold.

Kvifor undervise om uønskte hendingar?

  • Få barn og unge snakkar med ein vaksen om uønskte hendingar på nett. EU Kids Online-undersøkinga (2018) viser at fleirtalet fortrur seg til jamaldra. Ein av fem (20 %) snakka ikkje med nokon sist dei opplevde noko negativt på nett.
  • Mange skulemiljøsaker har digitale spor. Elevundersøkinga 2020 viser at blant dei som opplever å bli mobba digitalt av elevar på skulen, er det nesten 44 prosent som òg opplever tradisjonell mobbing.
  • Formålsparagrafen i opplæringslova seier mellom anna at "Elevane og lærlingane skal utvikle kunnskap, dugleik og holdningar for å kunne meistre liva sine og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet."
Ikon for ankermenypunkt med tekstlig innhold.

Læreplanverket og temaet uønskte hendingar

Temaet uønskte hendingar er relevant for fleire av elementa i læreplanverket. Du finn utfyllande informasjon om læreplanverket på udir.no. Læreplanvisninga har òg eit integrert planleggingsverktøy, som gjer det mogleg å hente element frå læreplanverket til planane dine. Ein dømeplan for temaet uønskte hendingar for mellomtrinn er tilgjengeleg utan innlogging. I planen får du ei oversikt over kjerneelement, tverrfaglege tema, grunnleggjande ferdigheiter og kompetansemål. Ønsker du å lage ein kopi av planen til bruk i planlegginga di, må du vere pålogga planleggingsverkøyet. Då vil du få tilgang til knappen "Kopier plan". Merk at dømeplanen ikkje nødvendigvis er uttømmande når det gjeld fag og element i læreplanane.

Ikon for ankermenypunkt med tekstlig innhold.

I undervisning

Progresjonen i arbeidet med dubestemmer.no er tenkt ved å følgje ei fast rekkjefølgje i temaa på elevsidene. Personvern er første tema. I lærarrettleiinga for personvern får du ein gjennomgang av strukturen til elevsidene.

Sjå strukturen i lærarrettleiinga for personvern.

Elevsidene inneheld ulike filmar, som er meinte å brukast som ein del av opplæringa. Du kan sjå filmane på elevsida. I denne lærarrettleiinga får du meir informasjon om filmane.

Gut med ryggen til sit og ser på ein skjerm

Møtet

Vegard og Preben chattar. Chatten handlar i utgangspunktet om eit dataspel, og vi forstår at dei aldri har møtt kvarandre i verkelegheita. Preben lykkast med å avtale eit fysisk møte med Vegard. Preben er ikkje han Vegard trur.

Filmen varer i vel to minutt.

Teikning av gut med vondsinna blikk som ser på ein skjerm

Var det du som sende den dritkjipe meldinga?

Ei visualisering av ein tenkt situasjon der ein gut deler eit ufordelaktig bilete av ein klassekamerat. Det er ikkje enkelt å trekkje tilbake digitale spor.

Filmen varer i eitt minutt.

Illustrasjon av hånd som holder et hjerte

Å vere ein trygg vaksen for elevane dine

Professor Elisabeth Staksrud har jobba mykje med barn og medium. Ho veit godt at barn og unge sjeldan snakkar med ein vaksen når det har skjedd noko kjipt på nett. Staksrud har nokre tips til vaksne som vil vere relevante støttespelarar:

  • Førebyggjande tiltak. Vis deg som ein tydeleg og imøtekommande vaksen før den uønskte hendinga er eit faktum.
  • Ver ærleg og tydeleg. Du er sannsynlegvis ikkje ekspert på alle plattformene, men du har likevel noko viktig å bidra med. Døme:

    "Eg kan ikkje så mykje om TikTok, men eg veit at det kan skje kjipe ting der. Viss du opplever noko som ikkje er greitt, vil eg at du snakkar med meg."

  • Ingen er feilfrie. Ver tydeleg på at barna kan snakke med deg, sjølv om dei kanskje har trått feil. Døme:

    "Sjølv om du kanskje gjorde noko feil og sende eller delte noko dumt, så er det framleis veldig viktig at du snakkar med meg eller nokon andre vaksne du stoler på."

(Attgitt etter spørsmål og svar-økt på NKUL 2021.)

 

Førebuing til diskusjonsoppgåver

På elevsida finn du ulike diskusjonsoppgåver til bruk i klassen.

OPPGAVE 2

Ung? Kvinne? Politikar? Minoritet? Då er du meir utsett for trakassering på nett.

Ei undersøking frå Amnesty International i Noreg viser at 2 av 3 kvinnelege politikarar har opplevd netthets. Eit anna funn er at over halvparten av dei som ikkje har blitt utsett for netthets, likevel endrar åtferda si på nett for å unngå å bli trakassert.

Lær meir:

Ikon for ankermenypunkt med tekstlig innhold.

Fordjup deg!

Det finst mange nyttige ressursar som kan brukast i arbeidet med temaet uønskte hendingar. Her er nokre tips:

Alvorleg skadeleg innhald og overgrepsmateriale

  • Korleis verne barn mot alvorleg skadeleg innhald på nett? Utdanningsdirektoratet har utarbeidd ein rettleiar om førebyggjande jobbing, tekniske løysingar for skjerming og tiltak når barn har sett alvorleg skadeleg innhald. I rettleiaren står det mellom anna at "barn som utviklar digital kompetanse, har større sannsyn for å meistre risiko på nett og utvikle strategiar for å handtere potensielt skadelege situasjonar". Lær meir på udir.no om vern av barn mot skadeleg nettinnhald.
  • – Det som slår meg som felles for overgrepsutsette, er at ingen fortel meir enn dei må, seier ein erfaren Kripos-etterforskar i rapporten "Seksuell utnytting av barn over nett". Norsk politi har dei siste åra etterforska store sakskompleks der ei enkeltmelding har ført til at fleire hundre barn har blitt identifiserte som offer for éin og same gjerningsperson. Kva kjenneteiknar offera, og kven er gjerningspersonane? Og korleis jobbar politiet mot seksuell utnytting av barn over nett? Lær meir på politiet.no

Nettpatruljar og hjelpetenester

Graf over møte med pornografi fordelt på alder

Kor gammal var du første gong du såg porno?

Grafen viser tal frå Medietilsynets Barn og medier-undersøking (2020). Respondentane er 13–18-åringar, og 29 prosent av dei møtte porno første gong som 11–12-åringar.

  • 14 prosent var 9 eller 10 år.
  • 57 prosent har sett porno på nett før fylte 13 år.
  • Tal fordelt på kjønn viser at 63 prosent av gutane såg porno før fylte 13 år.

I analysen av EU Kids Online-undersøkinga (2018) har forskarane sett på kva slags erfaringar norske barn og ungdommar (9–17 år) har med seksualisert innhald på nett. For 9–12-åringar som har sett seksuelt innhald på nett, oppgir meir enn halvparten at dei ikkje veit kva dei kjende om det dei såg. Forskarane peikar på at dette "kan tyde på at yngre barn treng hjelp til å skilje mellom kva som kjennest OK og kva som ikkje kjennest OK for dei."

Tips:

Mobbing og skulemiljø

 

Mange skulemiljøsaker har digitale spor. Når de skal jobbe med klassemiljøet – anten førebyggjande eller ved uønskte hendingar – finst det mange nyttige nettressursar:

Jente som ser på telefonen sin

 

Elise er 11 år, har smarttelefon og er aktiv på sosiale medium. Ho har eit godt forhold til mamma og snakkar om det som skjer på nett.

Ein dag får ho beskjed av ei venninne om å sjekke Instagram. Det blir starten på ein lang periode med hets. Les saka "Nokon hatar Elise" på nrk.no (skjermdump frå saka).

ikon av detektiv med solbriller og slips

slettmeg.no

  • slettmeg.no er ei gratis råds- og rettleiingsteneste for alle som føler seg krenkte på nett.
  • På nettstaden er det ei rekkje rettleiingar knytt til sletting av innhald og kontoar på mykje brukte tenester.
  • Tenesta kan òg kontaktast på telefon, e-post og i sosiale medium.
  • no har ikkje mandat til å krevje sletting, men hjelper ved å gi råd om korleis ein kan få fjerna informasjon frå nettet.

Besøk tenesta slettmeg.no

INNHALD