Til hovedinnhold
Målform

Klikk for å endre målgruppe

Lukk vindu
Personikon

LÆRARRETTLEIING - MELLOMTRINN

Kjeldekritikk

ikon av hånd som holdes som et stopp-tegn

Kva er kjeldekritikk?

Leksikondefinisjonen er formulert slik: "Kjeldekritikk er ein metode som blir nytta både for å vurdere avsendaren av informasjon og truverdet til informasjonen."

For å gjere ei kjeldekritisk vurdering er det fire faktorar som ofte blir nemnde:

  • T – Truverd: Er kjelda til å stole på?
  • O – Objektivitet: Er kjelda nøytral?
  • N – Nøyaktigheit: Finn du spor etter juks eller slurv?
  • E – Eignaheit: Finn du svara du treng?

I siste del av lærarrettleiinga går vi grundigare inn i TONE-rammeverket.

Du kan lese meir om kjeldekritikk i Store norske leksikon.

Ikon for ankermenypunkt med tekstlig innhold.

Kvifor undervise om kjeldekritikk?

  • Formålsparagrafen i opplæringslova seier mellom anna at "Elevene skal kunne vurdere ulike kilder til kunnskap og tenke kritisk om hvordan kunnskap utvikles."
  • Barn må lære å vurdere kjelder kritisk. Eit døme er å identifisere reklame i sosiale medium. Funn frå Barn og medier-undersøkinga (2020) tyder på at eldre barn i større grad enn yngre barn evner å skilje reklame og anna innhald i sosiale medium.
  • Kunnskap om kjeldekritikk er òg eit viktig våpen mot falske nyheiter. Desinformasjon er ikkje ei ny oppfinning, men er eit evig aktuelt tema i ein digital kontekst.
Ikon for ankermenypunkt med tekstlig innhold.

Læreplanverket og temaet kjeldekritikk

Temaet kjeldekritikk er relevant for fleire av elementa i læreplanverket. Du finn utfyllande informasjon om læreplanverket på udir.no. Læreplanvisninga har òg eit integrert planleggingsverktøy, som gjer det mogleg å hente element frå læreplanverket til planane dine. Ein dømeplan for temaet kjeldekritikk for mellomtrinn er tilgjengeleg utan innlogging. I planen får du ei oversikt over kjerneelement, tverrfaglege tema, grunnleggjande ferdigheiter og kompetansemål. Ønsker du å lage ein kopi av planen til bruk i planlegginga di, må du vere pålogga planleggingsverkøyet. Då vil du få tilgang til knappen "Kopier plan". Merk at dømeplanen ikkje nødvendigvis er uttømmande når det gjeld fag og element i læreplanane.

Ikon for ankermenypunkt med tekstlig innhold.

I undervisning

Progresjonen i arbeidet med dubestemmer.no er tenkt ved å følgje ei fast rekkjefølgje i temaa på elevsidene. Personvern er første tema. I lærarrettleiinga for personvern får du ein gjennomgang av strukturen til elevsidene.

Sjå strukturen i lærarrettleiinga for personvern.

Elevsidene inneheld ulike filmar, som er meinte å brukast som ein del av opplæringa. Du kan sjå filmane på elevsida. I denne lærarrettleiinga får du meir informasjon om filmane.

Illustrasjon av gut som står ansikt til ansikt med ein hest

Skreiv du stil om den hesten der?

Animasjonsfilm (utan tale) om ei skuleoppgåve med temaet "hest". Hovudpersonen utforskar ulike treff på nettet. Det er tydeleg at ikkje alle treffa inneheld det dei gir seg ut for å vere.

Filmen varer i halvtanna minutt.

Ulike avatarar er knytt saman på nett

Kva er digital dømmekraft?

Filmen har eit overordna perspektiv på temaet personvern. Han tematiserer korleis informasjon om deg sjølv er av interesse for andre, og skal inspirere til å lære meir om digital dømmekraft og personvern.

Filmen varer i vel eit minutt.

 

Førebuing til diskusjonsoppgåver

På elevsida finn du ulike diskusjonsoppgåver til bruk i klassen.

OPPGÅVE 2

Oppgåva spør om "reglar for bruk av nett når de skal gjere skulearbeid". Som førebuing kan det vere greitt å finne ut om skulen har eigne nedskrivne reglar for kjeldetilvisingar/referansar i skulearbeid. Det aller viktigaste prinsippet er nok både du og elevane dine kjent med allereie:

Viss du bruker innhald som du ikkje har laga sjølv, må du fortelje kven som står bak.

Men sjølv om du fortel kven som har laga noko du vil bruke, er det ikkje sånn at du kan bruke alt du finn på nett. Heldigvis finst det gode råd. På delrett.no finn du både ei lærarrettleiing og ei elevrettleiing i reglar om opphavsrett i undervisning.

Ikon for ankermenypunkt med tekstlig innhold.

Fordjup deg!

Det finst mange nyttige ressursar som kan brukast i arbeidet med temaet kjeldekritikk. Her er nokre tips:

Falske nyheiter

Rammeverket TONE

I kjeldekritisk arbeid på nett kan du bruke TONE.

Truverd

  • Kven er forfattar? Kan du stole på denne kjelda?
  • Viss kjelda er anonym: Finn du same informasjon andre stader?
  • Kva betyr det at ein nettstad sluttar på .no, .org, .com eller .biz?

Objektivitet

  • Kvifor er det viktig å vere objektiv?
  • Finn du same informasjon andre stader?
  • Skal ein alltid vere objektiv?
  • Kva er motivasjonen til kjelda for å dele informasjonen? Er det reklame?

Nøyaktigheit

  • Finn du ut når informasjonen sist blei oppdatert?
  • Finn du juks eller slurv?
  • Kva andre kjelder blir det lenkja til?

Eignaheit

  • Inneheld kjelda det du er på jakt etter – eller noko litt anna?
  • Korleis kan du finne andre kjelder om same tema som er både truverdige, objektive og nøyaktige – og som i tillegg passar i den aktuelle samanhengen?
Ei mengd tenåringsjenter i ein garderobe, som driv med styling av sminke og hår

Produktplassering, sponsing og annonsar på nett finn veg inn i medium og tenester som vaksne ikkje alltid kjenner like godt.

Ny mediebruk betyr at lærarar òg må trene opp evna si til kjeldekritikk. Når medievanar og teknologibruk hos barn og unge er i endring, endrar reklamen seg.

Skjermdumpen er frå eit to minutt langt klipp frå Brennpunkt-dokumentaren "Youtube-generasjonen". Klippet viser korleis dagens unge møte produktplassering og reklame frå bloggarar og youtubarar. Kva slags føresetnader har dei for å vurdere informasjonen dei sit igjen med?

ikon av bøker i hylle

Sant og usant på Wikipedia

Nettleksikonet wikipedia.org blei etablert i 2001. Sidan starten har sjølve ideen vore at alle kan bidra med innhald.

INNHALD