Til hovedinnhold
Byt til bokmål
Byt til mellomtrinn
Byt til bokmål

Personvern

LÆRARRETTLEIING - UNGDOMSSKULE/VGS

    Personopplysningar er opplysningar som kan knytast til ein enkeltperson.

    Det betyr at til dømes namn, alder, adresse og telefonnummer er personopplysningar viss dei kan knytast berre til deg. Bilete der du kan kjenne igjen personer er òg personopplysningar, sjølv om det ikkje står eit namn til biletet. Fødselsnummeret ditt er òg ei personopplysning.

    Når du surfar på nett, blir eininga du bruker (datamaskina eller telefonen), tildelt ein unik identifikator – ei såkalla IP-adresse. Ut frå IP-adressa kan den enkelte brukaren identifiserast. Dermed blir òg IP-adresser rekna som personopplysningar.

    Kvifor undervise om personvern?

    • Elevar skal sjølv kunne bestemme kva opplysningar dei ønskjer å dele, og med kven.
    • Elevane skal reflektere over kva dei deler med kven. Det er òg viktig at dei forstår at det ikkje er tillate å dele andre sine personopplysningar utan å be om lov først.
    • Personvern er eit grunnleggjande vern av privatlivet. Elevane skal lære å ta vare på personvernet sitt.
    • Elevane skal forstå at personvern gir rett til privatliv. Elevane skal seie ifrå viss dei meiner at privatlivet deira ikkje blir respektert.

    Læreplanverket og temaet personvern

    Temaet personvern er relevant for fleire av elementa i læreplanverket. Du finn utfyllande informasjon om læreplanverket på udir.no. Læreplanvisninga har òg eit integrert planleggingsverktøy, som gjer det mogleg å hente element frå læreplanverket til planane dine. Ein dømeplan for temaet personvern for ungdomsskulen/vgs er tilgjengeleg utan innlogging. I planen får du ei oversikt over kjerneelement, tverrfaglege tema, grunnleggjande ferdigheiter og kompetansemål. Ønsker du å lage ein kopi av planen til bruk i planlegginga di, må du vere pålogga planleggingsverkøyet. Då vil du få tilgang til knappen "Kopier plan". Merk at dømeplanen ikkje nødvendigvis er uttømmande når det gjeld fag og element i læreplanane.

    I undervisning

    Progresjonen i arbeidet med dubestemmer.no er tenkt ved å følgje ei fast rekkjefølge for elevsidene:

    1. Personvern
    2. Sosial på nett
    3. Uønskte hendingar
    4. Digitale spor

    Elevsidene bruker same mal. Du kan bruke sidemenyen for enkel navigering i innhaldet. Alle elevsidene har mellom anna

    • ein introduksjonsartikkel som gir elevane ei innføring i det aktuelle temaet, og inneheld eit utdrag av dei mest aktuelle problemstillingane
    • faktaboksar i ulike variantar med relevant informasjon om temaet
    • historier frå verkelegheita som er meint å skape nærleik til aktuelle problemstillingar. Samstundes seier dei noko generelt om kva utfordringar som eksisterer
    • diskusjonsoppgåver, som er meinte å brukast i plenum
    • eigenoppgåver, som er meinte å brukast til individuelt arbeid

    Du kjem til å oppdage at elevsidene i liten grad refererer til namngitte plattformer eller merkevarer. Årsaka er todelt; digital dømmekraft er plattformuavhengig, og dermed er essensen i temaa uavhengig av teknologi. Dessutan veit vi at plattformer og merkevarer er i stadig endring. For at innhaldet ikkje skal verke utdatert, er det gjort merkevareuavhengig – så godt det lar seg gjere.

    Elevsidene inneheld ulike filmar, som er meinte å brukast som ein del av opplæringa. Du kan sjå filmane på elevsida. I denne lærarrettleiinga får du meir informasjon om filmane.

    Kva er personvern?

    Denne introduksjonsfilmen varer i nesten fire minutt. Han handlar om kva rettar kvar enkelt har knytt til personvern, og kva personvernval vi gjer. Filmen tar opp spørsmål som:

    • Kva vil det seie at noko er privat?
    • Kva konsekvensar får det når vi deler informasjon på nett?
    • Kva bestemmer foreldra dine, og kva bestemmer du?

    Konferansetimen

    Filmen varer i nesten to minutt og framstiller temaa personvern og deling på nett på ein humoristisk måte. Håvard er på konferansetime saman med foreldra sine. Læraren har søkt litt på nettet og legg fram ulike bilete og meldingar som stiller Håvard i eit dårleg lys.

    Filmen er frå 2007.

    Du har lov å seie nei

    Musikkvideo på to og eit halvt minutt som tematiserer rettar knytt til deling av personopplysningar. Syng gjerne med – dette er karaokeversjonen! Filmen finst òg utan karaoketekst.

     

    Førebuing til diskusjonsoppgåver

    På elevsida finn du ulike diskusjonsoppgåver til bruk i klassen.

    OPPGÅVE 5

    Oppgåva dreier seg om reglar for bruk av IKT-utstyr på skulen. Her er eit døme på ei deloppgåve:

    • Finn ut kva reglar som gjeld på skulen dykkar.

    Som førebuing kan det vere greitt å undersøkje korleis du finn IKT-reglementet til skulen. I denne samanhengen kan det òg vere aktuelt å snakke om kva som er ulovleg bruk, og kva som er upassande bruk.

    Forskjellen mellom upassande bruk og ulovleg bruk

    På skulen skal elevar lære om lover og reglar, og dei skal lære om passande og upassande bruk. Upassande bruk er ikkje nødvendigvis det same som ulovleg bruk. Upassande bruk kan til dømes vere å dele kompromitterande bilete av seg sjølv eller å trolle i kommentarfelt. Det bør skiljast mellom upassande og ulovleg bruk i retningslinjene til skulen. Upassande bruk blir handtert på skulen, mens ulovleg bruk bør meldast til politiet.

    Døme på aktivitetar som kan vere både upassande og ulovlege:

    • piratkopiering
    • brot på opphavsretten
    • identitetstjuveri
    • trakassering og ærekrenkingar

    Fordjup deg!

    "Eg godtek vilkåra". Tenestene vi bruker, har ofte milelange juridiske dokument som beskriv vilkåra for bruk – på eit språk vi strengt teke ikkje forstår. Korleis kan du forstå meir av vilkåra du godtek? Her er tre tips:

    I personvernerklæringa kan du mellom anna lese om kva eit samtykke er. På temasidene for elevane er òg omgrepet samtykke sentralt. Kortversjonen er at dersom nokon vil bruke eit bilde eller andre opplysningar om deg, må dei spørje om lov først.

    Det finst fleire reglar i lovverket som rammar ulovleg deling. I 2021 vart straffelova endra for å bli tydelegare i reglene om urettmessig deling av bilde, film og andre personopplysningar. I Den norske mediepodden kan du høyre advokat John Christian Elden, Hanne Andreassen frå Kripos og IT-sikkerhetskonsulent Mia Landsem drøfta kva desse endringane betyr.

    Gå til episoden "Hva slags innhold er det ulovlig å dele på nett - og hvordan forebygge at det skjer?" frå Den norske mediepodden.

    Er personvern ei privatsak?

    Vala du gjer, kan få konsekvensar for fleire enn deg sjølv – utan at det nødvendigvis er så lett å forstå. Nokre tenester du tek i bruk, ber om tilgangar eller har vilkår som gjer at du òg eksponerer informasjon om kontaktane dine.

    Cambridge Analytica-skandalen er eit mykje diskutert og omtalt døme på dette. Her er saka i korte trekk:

    • I mars 2018 blei det avslørt at dataanalyseselskapet Cambridge Analytica hadde samla inn opplysningar om millionar av brukarar på Facebook.
    • Innsamlinga blei gjort via ein app ("This Is Your Digital Life"), som blei gjort tilgjengeleg på Facebook, og som blei teke i bruk av om lag 270 000 menneske.
    • Dei som tok i bruk appen, godtok samstundes at informasjon om eigne kontaktar på Facebook blei samla inn .
    • Vel 50 millionar brukarar blei kartlagde.
    • Cambridge Analytica selde analyse av innsamla materiale til mellom anna Donald Trumps valkampstab.

    Les meir om Cambridge Analytica på wikipedia.org.

    Nasjonal digital læringsarena (ndla.no) har innhald berekna på vidaregåande opplæring. Der kan du lære meir om

    Visste du at ...?

    24 prosent av norske 9–18-åringar har delt passord for pålogging til sosiale medium med venner.

    Det viser Medietilsynets Barn og medier-undersøking frå 2020. Delen som har delt passord, aukar betydeleg med alder. 40 prosent av jenter på 17–18 år oppgir at dei har delt passord med venner. Gutar på 9–10 år er til samanlikning "flinkast i klassen". Berre fire prosent av dei oppgir å ha delt passord.

    Årsaker til deling av passord er

    • for å passe på "streaken" på Snapchat (59 prosent)
    • for å få hjelp med noko (35 prosent)
    • for å vere på den sikre sida (viss eg skulle gløyme passordet) (21 prosent)
    • for å vise at eg er ein god venn (7 prosent)

    Sjå talgrunnlag og alt om Barn og medier-undersøkinga på Medietilsynets nettstad.