Til hovedinnhold
Målform

Klikk for å endre målgruppe

Lukk vindu
Personikon

LÆRARRETTLEIING - MELLOMTRINN

Personvern

ikon med person og hengelås

Ei personopplysning er ei opplysning som kan knytast til ein enkeltperson.

Det betyr at til dømes namn, alder, adresse og telefonnummer er personopplysningar viss dei kan knytast berre til deg. Bilete der du kan kjenne igjen personar, er derfor òg personopplysningar, sjølv om det ikkje står namn ved bileta. Fødselsnummeret ditt er òg ei personopplysning.

Når du surfar på nett, blir eininga du bruker (datamaskina eller telefonen), tildelt ein unik identifikator – ei IP-adresse. Ved hjelp av IP-adressa kan den enkelte brukaren identifiserast. Dermed blir òg IP-adresser rekna som personopplysningar.

Ikon for ankermenypunkt med tekstlig innhold.

Kvifor undervise om personvern?

  • Elevar skal sjølv kunne bestemme kva opplysningar dei vil dele, og med kven.
  • Elevane skal reflektere over kva dei deler med kven, og dei skal få ei forståing av at dei ikkje skal dele andre sine personopplysningar utan å spørje om lov først.
  • Personvern er eit grunnleggjande vern av privatlivet. Elevane skal lære å verne om privatlivet sitt.
  • Elevane skal forstå at personvern gir rett til privatliv. Elevane skal seie ifrå viss dei synest at privatlivet deira ikkje blir respektert.
Ikon for ankermenypunkt med tekstlig innhold.

Læreplanverket og temaet personvern

Temaet personvern er relevant for fleire av elementa i læreplanverket. Du finn utfyllande informasjon om læreplanverket på udir.no. Læreplanvisninga har òg eit integrert planleggingsverktøy, som gjer det mogleg å hente element frå læreplanverket til planane dine. Ein dømeplan for temaet personvern for mellomtrinnet er tilgjengeleg utan innlogging. I planen får du ei oversikt over kjerneelement, tverrfaglege tema, grunnleggjande ferdigheiter og kompetansemål. Ønsker du å lage ein kopi av planen til bruk i planlegginga di, må du vere pålogga planleggingsverkøyet. Då vil du få tilgang til knappen "Kopier plan". Merk at dømeplanen ikkje nødvendigvis er uttømmande når det gjeld fag og element i læreplanane.

Ikon for ankermenypunkt med tekstlig innhold.

I undervisning

Progresjonen i arbeidet med dubestemmer.no er tenkt ved å følgje ei fast rekkjefølge for elevsidene:

  1. Personvern
  2. Sosial på nett
  3. Uønskte hendingar
  4. Kjeldekritikk

Elevsidene bruker same mal. Du kan bruke sidemenyen for enkel navigering i innhaldet. Alle elevsidene har mellom anna

  • ei introduksjonshistorie som er meint å skape attkjenning eller grunnlag for diskusjon saman med elevane.
  • ein introduksjonsartikkel som gir elevane ei innføring i det aktuelle temaet, og inneheld eit utdrag av dei mest aktuelle problemstillingane.
  • faktaboksar i ulike variantar med relevant informasjon om temaet.
  • historier frå verkelegheita, som er meint å skape nærleik til aktuelle problemstillingar, samstundes som dei seier noko generelt om kva utfordringar som eksisterer.
  • diskusjonsoppgåver, som er meinte å brukast i plenum.
  • eigenoppgåver, som er meinte å brukast til individuelt arbeid.

Du kjem til å oppdage at elevsidene i liten grad refererer til namngitte plattformer eller merkevarer. Årsaka er todelt; digital dømmekraft er plattformuavhengig, og dermed er essensen i temaa uavhengig av teknologi. Dessutan veit vi at plattformer og merkevarer er i stadig endring. For at innhaldet ikkje skal verke utdatert, er det gjort merkevareuavhengig – så godt det lar seg gjere.

Elevsidene inneheld ulike filmar, som er meinte å brukast som ein del av opplæringa. Du kan sjå filmane på elevsida. I denne lærarrettleiinga får du meir informasjon om filmane.

Ung jente tek selfie med trutmunn

Kva er personvern?

Denne introduksjonsfilmen varer i nesten fire minutt. Han fokuserer på rettar og val som kvar enkelt har og gjer når det gjeld personvern. Han tek opp spørsmål som

  • Kva vil det seie at noko er privat?
  • Kva konsekvensar får det når vi deler informasjon på nett?
  • Kva bestemmer foreldra dine, og kva bestemmer du?
Gruppe med barn som smiler og ser i kamera

Du har lov til å seie nei

Musikkvideo på to og eit halvt minutt som tematiserer rettar knytt til deling av personopplysningar. Syng gjerne med, dette er karaokeversjonen! Filmen finst òg utan karaoketekst.

 

Førebuing til diskusjonsoppgåver

På elevsida finn du ulike diskusjonsoppgåver til bruk i klassen.

OPPGÅVE 2

Oppgåva dreier seg om praksis når det gjeld å ta og dele bilete/film. Som førebuing kan det vere greitt å sjå på rutinar de har på skulen og sjå på skjemaet som skulen bruker for samtykke frå foreldre.

  • Synest du at samtykkeskjemaet er spesifikt nok?
  • Veit du kva elevar som ikkje har samtykt til avfotografering?

OPPGÅVE 3

Oppgåva dreier seg om praksis rundt deling av bilete. Treng du eit eksempel for å sparke i gang diskusjonen?

"Jeg fikk sjokk av alt jeg hadde publisert, og slettet unna for harde livet, pinlig berørt av min manglende vurderingsevne."

Sitatet stammar frå tidlegare mammabloggar Mariann Johansen. For nokre år sidan tok ho eit oppgjer med seg sjølv – i full offentlegheit. Ho hadde delt "syke barn, barn i badekaret, barn i bleier, barn som søler med maten sin" og fått hundrevis av likes og positive tilbakemeldingar.

Ho meinte at ho hadde utlevert for mykje av livet til barna. Du kan lese heile kommentaren "Jeg er mammabloggeren som angret" på aftenposten.no".

Ikon for ankermenypunkt med tekstlig innhold.

Fordjup deg!

Det finst mange gode ressursar som du kan djupdykke i for å lære og forstå meir om personvernrelevante tema. Her er nokre tips:

Nettvett.no

Nettsida er eit samarbeid mellom Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, Nasjonalt tryggingsorgan og Norsk senter for informasjonssikring. Sjå mellom anna

Nettvett.no har òg samla ressursar og eit e-læringskurs for lærarar om digital tryggleik.

Kvinne som blir intervjua og sitert på at "dataa er eigedelen din"

Nasjonal digital læringsarena har innhald berekna på vidaregåande opplæring. Lær meir om

Personvernerklæringa på dubestemmer.no inneheld òg mykje relevant informasjon som kan bidra til auka forståing.

I personvernerklæringa kan du mellom anna lese om kva eit samtykke er. På temasidene for elevane er òg omgrepet samtykke sentralt. Kortversjonen er at dersom nokon vil bruke eit bilde eller andre opplysningar om deg, må dei spørje om lov først.

Det finst fleire reglar i lovverket som rammar ulovleg deling. I 2021 vart straffelova endra for å bli tydelegare i reglene om urettmessig deling av bilde, film og andre personopplysningar. I Den norske mediepodden kan du høyre advokat John Christian Elden, Hanne Andreassen frå Kripos og IT-sikkerhetskonsulent Mia Landsem drøfta kva desse endringane betyr.

Gå til episoden "Hva slags innhold er det ulovlig å dele på nett - og hvordan forebygge at det skjer?" frå Den norske mediepodden.

Visste du at...?

24 prosent av norske 9–18-åringar har delt passord for pålogging til sosiale medium med venner.

Det viser Medietilsynets Barn og medier-undersøking frå 2020. Delen som har delt passord, aukar betydeleg med alder. For 17–18 år gamle jenter oppgir 40 prosent at dei har delt passord med venner. 9–10 år gamle gutar er til samanlikning "flinkast i klassen". Berre fire prosent av dei oppgir å ha delt passord.

Årsaker til deling av passord er

  • for å passe på streaken på Snapchat (59 prosent)
  • for å få hjelp med noko (35 prosent)
  • for å vere på den sikre sida (viss eg skulle gløyme passordet) (21 prosent)
  • for å vise at eg er ein god venn (7 prosent)

Sjå talgrunnlag og alt om Barn og medier-undersøkinga på Medietilsynets nettstad.

INNHALD