Til hovedinnhold
Byt til bokmål
Byt til mellomtrinn
Byt til bokmål

Er du kritisk til kva du legg igjen av spor, og kva du finn på nett?

DIGITALE SPOR

    Digitale spor

    Du bestemmer kvar du bruker bankkortet ditt, og kva du bruker det til. Du bestemmer kva ord du søkjer på. Du bestemmer kva du deler med kjende og ukjende på sosiale medium. Alt blir lagra. I løpet av ein heilt vanleg dag etterlèt du deg mange spor – bevisst og ubevisst.

    Aldri før har det vore mogleg å samle så mange opplysningar om kvar enkelt av oss: kven me er, kva me gjer, og kva me liker. Og aldri før har det vore lettare å produsere og dele akkurat kva me ønskjer. Opplysningar om deg er ofte nødvendige å samle inn, men i mange tilfelle òg svært verdifulle for selskap som tilbyr ulike tenester. Det er derfor viktig å ha klare reglar for kven som har lov til å samle opplysningar om andre, korleis desse opplysningane skal brukast, kva dei kan brukast til, og kor lenge opplysningane kan lagrast.

    For at du skal kunne ha kontroll over dine eigne opplysningar, må du vite kva du seier ja til, og kva vilkår som gjeld.

    Bruk og misbruk

    Styresmaktene må vite mykje om deg sidan du er ein del av samfunnet vårt. Det er nødvendig for at du skal ha tilgang til ulike offentlege tenester, slik som skule og helsetenester. Politi- og rettsvesen har behov for å samle informasjon og sjekke elektroniske spor i arbeidet sitt med å etterforske og dømme kriminelle, sikre liv og halde oppe lov og orden i samfunnet.

    Mange tusen private selskap er avhengige av å kjenne brukarane sine, for å kunne lage best moglege tenester. Dei som står bak sosiale medium (slik som Snapchat og Instagram), må til dømes kjenne målgruppa si, for å lage gode og morosame løysingar, slik at du får lyst til å snakke med kjende og ukjende der. Klesbutikkar treng å vite kva klede dei skal framheve for ulike målgrupper for å selje så mykje klede som mogleg. Desse private selskapa treng å vite mest mogleg om deg, og denne informasjonen må dei derfor samle inn.

    Andre ønskjer å få tak i informasjon om deg for å kunne gjennomføre svindel mot deg eller andre. Jo meir desse aktørane klarer å finne ut om deg eller dine kjende, dess meir truverdige verkar ofte førespurnader frå dei, og det er lett å bli lurt.

    Enorme datamengder

    Me gir frå oss små bitar med data og informasjon i mange ulike samanhengar og til ulike aktørar. Me deler bilete, filmar og annan informasjon på sosiale medium – anten ope eller i ulike lukka grupper. Mønstera på korleis me beveger oss rundt på nett, kan òg seie mykje om kven me er. Det finst dessutan mange opne kjelder til personopplysningar, slik som skattelister og telefonregister. Samstundes blir verktøya for å søkje fram og kombinere mykje av denne informasjonen, stadig betre, og mengda personopplysningar som blir samla inn av dei store selskapa, er gigantiske. Desse enorme datamengdene blir gjerne kalla big data.

    Anonym?

    Det er lett å tru at berre nokre få ser kva du gjer, kven du er og kvar du er. Men det er mange som har moglegheit til å hente ut, lagre og bruke bitar av informasjon om deg og vanane dine når du bruker mobil, pc eller andre einingar som er kopla til nettet.

    Noko som ikkje alltid kjem tydeleg fram på ulike nettsamfunn der du opprettar ein profil, er kva informasjon om deg dei får tilgang til, og kva han kan brukast til. Kvar gong du eller vennene dine legg til ein app, til dømes eit spel, må du godta ein del vilkår. Desse vilkåra seier noko om kva informasjon eigarane av appen kan hente ut om deg. Pleiar du å sjekke kva du eigentleg seier ja til, og kva informasjon du villig gir frå deg når du lastar ned ein ny app?

    Ver kritisk!

    Falske nyheiter er eit omgrep som blir brukt om nyheitsliknande saker som verkar ekte, men som heilt eller delvis er basert på løgn, eller som har utelate informasjon for å skape ei bestemd vinkling. Ofte er det eit bevisst formål bak denne forma for falsk informasjon. Formålet kan vere å tene pengar, svindle deg, påverke dei politiske meiningane dine, polarisere debattar eller skape forvirring i befolkninga. Falske nyheiter kan svekkje folk si tillit til seriøse nyheitskjelder og vere til hinder for demokratiet.

    Måtane desse falske nyheitene blir laga på, blir stadig meir avanserte, så det er stadig vanskelegare å avsløre kva som er sant, og kva som er ekte. Ved å dele slike artiklar eller innlegg vidare, er du med på å spreie falske nyheiter. Dersom du deler noko med vennene dine, reknar dei sikkert med at du har sjekka om informasjonen stemmer, og slik er du med på å få innhaldet til å verke meir truverdig.

    Visste du at...?

    Ofte kallast personopplysningar for vår tids valuta. Private selskap må tene pengar på noko, og når dei tilbyr deg gratis appar og spel, er det gjerne ikkje heilt "gratis". Du betaler med personopplysningar. Desse opplysningane om deg, vanane dine og bevegelsesmønstera dine kan dei så bruke til å lage reklame og marknadsføring som er tilpassa akkurat deg. Nokon tener òg store pengar på å selje opplysningane vidare til andre selskap.

    Personopplysningane dine er verdifulle for mange, så tenk over kvar du legg dei frå deg!

    Deepfake

    Kjelde: Faktisk.no og Medietilsynet

    Deepfakes er ein måte å bruke kunstig intelligens på for å endre på video- og lydmateriale. Stemmer og ansikt ser ut som kjende menneske i kjende omgivnader, men dei er manipulerte.

    Dei beste deepfakes er så godt laga at det kan vere umogleg å sjå på biletet, videoen eller høyre på lyden at det du har fått, er falskt. Slikt innhald kan vere lett å lage og vanskeleg å avsløre, og nettopp derfor er kjennskap til deepfakes viktig for å kunne avsløre falskt innhald.

    Deepfake kan til dømes gjere det mogleg å manipulere ein telefonsamtale slik at det verkar som ein nær venn av deg ringjer og ber deg vippse pengar til nummeret det blir ringt frå. Det kan òg brukast til å få det til å sjå ut som ein politikar seier noko han eller ho eigentleg ikkje meiner. Det kan få store konsekvensar for han eller ho det gjeld, og kven skal me tru på når personen påstår at dette ikkje er sant?

    Faktisk.no sitt skuleprosjekt Tenk har saman med Medietilsynet laga eit eige undervisningsopplegg der du skal få ei betre forståing av deepfakes. Her finn du meir informasjon, filmar, spørsmål og kviss om deepfake.

    Illustrasjon av ein mann som tar bort ansiktet som ein maske og avslører ein data-hjerne

    Informasjonskapslar (cookies)

    Mange nettstader er interesserte i å vite kven som har vore på besøk, og derfor lagrar dei ein liten informasjonskapsel (cookie) på eininga di (pc-en eller mobilen). Dette er små tekstfiler som gjer det enkelt for nettstadene å kjenne deg igjen frå tidlegare besøk. Dette gjer at nettsida kan «hugse» val du har teke tidlegare, slik som kva klede du har lagt i den digitale handlekorga deira, eller kva du har fylt inn i skjema tidlegare, så du slepp å gjere det på nytt. Søkjemotorar kan nytte informasjonskapslar for å gi deg meir relevante søkjeresultat, og ulike nettsamfunn kan bruke dei for at du skal sleppe å logge deg på kvar gong du besøkjer.

    Dei fleste nettlesarar er stilte inn til å godta informasjonskapslar. Kvar gong du besøkjer ein nettstad, sjekkar han om eininga di har informasjonskapslar og registrerer informasjonen i dei, til dømes brukarnamnet og passordet du bruker for å logge på nettsamfunnet. Etter norsk lov må norske nettsider du besøkjer, opplyse om det dersom dei bruker informasjonskapslar.

    Informasjonskapslar kan gjere det lettare for deg å bruke ein nettstad, men informasjonen som blir registrert, seier mykje om vanane dine og kva du pleier å gjere på nett. Nettstader som driv med reklame, fangar opp dette og set det saman med annan informasjon om deg, slik at dei kan tilpasse reklamen til akkurat deg. Du kan nekte nettstader å lagre informasjonskapslar ved å justere personverninnstillingane i nettlesaren slik at du blokkerer informasjonskapslar, eller ved at du blir varsla når ein informasjonskapsel blir lagra på datamaskina di. Du må då bestemme kva som er viktigast for deg – personvern eller tilgjengelegheit.

    Nettlesarhistorikk

    Når du bruker nettlesaren til å surfe på nett, kan det lagrast informasjon om kva nettsider du har besøkt, kva du har lasta ned, og passorda du har lagra. Det er dermed mogleg for andre å sjå kva nettstader du har besøkt, ved å sjekke historikken eller mellombelse filer. Desse filene blir ikkje sletta automatisk når du lukkar vindauget eller nettlesaren. Dersom du deler pc med andre, er dette viktig å kjenne til, elles kan dei sjå kva nettsider du har besøkt – og det er ikkje sikkert dette alltid er noko du ønskjer.

    På nettvett.no kan du lese om korleis du kan slette slike spor frå dei ulike nettlesarane.

    Klarer du å avsløre falske nyheiter?

    Falske nyheiter (òg kalla fake news, false news, alternative nyheiter, alternative fakta og desinformasjon) er nyheitsliknande saker som bevisst spreier usanningar, propaganda eller liknande. Dei ser ofte ut som vanlege nyheitssaker, og kan innehalde både falsk og ekte informasjon. Dei kan derfor vere vanskelege å avsløre. Dei som lagar og spreier usanningar, kan ha politiske motiv eller ha eit ønske om å skape informasjonskaos, få merksemd eller oppnå økonomisk vinning eller svindel. Falske nyheiter speler ofte på kjensler og fordommar. Når lesarar får sterke kjensler for ei sak, er det lett å bli mindre kritisk. Dette aukar sjansen for at lesarane deler saka vidare.

    I tillegg til at enkeltpersonar lagar og spreier falske nyheiter, er det òg vanleg med programvaredesign for å løfte fram falske nyheitssaker av interesse for enkelte brukarar, og med formål å spreie desse. Såkalla «bots» er program laga for å repetere ei handling igjen og igjen. Desse kan spreie falske nyheiter. Dei blir designa slik at dei ser ekte ut, og dei engasjerer brukarar på sosiale medium. Slik kan «bots» verke som ei gruppe menneske som verkeleg bryr seg om eit tema og gir mykje merksemd til saker som elles få hadde sett på.

    Unge og vaksne treng derfor å

    • kunne gjere bakgrunnssjekk av kjelder og annan informasjon
    • forstå kven som kan ønskje å spreie falske nyheiter og kvifor
    • trene på å avsløre falske nyheiter

    Medietilsynet har laga ein kviss der du kan sjekke om du klarer å avsløre falske nyheiter. 

    Filterbobla

    Kjelde: Store norske leksikon

    Har du noen gang hatt følelsen av at nettsteder du besøker eller sosiale medier du er på kjenner deg? Algoritmer på en nettside kan sortere informasjon du søker etter, basert på informasjon om deg. Det vil føre til at du i stadig økende grad vil få bekreftet synspunktene dine, mens du samtidig blir utestengt fra informasjon som ikke stemmer med dine egne oppfatninger. Den informasjonen nettsiden tror du ønsker å se og vil klikke på, kommer dermed høyest opp. Dette fenomenet kalles filterboblen. Begrepet er et bilde på at du får informasjon som passer med det du allerede mener fra før. Når du leser innhold som speiler dine egne tanker og holdninger, selger det mest annonser, gir mest klikk og flest besøk.

    Noen frykter at filterboblen gjør at du går glipp av viktig informasjon om virkeligheten, siden du slik hele tiden vil få bekreftet det du allerede mener. 

    IP-adresser

    Kvar gong du koplar deg på nett, får du tildelt ei IP-adresse. Denne adressa er unik for kvar eining (pc, mobil, skrivar), og ho kan samanliknast med eit telefonnummer. Internettleverandøren registrerer når du er kopla på, og kva IP-adresse du har fått tildelt. Dessutan registrerer nettstadene kva IP-adresser som besøkjer dei.

    Når politiet skal etterforske kven som har besøkt ein nettstad, kan dei sjekke loggane på nettstaden, og be internettleverandørane om lister over IP-adressene som er brukte på det aktuelle tidspunktet. Slik er det mogleg for dei å finne fram til kva nettsider ein person har besøkt, eller kva e-postar og meldingar personen har sendt. Sidan ei IP-adresse kan seie noko om ein bestemd person, blir ho rekna som ei personopplysning.

    Personretta reklame

    Nettsamfunn, søkjemotorar og andre nettstader lagrar opplysningar om søka og vanane dine. Dei lagrar òg informasjon dei får gjennom meldingar du sender og får i tenestene deira. Desse opplysningane blir brukte for å tilpasse reklamen du får sjå rundt om på ulike nettstader eller i sosiale medium. Du får derfor sjå andre annonsar enn det vennene dine ser.

    Reklame er svært viktig for mange verksemder, og jo meir dei veit om han eller ho som les reklamen (deg), jo betre klarer dei å skreddarsy reklamen for deg, jo meir treft føler du deg og dess større sjanse er det for at du gjer det reklamen ønskjer. Personopplysningane dine er på denne måten svært verdifulle, og private verksemder betaler gjerne for å få tak i dei.

    Sporingsteknologi

    Mange selskap lever av å kjenne brukarane sine. Jo betre dei kjenner oss, dess betre og meir tilpassa tenester kan dei lage. Det å vite korleis me beveger oss, er derfor svært verdifull kunnskap for ei rekkje selskap, og det blir nytta ulike teknologiar for å få informasjon om det.

    Dei mest kjende teknologiane for å spore bevegelsane våre på nett, er å bruke informasjonskapslar, "alltid på" (at ein held fram med å vere pålogga til ein aktivt loggar av) og "device fingerprint" (attkjenning av utstyr).

    Sporing òg i den fysiske verda

    Lenge var det berre bevegelsane våre på nett som blei registrert. Dette er no endra som ei følgje av smarttelefonane og dei andre einingane me heile tida har med oss. Mobiltelefonane gjer det mogleg å spore oss òg i den fysiske verda.

    Nokon bruker sporingsteknologi for å rekne ut køtid i rushtrafikken, eller for å berekne tid gjennom tryggingskontrollen på flyplassen. Andre kartlegg og analyserer bevegelsane til kundane i detalj i butikkar og på kjøpesenter for å auke salet eller skape betre flyt. Selskapa er svært ulike og har ulike ønske med sporinga si.

    Retten til privatliv

    Sporing og overvaking av bevegelsane dine og åtferda di kan krenkje retten til privatliv og vern av personopplysningane dine. Det er svært viktig at personvernet til kvar enkelt av oss blir vareteke. Derfor er det viktig at slik sporing ikkje skjer i det skjulte eller på ein inngripande måte.

    Kanskje godtok du sporing då du lasta ned ein app utan eigentleg å tenkje over kva det inneber? Viss du har på sporing, betyr nemleg det at alle bevegelsane dine blir logga når du har med deg mobilen. I mange samanhengar blir denne informasjonen òg seld vidare.

    Overvåkningskamera som har zooma inn på ein enkelt forbipasserande

    Avslørt av mobilen

    Kjelde: NRK

    Mobilen er med oss heile dagen – frå me vaknar til me sovnar: heime, på skulen, hos venner og på ferie. Han samlar kontinuerleg inn informasjon om kvar me er, og kva me liker.

    Nokre mobilappar ber om å få tilgang til posisjonen på mobilen. Viss me tillèt dette, kan appen samle informasjon om kvar me er. Slike data kallast posisjonsdata. Desse dataa er så verdifulle at dei har skapt ein heilt ny industri. Mange som lagar mobilappar, tener pengar på å selje posisjonsdata frå appen vidare til andre selskap (dataforhandlarar). Desse sel informasjonen vidare – til kommersielle aktørar, styresmakter og andre som er interesserte i å vite kvar folk er.

    Fleire av selskapa som sel posisjonsdata, hevdar at dataa dei sel, er anonymiserte. Dei som kjøper posisjonsdata, skal altså ikkje kunne klare å finne identiteten til mobileigaren. Men kor godt anonymiserte er eigentleg dataa som blir selde, og kor sikre kan me vere på at dei ikkje hamnar i feil hender?

    Mobilen til Karl har avslørt kvar han har vore stort sett heile døgnet. Denne informasjonen er til sals. Karl har ikkje visst nokon ting. Det gjer heller ikkje titusenvis av andre nordmenn.

    Les heile saka på nrk.no

    Illustrasjon av punkter på eit kart som sporer ein eining

    Make Lillestrøm great again?

    Kjelde: NRK

    Det finst fleire døme på manipulasjon gjennom sosiale medium for å påverke val. Programmet «Folkeopplysningen» på NRK brukte skulevalet på Lillestrøm vidaregåande skule til å teste ut ulike målretta påverknadskampanjar. Dei ville prøve å manipulere valresultatet gjennom å infiltrere det sosiale nettverket til elevane og spreie falske nyheiter. Målet var å auke talet på stemmer til Senterpartiet.

    Resultatet var ein liten auke i stemmene til Senterpartiet. Auken var langt mindre enn resultatet frå kommunevalet same år. Ein mogleg konklusjon er at manipuleringa ikkje var vellykka. Etter at programmet blei sendt, var det likevel mest merksemd knytt til metodane NRK hadde brukt. NRK blei derfor dømt i pressas faglege utval (PFU) for å ha brote god presseskikk.

    Svindla til seg pengar ved å bruke deepfake

    Kjelde: Wall Street Journal

    Ein administrerande direktør i eit britisk energiselskap blei svindla for 243 000 dollar av ei deepfake-stemme. Stemma framstilte sjefen i morselskapet, og bad om ei hasteoverføring av pengar. Forfalskinga var så overbevisande at direktøren ikkje tenkte på å sjekke det, og pengane blei overførte til den oppgitte bankkontoen.

    Direktøren blei først mistenksam då "sjefen" bad om endå ei overføring. Denne gongen ringde alarmklokkene, men det var for seint å få tilbake pengane han allereie hadde overført.

    Dyrt å få deg til å google

    Kjelde: USAs justisdepartement

    Årleg betaler Google mellom 8 og 12 milliardar dollar til Apple. Kva får dei for den prisen? Avtalen er at Google sin søkjemotor skal vere standard viss du bruker iPhone og spør Siri om å søkje på noko. Google skal òg vere standard søkjemotor i nettlesaren Safari. Det er mogleg å endre desse standardinnstillingane, men i praksis er det veldig få som endrar søkjemotor.

    Det amerikanske justisdepartementet har saksøkt Google for å tvihalde på monopolet sitt på ulike tenester på ein ulovleg måte. I saka skriv dei om avtalen Google har forhandla med Apple. Dei skriv at avtalen om Google-søk som standard er veldig verdifull.  Det vil vere svært skadeleg for Google si verksemd om selskapet mistar denne avtalen.

    Ansiktsgjenkjenning som våpen for politiet

    Appen Clearview AI bruker kunstig intelligens til ansiktsattkjenning. Milliardar av bilete som er henta frå opne profilar på sosiale medium, blir brukte i tenesta. Appen har vekt stor interesse.

    Lovas lange arm har i fleire land brukt appen i jakta på kriminelle. Ved å søkje med eit bilete av ein person kan du få treff og dermed kunne identifisere personen. Til dømes blei appen brukt etter storminga av den amerikanske kongressen i Washington DC 6. januar 2021, noko som førte til mange arrestasjonar.

    Det finst rapportar om at appen er testa ut i Noreg òg, men ikkje på systematisk vis. I Sverige har svensk politi fått 2,5 millionar kroner i bot for å bruke appen. Bruken blir rekna for eit brot på personopplysningslovgivinga i landet.

    Sjå vedtaket hos den svenske Integritetsskyddsmyndigheten (tilsvarande det norske Datatilsynet).

    Les "Norske polititilsette har oppretta brukarar hos den omstridde biletappen Clearview" på nrk.no

    Se vedtaket hos svenske Integritetsskyddsmyndigheten (tilsvarende det norske Datatilsynet)

    Jente  med streker i ansiktet som illustrerer attkjenningsteknologi

    Digitale spor og digital dømmekraft

    Digital dømmekraft er eit omgrep som ofte dukkar opp, men kva er det eigentleg, og kvifor treng me det?

    (Filmen er laga av Sølvsuper.)

    1

    Det kan vere vanskeleg å sjå for seg den store mengda opplysningar ein har gitt frå seg.

    • Lag ei liste over alle selskapa de trur har informasjon om dykk: både private (slik som bankar, appar, telefonoperatørar, treningsstudio og så vidare) og offentlege (slik som staten, kommunar, sjukehus og skular). Kor mange klarer de å finne?
    • Lag så ei tidslinje over ein gjennomsnittsdag i livet dykkar (frå de vaknar til de legg dykk), og før opp alle gongene de trur det blir registrert noko ein eller annan stad om bevegelsane og handlingane dykkar. Blir de overraska over omfanget?
    2

    Informasjon de deler på nett eller i opne grupper i dag, kan skape utfordringar for dykk i framtida. Diskuter:

    • Viss du til dømes stadig legg ut informasjon på nett om at du er glad i fart og spenning, driv ekstremsport og tek sjansar. Kven kan vere interessert i denne informasjonen seinare? Vil det vere ok om forsikringsselskapet får tilgang til denne informasjonen om deg den dagen du blir gammal nok til å kjøpe ny bil og ønskjer å forsikre han?
    • Kjem de på andre samanhengar der det ikkje er heldig om nokon les alt de har delt ope på nett?
    3

    Vel to appar de har på telefonen:

    • Prøv å finne ut kva slags informasjon om dykk eller kontaktane dykkar appane har tilgang til.
    • Kva trur de appane treng denne informasjonen til?
    4

    Hjelp kvarandre med å finne ut korleis de kan

    • slette historikken i ein nettlesar
    • slette alle mellombelse filer ("temporary internet files")
    • slette søkjeord de har brukt i søkjemotorar (slik som Google)
    • endre personverninnstillingane i nettlesaren
    • endre personverninnstillingane på eit sosialt medium der de har profil
    5

    Kvart sekund blir det gjort 40 000 søk på Google. Selskapet sjølv formidlar at treffa er objektive og sjølvstyrte.

    • Har de gjort søk som har gitt uventa treff?
    • Finst det gode grunnar til at Google skal kunne overstyre rangeringa av søkjetreff?
    • Diskuter omgrepet "filterboble". Kva konsekvensar kan ein slik funksjon der ein berre får søkjetreff som samsvarer med det du har søkt på tidlegare, ha for deg, samfunnet du lever i, og for demokratiet?
    6

    Uttrykket "målet helgar middelet" betyr at nokon bruker tvilsame metodar som dei rettferdiggjer ved at målet er ekstremt viktig å oppnå. Innanfor personvern og teknologi ser me døme på dette.

    • Kan de komme på døme på at personvernet må vike til fordel for andre mål?
    • Kor villige er de til å ofre eige personvern til fordel for eit viktigare mål?

    1

    Det er mange som ønskjer å få tak i opplysningar om deg, nettvanane og interessene dine.

    • Lag ei oversikt over kva informasjon du tykkjer det er greitt å dele, og kva du helst ønskjer å halde for deg sjølv. Kvifor har du eller har du ikkje noko du vil skjule?
    2

    Det er viktig å sjekke personverninnstillingane sine for å ha kontroll på personopplysningane sine.

    • Vel eit sosialt nettsamfunn du har profil i. Har du vore inne i personverninnstillingane og sjekka kven som kan sjå profilen din?
    • Veit du kven som har tilgang til dei ulike opplysningane dine?
    • Veit du kven som eig bileta du har der, og kven som eventuelt kan bruke dei?

    Ver kritisk! Både til kva du legg igjen av spor, men òg til det du finn på nett.

    Vil du lære meir?

    Kildekritikk handlar om å vurdere kva for informasjon du kan stole på. Tenk er skuleavdelinga til Faktisk.no. Dei har utvikla eit undervisningsopplegg om kritisk mediebruk og kildebevissthet som legg til rette for elevaktivitet og refleksjon.

    Medielabben er ein nettressurs for elevar som vil lære meir om journalistikk. Her finn du videoar som tar føre seg aktuelle problemstillingar, og du finn tekstar og oppgåver til kvart tema. Her kan du mellom anna lære meir om kva kildekritikk er og korleis du kan vurdere kvaliteten på det du les.

    Andre tema her på Dubestemmer.no

    Personvern: Kva er personvern og kva er personopplysningar? Og kvifor er det så viktig å ha kontroll over desse opplysningane?

    Sosial på nett: Sosiale medium har gitt oss moglegheit til å kommunisere med andre når og kvar me ønskjer. Med denne moglegheita følgjer det ikkje desto mindre både ansvar og utfordringar.

    Uønskte hendingar: Med sosiale medium har det blitt mogleg å dele innhald kjapt og enkelt. Men kva gjer du når det går gale? Kva gjer du viss nokon har misbruka bilete eller anna av deg eller du får meldingar med truande innhald?